Nyheter

Privat eller offentleg?

Problema i det amerikanske helsesystemet er store. Å forby private helseforsikringar løyser lite.

Mai Lene 
Fløysvik Hæåk

Kommentator

Berre to veker etter at eg flytta til Storbritannia vart eg køyrt til sjukehus i ambulanse med anafylaktisk sjokk. Ein liten kakebit var nok til at halsen snørte seg saman og eg måtte vende meg til sidemannen, som eg enno ikkje hadde helst på, og be han ringe etter ambulanse.

Heldigvis enda det godt. ­Ambulansen kom raskt, eg fekk fleire injeksjonar med adrenalin og vart køyrt rett til sjukehus. På veg ut av ambulansen sa ein av ambulansearbeidarane: «Det blir hundre pund, takk». Og så lo han godt. For det er jo sjølvsagt ingen som må betale for å få akutt helsehjelp.

Dyr medisin

I løpet av sju år steig prisen på Epipen, injeksjons­penn med eingongs­dose adrenalin som blir brukt ved anafylaktisk sjokk, med over fem hundre prosent i USA. Kostnaden på 609 ­amerikanske ­dollar, ­eller litt over 5.600 ­norske ­kroner, kan vere skilnden ­mellom liv eller død. For fleire forsikringsselskap nektar å dekkje kostnaden av medisinen. Dermed må dei som ikkje har råd til eiga forsikring, Medicaid, omprioritere pengar til å betale for resept på medisinar i staden for andre helsetilbod.

Helsetilbodet i USA er ­mellom dei viktigaste tema i den ­demokratiske nominasjons­kampen i USA. For nokre er standpunktet til ­kandidatane sjølve lakmustesten på om han eller ho er progressive nok. Lengst til venstre er målet å ­utvide Medicare til å gjelde alle amerikanarar og å forby p­rivat helseforsikring. Forslaga frå dei meir moderate ­kandidatane handlar meir om å flikke litt på Obamacare eller utvide ­Medicare samstundes som ordninga med private helse­forsikringar held fram.

Surrealistisk

For alle oss som bur i land der ein slepp unna med ein liten eigendel, er det ­surrealistisk at i eit vestleg og rikt land kan ein ende opp med store rekningar i posten etter sjukehusopphald. Kanskje enno meir surrealistisk er det ­etter å ha opplevd helsetilbodet i ­Storbritannia kor eg enda opp med å betale ein hundrelapp, fastprisen på ein resept, etter ein alvorleg allergisk reaksjon.

Når ein tenker slik på det, er det lett å konkludere med at ­Elizabeth Warren eller Bernie Sanders burde vinne nominasjonen i USAs demokratiske parti.

Men så kjem alle dei ­vanskelege innvendingane: Det er for dyrt. Det er urealistisk. Det er for ­«sosialistisk» for USA. Folk ­­ ­burde få velje sjølv. Mange av desse argumenta er dessverre svært gode. Ja, det er truleg alt for dyrt. Og med mindre demokratane vinn fleirtal i begge kammer i Kongressen, vil partiet med stort sannsyn ikkje få støtte. I tillegg, og kanskje enno viktigare: Store reformer og omorganiseringar kan ikkje alltid fikse alt som er feil i helsevesenet.

Heime i Noreg kan me synast at den amerikanske ­debatten verkar litt rar. Men så veit me at debattar om finansiering og ­eigenbetaling truleg vil bli ­relevant hjå oss òg. Helse­politikk er eit av dei politiske felta som er aller vanskelegast, for alle veit at prioriteringar må til, men ingen har lyst til å vere dei som seier nei.

Vanskelege avgjersler

Dei største helsedebattane har dei siste åra handla om plassering av sjukehus eller kilometer­avstand til næraste føde­tilbod. Dette er viktige debattar, men det me eigentleg burde ­diskutere var kva me gjer når ­befolkninga blir eldre, men ikkje nødvendigvis friskare. Korleis handterer me at prosentdelen som ­vaksinerer barna sine går ned? Korleis skal me prioritere ­ressursane når ­teknologien til å ­behandle sjukdommar og forlenge liv blir ­stadig betre, men pengane ­allereie blir brukt andre stader? Og kven skal bestemme kor tid etikken skal setje grenser for den nye teknologien? I alle land, ­uavhengig av økonomi ­eller om systemet er offentleg eller ­privat, må ein ta slike avgjersler. Avgjersler som kanskje karakteriserer helsesystema våre langt meir enn om me har privat sjueforsikring ­eller ikkje.

Til og med i Storbritannia, kor alle kan få gratis helsehjelp ­uansett inntekt eller nasjonalitet, er det store problem. ­Ressursane strekk ikkje til. Dei som j­obbar der må nå målsetjingar sett av ­byråkratar lengre oppe i ­systemet. ­Avdelingane ­snakkar ikkje saman. Primærhelse­tenesta er underfinansiert, for å ikkje snakke om psykisk ­helse-tilbodet. Desse ­problema er ikkje eit resultat av at ­systemet er offentleg. På same måte som at ikkje alle problema i det ­amerikanske helsetilbodet er eit resultat av private sjuke­forsikringar.

Moralske dilemma

­Ingen ­område i politikken er så ­vanskelege som helse­politikken. Ressursar må setjast opp mot menneskeliv, og dei som er ­ansvarlege må stadig ta stilling til nye moralske dilemma. Sjølv om eg skulle ønskje at alle svar på problema i det amerikanske helsesystemet låg i valprogrammet til Bernie Sanders, veit eg at det ikkje er realistisk.

Det som burde diskuterast er problem og dilemma som er så mykje større enn skilnaden på offentleg og privat. Men eg kan i alle fall håpe, at ein gong vil òg amerikanske ambulanse­sjåførar le godt av at turen skulle koste noko. Sjølv om det ikkje fiksar alt.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter