Mange heiv seg på hylekoret mot KrFs mange kontroversielle vedtak under landsmøtet nyleg. Til dømes var det lett for mange å vise motstand mot vedtaket om å forby Pride-flagg på norske skular. Men, som Danby Choi og Kristin Clemet begge var inne på, kunne det kanskje vere at KrF trefte nokon med sin nye strategi.
Som Clemet skreiv på si offentlege Facebook-side, er ikkje KrFs mål å bli eit stort parti eller bli likt i breie lag av det norske folk. Målet er å komme seg over fire prosent. Choi hevda i eiga avis at Høgre blei sjalu på KrF etter landsmøtet, fordi «dette er KrF på sitt beste».
Nytt og skarpare KrF
Pride-flagg-forslaget, og fleire av dei andre kontroversielle forslaga som vart vedtekne på KrFs landsmøte, kom frå ungdomspartiet KrFU. Ungdomspartileiar Hadle Rasmus Bjuland hadde all grunn til å smile etter landsmøteslutt, då han kunne innkassere den eine sigeren etter den andre.
Partileiinga ser også ut til å inneha eit rådgjevarkorps som i liten grad klarar å teikne eller lese KrF-kartet
Fleire av forslaga sette ein ny retning for KrFs politikk på mange felt, som til dømes forslaget om obligatoriske holocaustreiser for alle norske ungdomsskuleelevar. Kampen mot antisemittisme er også ein kamuflert form for innvandrings- og integreringspolitikk. Her prøvar KrF klart å ta opp kampen mot Framstegspartiet. Noko av den same retninga viste partiet då dei vedtok å kutte fedrekvoten i foreldrepermisjonsordninga.
I det heile tatt var mange av vedtaka på KrFs landsmøte så kontroversielle og tøffe, at mange sette kaffien i sperregrensestrupen då fasiten etter landsmøtet var klar.
Lunken respons frå veljarane
Tysdag kveld kom den første og foreløpige dommen frå veljarane, i Vårt Land, NRK og Dagbladets siste meiningsmåling: 2,3 prosent av veljarane seier dei vil stemme på Kristeleg Folkeparti. Partiet går nesten eit heilt prosentpoeng tilbake, og fleirtalet av dei tapte veljarane set seg på gjerdet. Bak seg kan Dag Inge Ulstein høyre pustinga og pesinga frå partiet Konservativt, som noterer 1,5 prosent i målinga.
Med andre ord: KrFs strategi gikk ikkje heim hos veljarane ved første augekast. Strategien om å ikkje bli likt av alle – den KrFU-initierte strategien – treng enten meir tid for å feste seg, eller så er den ikkje rett strategi.
Vi skal likevel ikkje utelukke at den kan ha effekt, slik både Choi og Clemet hevdar.
Så er spørsmålet: Kvifor var det KrFU som pressa fram ein tøffare strategi på KrF-landsmøtet?
Svaret ligg i at ingen av dei leiande organa i partiet klarte å formulere noko anna enn det partiet har tapt val etter val på dei siste tiåra. Verken stortingsgruppa, landskontoret, sentralstyret eller landsstyret klarte å presentere ein truverdig strategi som skulle gjere noko anna enn det som allereie har feila i så mange val på rad.
I andre parti legg sentraladministrasjonen opp til god og sunn usemje på landsmøta. Fløyane er ofte tydelege, fleire fløyar får medieomtale og slik fangar desse sakene merksemda til delegasjonane og deira bakland.
I KrF mislukkast partiets sentrale apparat med dette på årets landsmøte.
Det handla rett og slett om at ingen av dei turde. Men det gjorde KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland.
Modige KrFU
Dersom vi ser bort frå usemje om innhaldet i politikken om Pride og forbod mot flagg, er det meir imponerande korleis korleis ungdomspartiets nestleiar Constanse Borge har forsvart fleire kontroversielle KrF-vedtak i offentlegheita dei siste vekene.
Ho har vore ganske åleine, og tatt imot store mengder med hets i sosiale medium. Det motet Borge har vist, har KrF mangla. Bjuland har dei åra han har leia KrFU hatt same strategi. For å komme gjennom lydmuren må nokon mislike deg. Det må eit politisk parti tole. KrFU under Bjuland har hatt brodd, noko å bringe til torgs og skapt debatt både internt og utanfor partiet.
KrFU gav landsmøtet i KrF høve til å gutse, satse og velje noko anna enn dei trygge og årvisse repetisjonane. Det er KrFs tragedie at ingen vaksne tok initiativ til ein meir gjennomarbeidd og solid retning før det var for seint
Det står i kontrast til Dag Inge Ulstein og partiets sentrale miljø som lenge såg ut til å ville gå til val på nesten same partiprogram som førte dei under sperregrensa i 2021. Det viser ei urokkeleg tru på at å gjere same feilen om att og om att på magisk vis skal resultere i eit nytt resultat.
KrFs problem er mange, men eit av dei kanskje tydelegaste problema er at dei som på fulltid forvaltar partiets politikk på Stortinget og landskontoret, i liten grad har klart å ta store nok grep. Partiet har for lenge vegra seg for å gjere noko brått, radikalt eller upopulært.
Det var eigentleg det same som skjedde då partiet hausten 2018 stemte ned Knut Arild Hareides plan om å lage regjering med Jonas Gahr Støre og Arbeidarpartiet.
KrF allergisk mot å velje tydeleg
I ettertid kunne partiet gått hardare til verks på den strategien og retninga som Kjell Ingolf Ropstad tilbaud. I staden vart det berre meir sentrumsekstremisme, meir ulne formuleringar om familiepolitikk og nesten ingen konflikt. KrF har i liten grad klart å bryte lydmuren.
Det ansvaret ligg på partileiinga, men det ligg også på dei som har til jobb å formulere ny politikk og nye idear. Partileiinga ser også ut til å inneha eit rådgjevarkorps som i liten grad klarar å teikne eller lese KrF-kartet. I staden ser dei ut til å vere opptekne med å plagiere Tom Hollands bok Dominion, i eit langt og strabasiøst representantforslag i Stortinget som eigentleg berre munna ut i eit forslag om å oppjustere kristendomsdelen av KRLE-faget med nokre timar i året.
Det er som om det berre finst eit hakk i KrF-plata som har spelt på repeat i årevis.
KrFU gav landsmøtet i KrF høve til å gutse, satse og velje noko anna enn dei trygge og årvisse repetisjonane. Problemet med KrFUs forslag var at dei litt for mykje ber preg av å vere heimesnekra, litt for opprørske og standpunkt skotne frå hofta. Likevel var det ungdommen som las landsmøtet og partilandskapet best. Det er KrFs tragedie at det sentrale apparat ikkje betre er i stand til å ta initiativ til ein meir gjennomarbeidd og solid retning før det var for seint.