Leder

Pandemien er ikkje over

KORONA: Forrige veke utsette regjeringa gjenopningsplanen for Norge. Det er grunn til å smøre seg med tolmod.

Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innholdet.

Onsdag førre veke heldt statsminister Erna Solberg og helseminister Bent Høie pressekonferanse der dei presenterte oppdaterte planar for gjenopninga av Norge. Der vart det klart at ei vurdering om vi kan gå til trinn 4 i gjenopningsplanen, først vil skje i midten av august. Grunngjevinga er at fleire europeiske land har urovekkande utvikling i smittetal på grunn av den mykje omtalte Delta-varianten av koronaviruset. Det gir spesielt grunn til uro at denne auken i smittetal skjer i land med høgare vaksinasjonsdekning enn i Norge.

Positiv prioritering

Solberg og Høie grunngjev den utsette gjenopninga med at skulestarten må få bli så normal som mogleg. Det er klokt av regjeringa å legge opp til at skulane, universiteta og høgskulane kan starte året på grønt nivå. Det er viktig prioritering etter alle restriksjonane lærarar, elevar og foreldre har måtte leve med det siste halvanna året.

Det er også positivt at barn og unge under 18 år stort sett blir unntatt plikt til smittekarantene etter 16. august.

Pandemien er ikkje heilt over endå, men situasjonen gir grunn til mykje optimisme for at kvardagslivet snart kjem tilbake.

—  Vårt Land på lederplass

Pandemien og smitten vil halde fram å vere i samfunnet vårt i lang tid framover. Bent Høie seier at samfunnet må vere førebudd på at vaksinerte blir både sjuke og døyr som følge av viruset – også framover. Helseministeren legg ei realistisk tilnærming til grunn ved å sei at regjeringa ikkje kjem til å ha ein nullvisjon knytta til smitte og risiko i samfunnet.

Stor effekt

Sjølv om pandemien ikkje er over endå, er det grunn til å gle seg over signalet frå helsedirektør Bjørn Guldvog som seier at det sit langt inne å føreslå nye tiltak nasjonalt. Det kan henge saman med dei gode erfaringane britiske styresmakter har gjort seg etter at dei oppheva alle restriksjonane 19. juli i år. I Storbritannia tyder mykje på at smittetala er over toppen, noko som styrkar trua på at vaksineringa har stor effekt.

Det er også grunn til å merke seg at Norge rykker til toppen av lista over land i verda sin evne til å handtere pandemien, på Bloomberg si koronahandterings-rangering. Vaksinedekninga, få nye dødsfall og opninga av grensene vert trekt fram som grunnane til kåringa.

Med andre ord: Pandemien er ikkje heilt over endå, men situasjonen gir grunn til mykje optimisme for at kvardagslivet snart kjem tilbake.



Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder