Nyheter

Ikkje kvinne nok

Det er viktig med etiske debattar rundt kjønnskifte og kjønnsidentitet, men ekstremismen øydelegg for ein god offentleg samtale.

Av: Mai Lene Fløysvik Hæåk

Radikale feministar som vil ekskludere transpersonar frå å kalle seg kvinner er ei gruppe som er ganske ukjent i Norge, men internasjonalt blir dei stadig meir synlege. På engelsk blir dei kalla Terfs som står for Trans-Exclusionary Radical Feminism. Dei argumenterer for at det biologiske kjønnet ein er født med aldri kan endrast på nokon som helst måte, og at det ikkje går an å «føle seg som kvinne» når ein ikkje er det biologisk.

Uforsonleg

Delar av argumentasjonen kan minne om argumenta som blir brukt i ordskiftet kring juridisk kjønnsskifte, ein tredje kjønnskategori og ­debattar om kjønns-­
identitet, men det Terfs står for er langt meir ekstremt enn ein sunn, etisk ryggmargsrefleks i møte med vanskelege debattar. Argumentasjonen er unyansert, og dei som vedkjenner seg til ideologien bak rørsla ser ut til å ha lite forståing for at transpersonar står i ein vanskeleg livssituasjon.

Debattar om kjønnsskifte, kjønnsidentitet og lover som skal regulere rettane til transpersonar, går hardt for seg. Dessverre bidreg Terfs til ein enno meir uforsonleg debatt ved å framsette lause påstandar om ymse motiv nokon måtte ha for å ville bytte kjønn. Dette har òg nådd Norge.

LES OGSÅ: Ber kirken droppe herre- og dametoalett

«Transaktivisme»

Mange av oss kjenner Kari Jaquesson frå før av, aerobicinstruktøren som dei siste åra har engasjert seg i debattar om sexkjøpslova, ­pornografi og Syria, og i det siste òg i debatten om transpersonar. Tonje Gjevjon er kanskje mindre kjent for dei fleste, men har sidan 2017 vore spaltist i Dagbladet og har delteke på Mot Dag-konferansen arrangert av steigan.no for å snakke om det ho kallar «transaktivisme».

Begge har skrive fleire kronikkar om tematikken og deler ofte artiklar på sosiale media som omhandlar korleis rettane til transpersonar går utover rettane til kvinner.

Problemet er ikkje at det er debatt kring tema som kjønnsidentitet og lovar og reglar som regulerer rettane på dette feltet. Me treng ein debatt kor ulike typar syn kjem fram. Me treng at nokon seier: «Vent no litt, er kjønnsidentitet verkeleg noko heilt anna enn biologisk kjønn?» Det er legitimt å stille spørsmål rundt prosessen for å få endra juridisk kjønn, og det må bli sagt om att og om att at det å vere jente ikkje er synonymt med å like rosa, eller at det å vere gut ikkje er synonymt med å vere bilinteressert.

LES OGSÅ: Snart kan Luca Dalen Espseth bli fullt ut mann

«Kolonialisme og okkupasjon»

Det som gjer synet til Gjevjon, Jaquesson og andre i Terf-rørsla så problematisk er at dei tillegg motstandarar meiningar dei ikkje har og inkluderer debatten om rettane til transpersonar i ein større debatt om feminisme, kvinnerettar, sexkjøp og prostitusjon.

Å vere kvinne er for dei noko eksklusivt som er atterhaldt dei som er født biologisk som kvinner. Dei ser på det som ein sårbar posisjon og at det inneber eit liv i kamp for eigne rettar. At kvinner gjennom historia har vore meir sårbare enn menn, er noko mange av oss kan vere samde i, men det er her dei trekkjer argumentasjonen endå lenger. I følge dei er det at menn skiftar kjønn til å bli kvinner ein trussel, og ­Jaquesson gjekk så langt at ho sa at «trans er kolonialisme, okkupasjon og imperialisme av kvinne og kvinners historie».

LES OGSÅ: Derfor ble jeg mann

Stråmann

Vidare er både Gjevon og Jaquesson opptekne av at jenter og gutar ikkje treng å like typisk «jentete» eller «gutete» ting for å vere biologisk jente eller gut. Dei er redde for at det å vere til dømes «gutejente» gjer at ein blir utsett for spørsmål om ein burde skifte kjønn for å passe betre inn. Det er sikkert riktig at dette førekjem, men problemet er at dei lager ein stråmann og indikerer at dette er ein konsekvens av «transaktivisme». Dei innser ikkje at dei aller fleste nokså sikkert vil vere samde i at det må vere rom for ulike interesser innanfor begge kjønn.

For oss som føler oss komfortable i den kroppen me er født, i er det vanskeleg å sjå for oss korleis ein slik situasjon er. Men eg trur at for dei det vedkjem, handlar det om langt meir enn at ein som gut liker å gå med rosa t-skjorter.

No-plattforming

Det er ­mykje som kan bli sagt om Terf-rørsla og det dei står for, men at det ­øydelegg ein god og etisk ­debatt er det ikkje vanskeleg å sjå føre seg. Den harde og unyanserte ­tonen til fleire av dei som har synspunkt som skildra ovanfor, gjer det kontroversielt å invitere dei til debatt. Dette har gjort det til ein debatt om ytringsfridom og såkalla «no-platforming», altså å utelate dei som meiner noko frå visse plattformer.

For korleis er det mogleg å diskutere med nokon som hevdar at det som for andre blir opplevd som ei stor identitetskrise,­ eigentleg berre er ein måte å svekka kvinnerettar på? Og korleis kan me få ein god etisk debatt når delar av panelet ser ut til å mangle evna til å sjå saka frå fleire sider enn si eiga?

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter