Leder

Biblioteka må vere opne møtestader

Misforstått livssynsnøytralitet må ikkje få øydelegge folkebiblioteka som ein møtestad for debatt og samtale om politikk, religion eller kontroversielle tema.

Dette er en leder. Leiaren gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innhaldet.

I helga meldte Fædrelandsvennen at ein gjeng kristne har fått beskjed om å finne seg ein ny møtestad, fordi folkebiblioteket på Vigeland i Lindesnes kommune ikkje ønsker å tillate innhald av politisk, religiøs eller kontroversiell art «utan ein nøytral møtehaldar». Den kristne gruppa har fått lov til å halde opne møter i kommunens lokaler i 31 år, men no er det altså slutt. Biblioteket i Vigeland grunngjer avgjerda med at biblioteklova seier det som skjer på biblioteket skal vere av nøytral karakter. Den lova bør dei lese minst ein gong til.

Møtestad på tvers

Folkebiblioteka er noko av det vakraste vi har i det norske samfunnet. Denne samfunnsinstitusjonen har gjennom mange år samla folk på tvers av sosiale, kulturelle, politiske og religiøse lag til kunnskapsformidling, leseglede og kulturelle påfyll. Det som gjer folkebiblioteka så viktige, er nettopp den unike posisjonen dei har som brubyggjar mellom folk som ser ulikt på livet og samfunnet.

I Lov om folkebibliotek finn vi att denne opne og inkluderande tankegangen. Der står det mellom anna at folkebiblioteka skal ha til oppgåve å fremje opplysing, utdanning og annan kulturell verksemd. Det står òg at folkebiblioteka skal vere ein uavhengig møtestad og arena for offentleg debatt og samtale.

Ei slik utvikling er alvorleg for den offentlege samtala, spesielt når den no tydelegvis har gjort sitt inntog i den frie, opne samfunnsinstitusjonen som folkebiblioteka har vore gjennom mange tiår.

—  Vårt Land

Det er ingenting i biblioteklova som seier at kristne eller andre religiøse grupper ikkje kan ha arrangement på folkebiblioteka. Viss ein skal tolke det lova seier, er det tvert om slik at folkebiblioteka skal strekke seg langt for å skape ein møtestad mellom mange grupper i lokala sine.

Vigeland bør snu

Det som skjer i Vigeland no er derfor berre trist. Det er del av ein internasjonal trend der scenenekt for grupper eller meiningar som står utanfor «det akseptable» vert ein stadig meir vanleg strategi for arrangørar og eigarar av lokale. Ei slik utvikling er alvorleg for den offentlege samtala, spesielt når den no tydelegvis har gjort sitt inntog i den frie, opne samfunnsinstitusjonen som folkebiblioteka har vore gjennom mange tiår.

Ingen bibliotek bør ta etter avgjerda gjort av folkebiblioteket i Vigeland, og Lindesnes kommune bør snarast råd gjere om si avgjerd.



Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder