Leder

Norsk idrett må snakke sant om Kina

Norsk idrett må snakke sant om dei autoritære overgrepa som føregår i Kina. Ingen kan skjule seg bak unnskyldingar om at dei berre er idrettsutøvarar.

Det er under eit år til det kinesiske regimet skal få arrangere vinter-OL i Beijing. Det har vore oppsiktsvekkande lite debatt om at norske vintersportstjerner skal dra til eit av dei mest autoritære regima i verda for å konkurrere om heider og ære. Ved å delta i OL i Kina vil også norske idrettsutøvarar bidra til å «sportsvaske» det kinesiske regimet, med mindre dei snakkar høgt og sant om tilhøva for menneskerettar i Kina.

Langrennssjef Espen Bjervig seier til NRK at han jobbar med idrett og derfor ikkje har tatt stilling til dei overveldande menneskerettsovergrepa som føregår i Kina. Langrennsløparane Heidi Weng og Heidi Marie Fossesholm gøymer seg bak at dei er langrennsløparar, ikkje politikarar og derfor ikkje treng å meine noko om alt. Haldninga er nesten pinleg ignorant, men endå meir alvorleg er det at idrettsleiarane ikkje er tydelegare.

Ved å delta i OL i Kina vil også norske idrettsutøvarar bidra til å «sportsvaske» det kinesiske regimet, med mindre dei snakkar høgt og sant om tilhøva for menneskerettar i Kina.

—  Vårt Land på lederplass

Stopp sportsvaskinga

Sportsvasking er når ein stat arrangerer, sponsar eller tek eigarskap til høgprofilerte sportshendingar som til dømes når Kina arrangerer eit OL, for på den måten å leie merksemda bort frå forhold den same staten er under sterk kritikk for.

Det har vore mykje snakk om boikott av fotball-VM i Qatar. Det norske fotballandslaget har dei siste månadane bidrege til fleire markeringar for å sette fokus på menneskerettstilhøva i Qatar.

Det er ingen som har tatt til orde for boikott av vinter-OL i Kina neste år, sjølv om dei olympiske leikane arrangerast før fotball-VM. Menneskerettsorganisasjonen Amnesty International fortel at det viktigaste som kan gjerast for den elendige demokrati- og menneskerettssituasjonen i Kina, ikkje handlar om boikott, men om at alle aktørar som er del av arrangementet snakkar sant og fritt om tilhøva i Kina.

Kulturelt folkemord

Slik kan idrettsutøvarane bidra til å hindre effektiv sportsvasking av den kinesiske undertrykkinga. Særleg viktig er det at undertrykkinga av uigurane vert snakka høgt om, der over ein million menneske sit i såkalla omskuleringsleirar i Xinjiang-provinsen heilt vest i Kina. Den amerikanske utanriksministeren har gått så langt at han kallar det som skjer eit kulturelt folkemord. Kinas overgrep inkluderer ting som manglande ytringsfridom, ingen frie val og utstrakt bruk av tortur, avrettingar og fengsel for å tøyle opposisjonelle og minoritetar.

Norske idrettsorganisasjonar og idrettsutøvarar som skal delta i OL i Beijing må snakke fritt, sant og høgt om menneskerettsovergrepa i Kina dersom deltakinga ikkje skal bidra til å sportvaske det kinesiske regimet.




Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Leder