Bøker

Dag Solstad på topp

Dag Solstad er som Manchester United i sine glansdagar. Han skårar stadig nye mål på overtid.

Forfattaren Dag Solstad sluttar aldri å forundre meg. Korleis kan ein så stotrande mann skrive noko av Noregs mest presise litteratur? Solstad snakkar nesten aldri i heile setningar. Men kvar gong han er ute med ei ny bok, forsterkar han posisjonen sin som ein av dei viktigaste forfattarane vi har. Mange vil endåtil seie den fremste.

Det er posisjonen fremst i feltet Solstad beherskar på så elegant vis, ikkje ved å buste til håret sitt, som Arne Berggren har kritisert han for, men ved å overraske og skape debatt. Solstad fyller alle kanalar. Det er berre Karl Ove Knausgård som overgår han.

LES OGSÅ:Solstad-biografi får kritikerprisen

Sett av utlandet

No har også utlandet begynt å oppdage Solstad. Forfattaren Haruki Murakami har omsett han til japansk, og i USA sit Lydia Davis og har lært seg norsk ved å lese Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591 – 1896. Solstad sjølv tuslar tilsynelatande likegyldig rundt i denne tiltakande internasjonale interessa. Det er i Noreg han har sitt forfattarvirke, på norsk. Mens ryktet går blant den internasjonale litteratureliten: Ja, Knausgaard er god, men har du lese Solstad?

LES OGSÅ: Tjukke slekta frå Dag Solstad

Liknar Beatles

Det siste nye på den internasjonale Solstad-fronten er ein artikkel i det toneangivande tidsskriftet The Paris Review, der artikkelforfattaren samanliknar Solstad med John Lennon i The Beatles – den eksperimentelle idémannen. Per Petterson blir i same slengen samanlikna med Ringo Starr (den solide og pålitelege), mens Karl Ove Knausgård er Paul McCartney (den søte) og Jon Fosse er George Harrison (den stille, mystiske og spirituelle).

Men Solstad er altså Lennon – frontfiguren. Mytebygginga går praktisk talt av seg sjølv om dagen, mens Solstad sjølv koketterer med at forfattarskapet hans vart avslutta med romanen T. Singer frå 1999. Alle romanar etter dette er såkalla «unntaksromanar», meiner han. Alt han skriv, er unntak – på overtid.

LES OGSÅ: Dag Solstad om liv, litteratur og Guds eksistens

Høgdepunkt

Romanane Solstad har gitt ut på 2000-talet, er blant høgdepunkta i nyare norsk litteratur. I 16.07.41 (2002) ser den sjølvbiografiske forteljaren far sin skyene, i tillegg til Guds trone! Med Arman V. Fotnoter til en uutgravd roman (2006) fornya Solstad romansjangeren og blei meldt i Morgenbladet av Jonas Gahr Støre. Med 17. roman (2009) skriv han inn spørsmålet om Gud i hovudpersonen Bjørn Hansens tilvere, og tek det moderne, religiøst søkande mennesket på kornet. Og med den eksistensielle slektsromanen Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591 – 1896 (2013) utløyste han ein av dei største litteraturdebattane på lang tid.

LES OGSÅ: Forfatter Solstad feires

Kosteleg forsvar

Når Solstad i dag kjem ut med si nye bok, Artikler 2005-2014, er det ei påminning om nokre av debattane han har stått i det siste tiåret. Teksten han skreiv om mottakinga av Det uoppløselige episke element i Telemark i perioden 1591 – 1896, trykt med tittelen «Svanesang», er kosteleg. Forfattarar kjenner ofte på behovet for å ta til motmæle mot kritikarane, men berre eit fåtal går til det skrittet å faktisk gjere det. Tore Renberg slo så hardt han kunne attende mot Morgenbladets kritikar, med ein viss risiko for å gjere seg sjølv til latter. Når Solstad fyrer laus mot Aftenposten, som gav romanen negativ kritikk, er det nesten umogleg å ikkje humre over den infantile og på same tid reflekterte indignasjonen hans.

Provoserer

Essayet om ytringsfridom, som først vart trykt i tidsskriftet Samtiden, er blant dei andre artiklane som har fått mest merksemd. Her skriv Solstad om det problematiske ved at ytringsfridom blir dyrka som ein heilag idé. Ja, Solstad provoserer ertelystent når han seier at ytringsfridomen ikkje er umisteleg, og at han sjølv stiller seg heilt likegyldig til han. Det paradoksale ved denne utsegna til ein av Noregs fremste forfattarar er eit effektivt agn, og vi forstår raskt at Solstad har meir å seie om ytringsfridom enn det likegyldige.

Verdt å lese er også refleksjonane rundt innføringa av omgrepet «Gud» i romanen Professor Andersens natt frå 1996.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Framleis på topp

Alt dette har Dag Solstad skrive etter «avsluttinga» av forfattarskapet (ein annan parallell til Knausgård). Forfattaren spøker med sin eigen alder, men har framleis ting å melde. Solstad er som Manchester United i glansdagane under Alex Ferguson. Han er best, og skårar stadig nye mål på overtid.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker