Leder

Ikkje la dei fattigaste betale for krigen

Regjeringa lar dei mest sårbare betale for å dekke ekstra kostnadar knytt til Ukraina-krigen. Det er kortsiktig, urettferdig og uforsvarsleg.

Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

Dagens Næringsliv skriv torsdag om korleis regjeringa tar 250 millionar frå den humanitære delen av bistandsbudsjettet for å dekke kostnadane til Ukraina. Det betyr at FN og Verdsbanken får mindre pengar frå Norge, som ville gått til å hjelpe nokre av dei mest sårbare menneska på kloden.

Det er 250 millionar mindre til den humanitære bistanden som regjeringa meinte var naudsynt då dei vedtok statsbudsjettet i fjor haust. For utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim er det eit stort nederlag.

Det er eit paradoks at regjeringa ikkje klarte å finne meir pengar til å hjelpe ofra i Ukraina, samstundes som vi veit at Norge håvar inn ekstra inntekter på olje og gass grunna den same krigen og sanksjonane mot Russland

—  Vårt Land

«Fullstendig gal måte»

Det betyr også at regjeringa sin lovnad om 2 milliardar til Ukraina, i realiteten berre utgjer 1,75 milliardar kroner i ekstra lovnad. Dermed skjer det som dei fleste humanitære organisasjonane og folk i Norad frykta: Ein tar pengar frå andre trengande for å dekke krisa i Ukraina. «Det er en fullstendig gal måte å drive bistands- og utviklingspolitikk på», seier generalsekretær i Flyktninghjelpen til Bistandsaktuelt.

Frustrasjonen i bistands- og hjelpeorganisasjonane er stor. Onsdag denne veka fekk Norad instruks frå utviklingsminister Tvinnereim om å stanse alle bistandsutbetalingar i to veker. Grunngjevinga handla om at Ukraina-krigen gjer situasjonen uoversiktleg. Dagen etter, torsdag, fekk Norad kontrabeskjed om at det berre var utbetalingane til multilaterale organisasjonar som FN og Verdsbanken som skulle stanse.

Paradoks med auka inntekt

Vi veit at krigen i Ukraina vil gjere livet tøffare for fattige menneske over heile verda. Prisauken på drivstoff og matvarer får globale konsekvensar, og rammar dei som treng det mest i land som Jemen og Sør-Sudan. Situasjonen for desse vert ikkje betre av at europeiske land no rettar mykje innsats inn mot Ukraina.

Det er solidarisk av norske politikarar å stille opp for det ukrainske samfunnet, både i form av humanitær hjelp, militær bistand og hjelp til flyktningar. Det er òg forståeleg at situasjonen gjer det vanskeleg for politikarane å prioritere.

Likevel er det eit paradoks at regjeringa ikkje klarte å finne meir pengar til å hjelpe ofra i Ukraina, samstundes som vi veit at Norge håvar inn ekstra inntekter på olje og gass grunna den same krigen og sanksjonane mot Russland.

Vi kan ikkje godta at det er dei aller fattigaste som må betale for krigen i Ukraina. Regjeringa må finne pengane ein annan stad.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder