Leder

Oppgjeret som trengs

Ti år etter den høgreekstreme terroristens massedrap, er det på tide at vi blir einige om kva eit oppgjer med haldningane bak 22. juli, eigentleg betyr.

Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for Vårt Lands syn. Sjefredaktør og politisk redaktør har ansvar for innholdet.

Denne våren har mange av dei overlevande og pårørande etter 22. juli, fortalt om korleis terrorangrepa pregar dei. Fleire viktige bøker er utgjevne om korleis terrorangrepet ramma AUF, Arbeidarpartiet, departementstilsette, Oslo og Noreg. Ti år er særs kort tid i perspektivet om 22. juli. Det er for mange traume, for mange offer og for mykje vondskap i terroren som ramma den dagen, til at vi endå heilt har klart å arbeide oss gjennom alt.

Det går no føre seg ein debatt om vi verkeleg treng eit oppgjer med haldningane til terroristen, eller om vi bør sjå oss nøgde med at han vart dømd i ein domstol – i det systemet han prøvde å knuse.

På den eine sida hevdar fleire, mellom anna leiinga i Framstegspartiet og advokat Geir Lippestad, at oppgjeret i domstolane er det einaste oppgjeret som kan skje. Eit rop om eit grundigare oppgjer – slik mellom anna AUF etterlyser – vil berre føre til ei heksejakt på meiningar vi ikkje likar.

Dei som er så ekstreme at dei hetsar overlevande frå Utøya må stigmatiserast, isolerast og møtast med kunnskap, argument og fakta.

—  Vårt Land på leiarplass

På den andre sida er det framleis tydeleg at etterlatne og overlevande etter 22. juli, opplever å bli hetsa for det dei seier – nesten kvar gong dei ytrar seg i media. At AUF og andre med store sår etter angrepet, kjenner seg svikta av storsamfunnet, er både hjarteskjerande og forståeleg. Det er også totalt uakseptabelt for eit demokratisk samfunn å tillate ei slik utvikling, fordi den kan hemme den frie politiske debatten og deltakinga.

Det er grunn til å minne om at dei høgreekstreme haldningane og stemmene, er meir framståande i samfunnet no enn dei var for ti år sidan. PST har gjennom fleire år varsla om auka rekruttering til høgreekstreme miljø.

Det er tvingande naudsynt at heile det etablerte politiske miljøet tar eit kontant og klokkeklart oppgjer med desse haldningane. Ingen troll sprekk i lyset dersom dei vert fora og kurtisert av leiande politikarar med fast plass på Stortinget.

Vi treng eit tydeleg oppgjer med haldningane som førte til terror. 22. juli er eit bevis på at haldningar og ytringar, i ytste konsekvens leier til handlingar der uskuldige vert drepne. Vi har ikkje gjort nok for å avverje dette.

Dei som er så ekstreme at dei hetsar overlevande frå Utøya, må stigmatiserast, isolerast og møtast med kunnskap, argument og fakta.

For som Jens Stoltenberg sa i tida etter 22. juli: Endå meir demokrati, endå meir openheit, men aldri naivitet.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Leder