Religion

Ekteparet Sodoma og Gomorra

Det er flautt å ikkje vita kva hovudstaden i USA er. Kvifor er det ikkje flautt å vera religiøs analfabet?

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Kommunikasjonsleder i Areopagos og redaktør for Tørst

Det er ei grense for kor lite ein kan vita før det blir pinleg. Grensa buktar seg jo, for i alle miljø veit ein meir om noko og mindre om anna. Men me forventar eit minstemål av informasjonslagring i hovudet, derfor blir det underhaldning når realitydeltakarar ikkje veit kven som er statsminister eller som trur hovudstaden i USA er Hollywood. Alt kan ikkje outsourcast til Google.

Kunnskap gir status

Å ha god oversikt over det som omgir oss gir oftast status. Det trekkjer sjeldan ned å både kunna offsidereglene i fotball, amerikansk historie og samtidig namnet på fiskane ein får på kroken. Både allmennkunnskap og meir spesialisert innsikt gjer ofte lukke sosialt. Men religiøs kunnskap blir gjerne sett på som irrelevant.

Når nordmenn unngår å snakka om tru, handlar det ikkje berre om at me er blyge og ser på det som ei privatsak. Mange kan så lite om religion, at dei ikkje har føresetnader for å snakka meiningsfullt om det. Samtalane stoppar opp, gjerne før dei kjem i gang.

Religiøs analfabetisme

Den amerikanske religionsprofessoren Stephen Prothero har lenge forska på religiøs ­analfabetisme. Han fokuserer på såkalla­ religious literacy, at folk treng religiøs «lesedugleik», altså basiskunnskap om ­religion. I det religiøse USA kan dei fleste amerikanarar ikkje svara verken Matteus, Markus, Lukas eller Johannes, viss ein spør dei om namnet på eitt evangelium i Det nye testamentet. Eit vesentleg mindre­tal trur ifølge Prothero at Sodoma og ­Gomorra var eit lukkeleg bibelsk ­ektepar.

Mange amerikanske jødar kan ikkje namnet på dei fem bøkene i Toraen. ­Religiøs analfabetisme blant dei som høyrer til eit trussamfunn er sjølvsagt eit ­religiøst problem, meiner professoren. Men det er først og fremst eit problem for heile samfunnet. Den offentlege debatten blir fordumma, når folk kan så lite om noko som speler ei så viktig rolle i milliardar av menneske sitt liv. I tillegg er det eit kulturelt problem. «Korleis kan nokon forstå Bach sin musikk, utan å kjenna den kristne tradisjonen? Eller bildekunsten til El Greco eller Andy Warhol?» spør han. Det er som å høyra ein norsk KRLE-lærar prøva å skapa entusiasme for faget.

Kvifor feirar me pinse?

Prothero har føreslått nettopp obligatorisk religionsundervisning i den offentlege skulen som eit viktig botemiddel mot den religiøse ­analfabetismen i USA. For han vil kanskje Noreg sjå ut som drøymesamfunnet, når me både har eit fag i skulen som lærer alle elevar om det religiøse mangfaldet, og ein stat som støttar trussamfunna si opp­læring av medlemmar. Men KRLE blir ikkje sett på som eit viktig fag, og med ujamne mellomrom dukkar ­debatten rundt faget opp: Kvifor skal ungar læra om overtru? Er kunnskap om religion gyldig, er det ikkje berre luft? Kvifor skal samfunnet ta ansvaret for å læra folk om religion, er ikkje det trussamfunna sitt ansvar – og noko dei bør betala for sjølv?

Heldigvis er me for lengst ferdige med den tida då konfirmasjon var ein «almindelig regel og skyldig plikt», og presten si offentlege overhøyring var skulen sin ­eksamen. Me har kanskje ikkje hamna heilt i den andre grøfta, men kunnskapsmangel om religion blir av dei fleste sett på som uproblematisk. Det er flautt å ikkje vita kva hovudstaden i USA er, men få vil skjemmast over å ikkje vita kvifor me feirar pinse. Alle lærte det på skulen ein gong, men kunnskap må brukast og oppdaterast for å gi meining når me er vaksne.

Urgammel kulturarv

Religion er idear­ og trussystem om det som går utover grensene for det me kan granska, men like fullt er det menneska sin urgamle kulturarv. Religionane består av levande samtidsmenneske som praktiserer det dei trur på – i varierande grad, synleg eller usynleg for omverda. Derfor er det like viktig å ha kunnskap om religion som alt anna som omgir oss. Den ikkje spesielt religiøse nederlandske diktaren Jules A. Deelder sa det så enkelt: «Mennesket sin omgjevnad er medmennesket».

LES OGSÅ:

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion