Leder

Raudt må vere ærlege

Raudt ser ikkje ut til å ta ansvar for eigne standpunkt. Partiet må slutte å gøyme vekk og tilsløre om sitt Nato-syn.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

«Du kan trygt stemme Rødt om du er for Nato, noen utmeldelse står ikke på dagsordenen», sa partileiar Bjørnar Moxnes til Aftenposten etter at ei meiningsmåling viste sterk støtte til Nato blant Raudt sine veljarar.

Svaret til partileiar Moxnes er nesten parodisk, i og med at Raudt sitt partiprogram heilt klart slår fast at «Rødt vil melde Norge ut av Nato».

Eit parti må sjølvsagt få gjere sine prioriteringar blant kva i partiprogrammet som er dei viktigaste sakene, men å avlyse eigen politikk på den måten Moxnes og Raudt gjer om Nato-standpunktet verkar useriøst og uansvarleg.

Tåkepratet tok over

Det er openbert at standpunktet i Raudt sitt partiprogram og dei tåkefulle kommentarane om Nato-synet frå Raudt-leiinga, skremmer veljarane. Tåkepratet om Russland, Ukraina og Nato står i sterk kontrast til den tydelege kommunikasjonen partiet har hatt i ei rekke andre saker som har vore populære. Fram til krigen i Ukraina braut ut, fossa partiet fram på målingane. I tida etter har mykje av veksten forsvunne.

Når Raudt ikkje klarar å oppfatte at den tryggleikspolitiske situasjonen er i rask endring, og at Russland under Vladimir Putin er eit farleg regime – er det sunt at mange veljarar tenker seg om ein ekstra gong.

—  Vårt Land

Mange kjenner det openbert ikkje så trygt å stemme på eit parti som seier ein ting i partiprogrammet, men noko anna i media. Viss Raudt verkeleg ikkje vil melde Norge ut av Nato, bør partiet snarast råd gjere om på politikken sin. Meiningsmålinga i Aftenposten tyder på at partiet ville gjort lurt i det, i og med at heile 72 prosent av deira eigne veljarar støttar norsk Nato-medlemskap.

Raudt må tilpasse seg

Partiet bør òg gjere heilt klart for alle at det støttar opp om linja som fordømmer Russlands krigsbrotsverk og angrep på sivile i Ukraina, i ein krig som er eit einaste stort brot på folkeretten. I mange år har fleire partifolk i Raudt i beste fall vore uklare om Russland sine folkerettsbrot i Ukraina og på Krim-halvøya.

Mange såg på Raudt som eit friskt pust i norsk politikk, spesielt etter valet i fjor der partiet fekk inn ei stor gruppe med unge politikarar på Stortinget. Det skjedde trass i at partiet hadde ei brokete fortid knytt til synet på mange autoritære, kommunistiske diktatur.

Når partiet likevel ikkje klarar å oppfatte at den tryggleikspolitiske situasjonen er i rask endring, og at Russland under Vladimir Putin er eit farleg regime – er det sunt at mange veljarar tenker seg om ein ekstra gong.



Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder