Nyheter

Gutejenter og jentegutar

Det handlar ikkje alltid om trans. Det handlar om roller som blir for tronge.

Eg vil vera gut! seier Thea (6). På SFO vil ho ikkje vera inne med jentene og perla eller laga armband. Ho tar heller på den blå skyggelua og spring ut for spela fotball eller kappspringa. Ikkje langt unna bur Nora (5). Ho likar å klatra og grava i jorda etter meitemark.

– Eg heiter ikkje Nora, eg heiter Markus! seier ho.

Me veit litt meir om transpersonar nå enn før, ikkje minst gjennom dokumentarprogram som «Født i feil kropp». Forskarane trur dette er eit aukande fenomen. I april anbefalte utgreiinga «Rett til rett kjønn – helse til alle kjønn» at samfunnet gjer det enklare å få stadfesta det kjønnet ein opplever å ha, både juridisk og medisinsk.

Kuppa barndom

Men rapporten fortel også at 70 til 90 prosent av dei barna som viser «atypisk kjønnsatferd og kjønnsuttrykk», ikkje opplever at kroppen deira har feil kjønn når dei er blitt vaksne. Statistisk er sjansen for at Thea og Nora er fødde i feil kropp nokså liten. Men dei trivst ikkje med rammene rundt livet sitt som småjenter. Nokon har kuppa barndommen. Det handlar ikkje om trans. Det handlar om roller som blir for tronge.

På den rosa sida i leikebutikkane står cupcake-leiker, disneyprinsessekjolar og uendelege variantar av pyntegreier. På den blå sida finn du sverd frå Battle Kids, superheltkostymer, monster og ninjaar. Ingen får lenger lov til å vera ein vanleg, jordnær unge i grøn genser og selebukse på veg til nærmaste klatretre.

LES MER: Amper diskusjon om transseksualisme

Skapar snevre rammer

For 50 år sidan var leikereklamane langt mindre kjønnsladde. Under halvparten av leiketøyet var reine gute- eller jenteleiker. På 1990-talet dukka gamle kjønns-stereotypiar opp igjen i fantasi-forkledning. Den vesle husmora frå 1950-talet var blitt prinsesse, skriv den amerikanske sosiologen Elizabeth Sweet i magasinet The Atlantic. Det var ikkje kundane som plutseleg byrja å spørja etter jente- og gutegreier. Å differensiera kundegrupper auka salet.

Velmeinande tradisjonalistar går fem på og byggjer opp om standardiserte, konservative kjønnsroller. Ser dei ikkje at dei skaper ultrasnevre rammer for kjønnsidentitet og nettopp difor gjer det vanskeleg for mange barn og unge å identifisera seg med sitt eige kjønn?

Følg oss på Facebook og Twitter!

For komplisert

På den andre sida står fagfolk med greie på kjønnstematikk og minst like gode intensjonar. Dei arbeider for å betra levekåra for «alle kjønn» og at flest mogleg skal finna seg til rette i identiteten, kroppen sin og samfunnet. Løysinga er fleire kategoriar for alle som opplever å falle utanfor tokjønns-systemet. Facebook har allereie innført 56 nye kjønnsbeskrivingar.

Men viss alle som føler seg bittelitt annleis enn ei prinsesse rømmer «kvinnekategorien», vil stadig færre kjenna seg heime der. Kan det tenkjast at mange nye kategoriar ikkje berre er mangfalds-vennleg ? «Hvorfor er jeg rar fordi jeg er jente som har kort hår og bruker joggebukse og guttehettegenser på skolen?» spurde ei jente på 14 år nyleg i eit lesarinnlegg i Aftenposten. Ho lurer på om ho er «trans» eller berre innbiller seg at ho er annleis.

Viss svaret berre er at «du passar openbart best i ein annan bås», har noko blitt altfor trongt og komplisert. Når det finst fleire milliardar menneske av same kjønn, burde det finnast like mange fullgode måtar å vera det på. Berre kommersielle krefter tener på tronge, einsretta kjønnsfellesskap.

I det siste har Thea snakka lite om at ho eigentleg er gut. Nå får ho spela meir fotball med gutane på skulen. Og så har ho funne ei anna jente som er like opptatt av meitemark og kappspringing som henne.

Ann Kristin van Zijp Nilsen er kommunikasjonsleiar i Areopagos og redaktør for magasinet Tørst.

Les mer om mer disse temaene:

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter