Kongeleg gjestebod er ei viktig symbolhandling
Med trus- og livssynsgjestebodet på Slottet viste Kongeparet oss at når vi sjølve står for noko, kan vi lettare bygge bruer.
Når Kongeparet sluttar seg til Samarbeidsrådet for Tros- og livssynssamfunns arbeid og inviterer til gjestebod, er det ei viktig symbolhandling i eit Noreg i endring, meiner kulturredaktør Alf Kjetil Walgermo.
Pedersen, Terje
Det er unikt i Europa at eit kongehus inviterer til trus- og livssynsgjestebod på Slottet. Når dette kan skje nettopp her i Noreg, slik det skjedde tysdag kveld, seier det litt om Kongeparets sterke ønske om å styrke fellesskapet mellom menneska i landet vårt.
Til stades på det kongelege gjestebodet var representantar for dei 14 ulike trus- og livssynsorganisasjonane som er med i Samarbeidsrådet for Tros- og livssynssamfunn (STL), samt nokre utvalde artistar og skribentar, inkludert underteikna. Vi hadde det sjølvsagt svært så hyggeleg, i det eg vil kalle for ein nokså uformell setting med småbord og buffé. Derimot var religionsquizen – ja, for det var quiz på Slottet! – i overkant tøff. Quizfagleg sett var han lite vellukka, men fungerte derimot svært godt til å streke under følgjande poeng, slik eg tenkte det ut under fasitgjennomgangen: Vi treng framleis å lære meir om kvarandre!
LES MER: – Norske journalister dyrker egne fordommer når de dekker religionsfeltet
Bestill abonnement her
KJØP