Kommentar

Mumling om kjønnsroller

Det blir mumla om at likestillinga har gått for langt. På sikt er dette farleg.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Mai Lene 
Fløysvik Hæåk

Kommentator

Å vere kvinne i 2019 er betre enn nokon gong tidlegare. Dagleg får me nyte at nokon før oss har prøvd å endre synet på kva ei kvinne kan og bør gjere, om det er å gå i bukser, stå i jobb, studere eller bruke prevensjon. Berre det å kunne trekke eige bankkort og råde over eigen økonomi er noko ein kan takke kvinneforkjemparar for. Ein treng ikkje å sjå langt for å finne teikn på framgangen dei siste tiåra.

Peterson

Førebels har eg ikkje sett nokon som har argumentert mot at kvinner skal få råde over eigen økonomi fordi dei er kvinner, men likevel opplever me at spørsmåla og motstemmene kjem oftare og med sterkare tyngde enn før. Det som før var kviskring i korridorane og vage hint rundt lunsjbordet kan ein no høyre uttalt i samfunnsdebatten. For er det ikkje slik at denne likestillinga har gått for langt? Har ikkje Metoo blitt eit prov på at menn mistar rettar i kampen mot kvinner? Og er det ikkje på tide å løfte heimeverande kvinner igjen og gi dei lov til å ikkje arbeide?

I førarsetet for ein del av debatten sit den kanadiske psykologen og sjølvhjelpsforfattaren Jordan Peterson. Han har i løpet av det siste året fått stor merksemd for meiningar om kva som er typisk maskulint og kva som er typisk feminint. I eit intervju med New York Times i mai i fjor hevda han at kaos er representert av det feminine, og at det berre er slik det er. På den andre sida tek han stadig opp att at maskulinitet er under åtak. Skilnaden mellom menn og kvinner er ifølge han evige verdiar som me må oppdage. Det kan ikkje endrast.

Har eit poeng

Når kritikken haglar mot Peterson, seier ofte dei mest trufaste tilhengjarane at kritikken er retta mot setningar som blir tatt ut av samanheng, at ein må sjå alt i kontekst. I tillegg til dette er det ein heil del som seier: «Men han har jo eit poeng». At appellen blir styrka når det er ein professor som snakkar om feminitet og kaos er tydeleg, for det er langt fleire som lyttar til han enn eit nettroll som ytrar seg om kvinner og likestilling.

Det største problemet med utviklinga er at kviskringa har gått over til mumling. Fleire snakkar høgt, men det er lite tydeleg kva som blir sagt. «Jordan Peterson har eit poeng» eller «det har mindre status for kvinner å jobbe heime no» er vage utsegn som ikkje seier noko om kva dei som seier dette vil endre. For det går tydelegvis i feil retning, og nostalgien frå ei tid dei færraste av dei har levd i er til å ta og føle på. Men kva dei vil, det veit me ikkje.

Barnlause statsleiarar

Eg har fleire gonger skulda lågkyrkjelege organisasjonar for akkurat den same mumlinga. Dei klarer ikkje å seie noko fornuftig om kjønnsroller og kor skiljet mellom tenestedeling og arbeidsdeling i heimen skal gå. For kor langt ut materialiserer kjønnsskilnadar seg eigentleg? Har det berre noko å seie for kven som kan bli valt til styret, eller er desse skilja så gjennomgripande at det òg har følgjer for kvardagslivet?

Forvirringa minska ikkje akkurat av at informasjonsleiar i Norsk Luthersk Misjonssamband, Espen Ottosen, på kvinnedagen i år gjekk ut og stilte eit retorisk spørsmål: Kan det kanskje vere slik at det er ein samanheng mellom barnlause statsleiarar og den familiefiendtlege politikken som blir ført i Vest-Europa? Med familiefiendtleg såg det ut til at han meinte familiar som vel meir tradisjonelt enn kva det er lagt opp til.

I riktig retning

Skal ein sjå på Facebook–statusen til Ottosen med positive auge kan ein jo trekke ut at han ser ut til å ta til ordet for fleire kvinnelege statsleiarar med barn. På den andre sida: Idealet om eit meir tradisjonelt organisert familieliv skin gjennom det han skriv. Indirekte mumlar han om det same som mange andre menn: Fokuset på likestilling er synonymt med dårleg familiepolitikk. Dette kjem frå den mest profilerte personen frå lågkyrkjeleg samanheng i Norge.

I løpet av dei siste tiåra har utviklinga i NLM og liknande organisasjonar gått i riktig retning. Kvinner har fått stemmerett og talerett på generalforsamlingar, og det å løfte fram kvinnelege talarar ser ut til å ha blitt viktig for fleire av organisasjonane. Det store spørsmålet er om dette gir uttrykk for ei reell haldningsendring i organisasjonslivet, eller om tidlegare meiningar framleis ligg latent.

Sett i revers

Om sistnemnte er tilfellet kan den nye samfunnsdebatten omkring kjønnsroller bidra til modigare misjonsorganisasjonar. Modigare på den måten at dei tørr å gi uttrykk for eit skarpare skilje mellom kjønna enn det dei har gjort til no. Viss det er tilfellet og mumlinga i samfunnsdebatten og i organisasjonslivet blir til heiarop og klår tale, då kan kvinnekampen bli sett i revers. Dei vage spørsmåla som blir stilt i dag kan ha store konsekvensar for kvinnerettar i morgon.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar