Verdidebatt

Emil André Erstad: Derfor melder eg meg ut av KrF

Min draum om KrF er borte – sannsynlegvis for godt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Emil André Erstad

Tidligere medlem av KrF og rådgiver for Knut Arild Hareide

Det å vere med i eit parti er spesielt. Det er noko med eit partimedlemskap som ikkje enkelt lar seg forklare. Det er ein relasjon som er så ulik alle dei andre relasjonane eit menneske har i livet sitt. Det fins sikkert like mange grunnar til å vere med i eit parti som det fins medlemer i partia.

Eit ekteskap

Eit partimedlemskap er på mange måtar som eit ekteskap. Ein skal elske og ære kvarandre – partiet og du. Ja, ein kan kritisere og vere ueinig, men ein skal slutte rekkene når diskusjonen er ferdig. Det handlar om lojalitet og band som ikkje skal brytast. Om fellesskap.

Partipolitikk er jo fellesskap. Det er møter som varer til langt utover kvelden, i dårleg opplyste møtelokale med folk du er sånn passe einige med i enkeltsaker og som snakkar for mykje, ei skål med twist midt på bordet og mykje pizza. Men når de forlét møtelokalet er de alle ein del av det same store prosjektet.

• LES MEIR: Hareides høgre hand melder seg ut av KrF: – Eg ser eit heilt anna KrF

Partipolitikk er det vakraste som fins

Partipolitikken kan vere så frustrerande at ein berre vil rive seg i hovudet og kaste ting i veggen, men den kan også vere noko av det vakraste som fins.

Partipolitikken kan vere ungdommar som samlast på ein gamal leirstad ei heil helg for å lære meir om fattigdom.

Partipolitikken kan vere den beskjedne jenta som entrar talarstolen for første gong og held ei tale om norsk distriktspolitikk som det gnistrar av.

Partipolitikken kan vere at tusenvis av syriske flyktningar får ein trygg stad å bu, fordi du og dei du engasjerer deg saman med, kjempa til siste slutt for å sikre det gjennomslaget.

Partipolitikken kan vere reiser gjennom Norge og til stader der du verkeleg ikkje trudde nokon kunne bu, for berre å oppdage at akkurat der fins verdas finaste vesle lokallag i partiet ditt.

Derfor er eit partimedlemskap eit så stort og alvorleg spørsmål at ein ikkje berre flaggar i tide og utide at ein melder seg inn eller ut. Det er også grunnen til at eg lot det gå så lang tid før eg melde meg ut.

• LES OGSÅ: Sentral KrF-politiker melder seg ut: «Kall meg gjerne en ureturnerbar KrF-politiker»

Eg har kjent på å vere ein raritet

Nesten heilt sidan eg melde meg inn i Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) i 2008, har eg kjent på å vere eit slags utskot, ein raritet. Folk eg har møtt utanfor KrFU, har møtt meg med eit vennleg blikk, heilt til dei har forstått at eg er med i det der kristelege «folkepartiet». Då har blikket endra seg. Nokre har blitt flakkande. Andre har sett på meg som om eg er fanden sjølv, og egga opp til oppheita diskusjonar. Nokre har blitt heilt stille. Som om eg var ein eller annan spesiell og utryddingstruga variant av arten homo sapiens.

Likevel har eg så ofte som eg har gidde – og det er faktisk ganske mange gonger – teke til å fortelje at «jo då, Kristeleg Folkeparti er kanskje eit litt gamalmodig og rart prosjekt, men du! Alt skal bli forandra. Snart».

Draumen om KrF er borte

Eg trur svært mange i dette landet kunne ha ønskt seg eit parti som avviser den naturfiendtlege og sjellause materialismen, som forsvarar menneskeverd og solidaritet, også når det går på kostnad av eiga pengebok.

KrF valde ein annan veg. KrF no er eit anna parti enn det partiet eg melde meg inn i. To saker som illustrerer dette treffande er saka om homoterapi og Gunnar Stålsett sin heroiske kamp for papirlause asylsøkarar. Leiinga i KrF valde konsekvent ei hardare og meir tydeleg linje i spørsmålet om homoterapi – der dei ein gong ikkje ville vere med på å kartlegge dei skadelege konsekvensane av slik praksis – enn i støtta til Gunnar Stålsett og Arne Viste. For meg blei det nok eit bevis på at min draum om KrF er borte – sannsynlegvis for godt.

Utmelding

KrF er full av gode folk som vil gode ting. Kjell Ingolf Ropstad eller Olaug Bollestad er ikkje unntak frå dette, tvert om. Eg kjenner dei begge som hyggelege, hardtarbeidande politikarar med vilje og idear til å skape ei betre verd. Eg innser også at eg sjølv er annleis enn då eg melde meg inn i KrF. Kanskje har vi bevegd oss i to ulike retningar, partiet mitt og eg.

Då vil eg heller bruke tida og ressursane mine andre stader. Som å jobbe for menneskerettar og demokrati i Den norske Helsingforskomité, der eg no er kommunikasjonssjef. Der får eg kjempe for mange av dei same sakene som i si tid gjorde at eg melde meg inn i KrF; ei meir rettferdig verd, meir demokrati og større respekt for menneskerettane ute i verda.

Derfor melder eg meg no ut av KrF.

LES MER OM DE MANGE KRF-UTMELDINGENE:

• Bak lukkede dører ble Ropstad konfrontert: Fikk spørsmål om KrF fortsatt er et sentrumsparti

• KrF-politiker Hilde Ekeberg melder seg ut: – Veivalget har gått utover motivasjonen

• KrF-veteraner melder seg ut i protest: – Dette kan jeg ikke lenger stå inne for

• Mange KrF-utmeldinger etter Listhaug-inntreden. Medlemsmassen er urolig, sier byrådsmedlem

• Berit Aalborg kommenterer: «MDG framstår som et godt alternativ for mange KrF-ere som ikke liker Frp»

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt