Slik blei eg fem år yngre på eitt år

KOMMENTAR: Kampen mot å bli eldre har kanskje aldri vore meir intensiv enn i dag. Klarer vi å bere alderen vår med verdigheit?

Publisert

Den seinaste tida har eg begynt å få grå hår i skjegget. Dei små hårstråa utløyser ambivalente kjensler i meg. På ei side sett er eg definitivt i ferd med å få looken til ein klok gammal vismann, eventuelt ein gammal rockar. På den andre sida kjenner eg gufset frå tidselva.

Slik er det for oss alle: Vi blir ikkje yngre. Nokre av oss ser rett nok ut til å kjempe nettopp for det.

Internasjonalt er kampen mot aldring svære greier. Nokre av dei rikaste personane i verda har involvert seg i jakta på evig jordisk liv. Å stoppe aldringsprosessar ligg i botnen for teknologiutvikling og ei rekke venleiksprodukt. Botox er berre toppen av den rynkefrie kransekaka. Vi smørjer oss ikkje med tolmod og forsoning med tida som går. Vi smørjer oss med evigheitskremar som skal halde oss unge.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP