Kommentar

Populismens pris

Ein del av Trygve Slagsvold Vedums arv er at han forvandla maktpartiet sitt til eit markeringsparti. Han fall for eige grep.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Før jul snakka eg med kjelder i Senterpartiet som hadde strategiar klare for korleis partiet skulle handtere ein eventuell Støre-exit. Lite visste desse kjeldene at dei sjølv skulle kjenne seg pressa ut av regjering før januar av omme.

Sanninga er at dei pressa seg sjølv ut. Senterpartiet sit att med same svarte-per på handa, som KrF gjorde etter sitt Tønsberg-vedtak om abort i 1981: Eit parti som teiknar raude grenser i sanda mellom seg og makta. Slagordet til Senterpartiet er «nær folk». Dei kan etter denne veka legge til «fjernt frå makt».

Den eigentlege grunnen til at det skjedde, er å finne lenger bak i Trygve Slagsvold Vedums leiarskap.

For Senterpartiet kunne på eit langt tidlegare tidspunkt ha vald ein annan strategi og kommunikasjon i møte med dei tre delane av EUs fjerde energimarknadspakke: Fornybardirektivet, Energieffektiviseringsdirektivet og Bygningsdirektivet. Ingen av dei handlar om den norske straumprisen.

Problemet var ikkje direktiva

Det har blitt ei slags sanning at Senterpartiet ikkje kunne leve med å innføre desse tre direktiva i norsk lovgjeving, trass i at fleire av dei allereie er delvis innført. Fornybardirektivet krev til dømes at minst 32 prosent av energiforbruket i EU skal vere fornybart innan 2030. I Norge er denne delen allereie på over 50.

Senterpartiets avgjerd handlar derfor lite om innhaldet i desse direktiva, men meir om kommunikasjonen til Vedum dei siste åra.

Maktpartiet Senterpartiet skal altså inn i ein valkamp der dei ikkje har eit godt svar på kva makt dei skal søke

Det er her vi må tilbake til Trygve Slagsvold Vedums tidlege leiarskap av Senterpartiet, der han stod på scena til branntomta av eit politisk parti under det ekstraordinære landsmøtet i 2014. Der stod han og vifta med ein kaffikopp, og sa at alle i partiet burde slutte å krangle internt. Det trongs mykje koffein i partiet etter Liv Signe Navarsetes turbulente avskjed og den opprivande nestleiarkampen mellom Anne Beathe Tvinnereim og Ola Borten Moe.

Det er ikkje mogleg å seie noko anna enn at kaffekoppstrategien var ein suksess.

Men ein annan viktig del av Vedums arv som partileiar, er den harde populismen og dei altfor enkle svara partiet har stått for i nesten heile same periode.

Motkultur og venstrepopulisme

Alle politikarar nyttar populisme som verkemiddel i ein eller annan grad. Det har vore debattert kor vidt Senterpartiets linje har vore populisme, eller om det berre har vore uttrykk for klassisk motkulturpolitikk – eller om det er to sider av same sak. Det er uansett mange stader å lande på skalaen mellom Sylvi Listhaug og Jonas Gahr Støre.

Ein av dei mest påfallande delane av Vedums leiarskap i Senterpartiet, var at han flytta partiets retorikk på denne skalaen mange hakk i retning Listhaug og Frp. Spesielt påfallande har det vore i innvandringspolitikken, der Senterpartiet dei siste åra har stramma grepet veldig.

Den Senterparti-populismen hadde enkle svar på kompliserte spørsmål – akkurat slik Vedum og Sp har møtt dei tre fatale EU-direktiva. Meir kompliserte svar kunne redda Senterpartiets regjeringsprosjekt.

I 1990 hadde murane falle. I 2025 er dei under bygging

Dei enkle svara gav partiet makt, posisjonar og utteljing. Alle vala i Vedums leiartid har vore relativt gode, men dei 28 representantane partiet fekk inn i 2021 var sjølve krona på verket.

Problemet med den forma for lettvint kommunikasjon som Vedum tok i bruk som partileiar, er at den på eit eller anna tidspunkt vil kollidere i møte med den langt meir kompliserte verkelegheita. Det fekk Vedum kjenne på som finansminister, der enkle, korte svar ganske raskt vart erstatta av fleire atterhald og rundare formuleringar. Plutseleg var det ikkje så enkelt med desse avgiftene likevel.

Malt seg opp i eit hjørne

For det er liten tvil om at Trygve Slagsvold Vedum som alle andre med innsikt i dei tre direktiva, forstår at verken Fornybardirektivet, Energieffektiviseringsdirektivet og Bygningsdirektivet vil påverke straumprisen på nokon som helst måte. Problemet er berre at han har kommunisert og sagt det så lenge at både partiorganisasjonen og veljarane trur på det.

Slik var den lettvinte og harde populismen med på å male han og partiet opp i eit hjørne.

Internt i Senterpartiet legg fleire vekt på at exiten frå regjeringa var einaste moglegheit, og at det vil gje dei høve til å reindyrke profilen.

Men Senterpartiets viktigaste profil, framfor noko, har vore at partiet alltid har søkt makt. Alltid nær folk og nær makt. Denne veka desentraliserte dei seg sjølv ut av maktas korridorar. Det å tigge etter fleirtal for representantforslag i stortingssalen kan ikkje måle seg med å ha handa på rattet i Finansdepartementet. Ingen veit det betre enn Vedum.

Kjelder i Senterpartiet snakkar om at utgangen frå regjeringa minner om då partiet braut ut av Syse-regjeringa i 1990. Mantraet er at EU-spørsmål har den sprengkraften i både Senterpartiet og norsk politikk. Den gongen gav det partiet eit oppsving og betre oppslutning.

Samanlikning med 1990 haltar

Å samanlikne situasjonen for norsk og europeisk utanrikspolitikk i dag, med situasjonen etter Berlinmurens fall, er i beste fall malplassert.

Den gongen kunne vi sjølv velje vårt forhold til EU med gode kort på handa. I ein eventuell tollkrig mellom USA og EU vil Norge stå sårbare på utsida.

I 1990 hadde murane falle. I 2025 er dei under bygging.

I dei siste dagane av januar 2025 ser statsminister Støre ut til å ha lært av sin nære politiske allierte

Dessutan er det vanskeleg å samanlikne fornuftsekteskapet mellom Høgre, KrF og Senterpartiet i Syse-regjeringa, med det kjærleiksekteskapet Støre og Vedum inngjekk på Hurdal. Det var få som snakka om noko Lysebu-ånd i 1989 eller 1990, like mykje som Støre, Vedum og deira partifellar har snakka om den berømte Hurdalsånden.

Faktisk liknar Senterpartiets grep meir på det som skjedde på KrFs landsmøte i Tønsberg i 1981. Den gongen vedtok partiet at dei ikkje kunne gå i ei regjering som måtte administrere den norske abortlova. Senterpartiets haldning til dei tre EU-direktiva liknar. For det er ingen grunn til å tru at partiet på noko tidspunkt vil kunne samarbeide med Høgre eller Arbeidarpartiet utan å inngå kompromiss i slike spørsmål.

Støre må ha lært på Hurdal

Den smilande Vedum kunne paradere inn til valsiger i 2021 med stort glis og rullande lattersalvar. Litt av grunnen til det var at han fekk det akkurat som han ville. Uansett kva spørsmål han fekk, var Vedums svar i 2021 at han og Senterpartiet ønska ei Ap/Sp-basert-regjering.

Maktpartiet Senterpartiet skal altså inn i ein valkamp der dei ikkje har eit godt svar på kva makt dei skal søke. Trugslane om å forvandle seg til eit borgarleg parti, er lite realistiske. Ønskedraumen om samarbeid med Arbeidarpartiet, viste seg umogleg å kombinere med ein altfor populistisk retorikk som det var umogleg å innfri.

På Hurdal var det Vedum lukkast med sin machiavelliske strategi.

I dei siste dagane av januar 2025 ser statsminister Støre ut til å ha lært av sin nære politiske allierte.

Trygve Slagsvold Vedum må dei neste månadane betale populismens pris.



Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar