Nyheter

IKT-satsinga i den norske skulen er eit uansvarleg eksperiment

Det kjem stadig forsking om negative verknader av digitalisert opplæring i barneskular. Men i den norske skulen er det ingen som praktiserer føre var-prinsippet.

Jon Hellesnes

Forfatter og filosof

Det skal bli meir IKT i den norske skulen. Blyant og papir er out, tastatur og skjerm er in. IKT-entusiastar vil at heile utdanningslaupet skal digitaliserast. Småbarn og ungdom skal vere online frå og med barnehagen, gjennom barne- og ungdomsskulen, gjennom vidaregåande opplæring og inn i universitets- og høgskulesystemet.

Bokfri skule

Då Trond Giske var leiar i utdanningskomiteen på Stortinget, gjorde han framlegg om at staten skulle bruke ein halv milliard per år på PC eller nettbrett slik at alle norske barn kunne ta del i den digitaliserte opplæringa. Han fekk lovord som pioner for den bokfrie skulen. Ved fleire skular har alle elevane no sin eigen PC. Der får dei presentert lærestoff og oppgåver, og der skal dei også prøve å gjere leksene sine. Men underhaldning, musikk og spel er alltid eit tastetrykk unna. Distraksjonen er permanent. Digitaliseringsminister Nikolai Astrup har tatt eit lite, men prisverdig steg. Han ønskjer å få slutt på mobilbruken i undervisningstida. Dermed blir i det minste eitt skadeleg distraksjonselement fjerna. Men sjølve IKT-satsinga står ved lag. Vi får håpe at Astrup tar eit steg til.

Ikkje føre var

Det såkalla føre-var-prinsippet («the precautionary principle») gjeld handling i ein situasjon med mangelfull kunnskap om eventuelle skadeverknader. Ein er varsam, endå om det på ingen måte er sikkert at sideverknadene ved det aktuelle tiltaket er farlege. Prinsippet har fått ei moralfilosofisk skjerping og blitt sett inn i forskings- og teknologietikken, og der står det relativt sterkt. Medan eg var medlem av «Nasjonal forskningsetisk komité for medisin» (NEM), var det ingen der som drog det i tvil.

Men korleis er det i skulesektoren? Står prinsippet sterkt der? Nei, der er det sett ut av kraft, ser det ut til. IKT-satsinga i den norske skulen har vore og er i sving i ei tid då det kjem stadig meir internasjonal forsking innanfor pedagogikk, kognitiv psykologi og nevrovitskap som dokumenterer negative verknader av digitalisert opplæring i barneskular. I Klassekampen har vitskapsjournalist Bjørn Vassnes gjort ein prisverdig innsats ved å orientere om denne forskinga.

Risiko for hjerneskade

Risikoen ved IKT-satsing i grunnskular er granska av blant andre den tyske medisinaren og nevrovitaren Manfred Spitzer. I tillegg til det vitskaplege forfattarskapet sitt har Spitzer skrive ei bestseljar-bok, Digitale Demenz (2012). Boka finst på ei rad språk, inkludert norsk. Digital demens er ein diagnostisk term som Spitzer har henta frå Sør-Korea, der skadeverknadene av storsatsinga på IKT i utdanninga har vore alvorlege. Tesen til Spitzer er at ein digitalisert barndom og oppvekst, inkludert digitalisert opplæring i skulen, fører med seg ein risiko for skade på utviklinga av hjernen og i verste fall: bortfall av kognitive funksjonar og varig invalidisering. I «beste» fall fører digitalisert opplæring til redusert læring, elles ingen skade.

På eit spørsmål i tysk TV om når i utdanningslaupet digitale hjelpemiddel bør kunne settast inn, svara Spitzer: Elevane bør vere over femten år! Han peiker også på at skiljet mellom uavhengige fagfolk, kjøpte ekspertar og seljarar er blitt uklart. Private ressursar til forsking gjer at det er vanskeleg å vite kven som er fagperson og kven som er lobbyist.

Det skjer i alle høve stadig bortforklaring av all risiko ved digitalisert opplæring. Ein kompliserande faktor for dei som driv lobbyverksemd, ligg rett nok i den utbreidde kunnskapen om at viktige ekspertar i dataindustrien i Silicon Valley sender sine eigne ungar på privatskular der dei ikkje risikerer å bli utsette for digitalisert opplæring. Skulepengane ved desse privatskulane aukar, fordi fleire rike amerikanske foreldre gjer det same som IKT-ekspertane. Dei finn det tryggast med IKT-frie skular.

LES OGSÅ: Leseforskar åtvarar mot skjermane: – Mange unge i dag slit med å fullføre ei bok på nokre 100 sider

Ingen etikk i skulen

Den filosofiske skeptisismen framhevar at det alltid finst eit rom for tvil. Vi kan ta med oss det. For argumentasjonens skuld lagar eg eit tankeeksperiment der risikoen for irreversibel skade ved digitalisert opplæring i barneskulen blir sett vesentleg lågare enn i vurderinga til Spitzer. Eg jekkar altså ned den forskingsbaserte alarmen fleire hakk. Blir problemet dermed borte? Nei, på ingen måte. Tankeeksperimentet gjer det nemleg aktuelt å samanlikne med det å forsikre seg mot brann. Risikoen er då moderat eller liten, men den eventuelle skaden er svært stor. Altså vil ein ansvarleg aktør vere føre var.

Men ikkje eingong minimumsetikk av dette slaget ligg til grunn for den norske satsinga på IKT i skulen. Det slarkar og går. Det er lenge til dei mest alvorlege skadeverknadene viser seg, minst ti år. Her i landet har vi altså gåande eit høgst usikkert eksperiment med sårbare menneske - barn og unge. Så vidt eg kjenner til, finst det ikkje eingong nokon plan B, det vil seie ei ordning med terapi og alternativ opplæring for elevar som alt no blir sjukleg avhengige av nettet.

LES MER:

Spesialist i barne- og ungdomspsykiatri: – Skolen må gi barna noe annet. Den menneskelige tilstedeværelsen må styrkes

Unge synes det er tungt og vanskelig å lese i Bibelen

Oslolærer får elevene til å lese 3700 år gamle tekster på akkadisk

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter