Kommentar

Kvifor vil ikkje superstjernene synge for Trump?

Det er ok med ein president som bombar andre land. Men ein usmakeleg president blir for mykje. Berre spør superstjernene i USA.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det var skrale greier da Trump ble innsatt som president for andre gong på mandag.

Artistane som spelte og song for den mektigaste mannen i verda, er verken blant dei mest solgte eller mest roste. Det er vel temmeleg ukontroversielt å seie at dei som opptrådte, var der av ein einaste grunn: Dette var det Trumps team greidde å skrape saman.

Alle dei andre sa enten nei, eller dei har vore så uttalte i sin kritikk av presidenten at dei ikkje kunne bli spurt.

Uansett var det ingen Bruce Springsteen eller Beyoncé, ingen Kendrick Lamar eller Taylor Swift. I staden fekk vi Kid Rock, Jason Aldean, Carrie Underwood og ein del andre artistar som vel, ja, dei høyrer ikkje akkurat heime på nokon A-liste.

Smått utruleg, spesielt om vi samanliknar med artistene som opptrådde da Barack Obama vart innsatt som president i 2009. Der fant vi alt frå Garth Brooks til Shakira, frå nemnte Beyoncé til U2.

Artistane vi bryr oss om, står oss nær. Og vi brukar artistane til å vise omverda kven vi er

Ein president for alle

Sjølv om eg forstår kvifor det er slik, er det samtidig litt teit.

Det er ikkje vanskeleg å sjå kva mange artistar tenkjer: Du må tole mykje kritikk og dårleg merkevarebygging om du dreg signatursongen din framfor president Donald Trump.

Og det er også god grunn til å tru at dei fleste av dei største artistane politisk står langt til sida for den nye presidenten.

Men Donald Trump vart lovleg valt. Han er presidenten i USA. Det betyr at han ikkje berre er presidenten til Kid Rock. Trump er også presidenten til Beyonce og Bruce Springsteen.

Bomber for Obama

Sjølvsagt er det lov å vere ueinig med den som styrer landet ditt. Det er også lov å mislike, ja, beint fram ikkje tole trynet på nasjonens leiar. Nokre gongar kan ein ha dårlege grunnar til det («Trump bruker bruningskrem!»). Andre gongar kan ein ha gode grunnar («Trump hatar kvinner!»).

Men den sterke motstanden mange artistar har mot å opptre for Trump, står i sterk kontrast til kven andre dei ikkje distanserer seg ifrå. Sjølv om dei no støttar Ukraina, opptrådde Paul McCartney for Putin i Moskva i 2003, og Leonardo DiCaprio møtte Putin i 2010 for å diskutere vern av den sibirske tigeren. Allereie da burde dei vite kva Putin stod for.

Lista over kjendiser som har stilt opp for folk vi ikkje sett så stor pris på, er temmeleg lang.

Samtidig fanst det nok gode grunnar for å seie nei til å opptre for Barack Obama også. Som president var han ansvarleg for bombing i Afghanistan, Pakistan, Libya, Yemen, Somalia, Irak, og Syria. Sjølv om du skulle vere einig i at Obama og USA hadde gode grunnar til å bombe alle desse landa, og at det var presisjonsbombing, var kanskje ikkje med den beste magekjensla dei sang for ein krigsnasjon.

Uansett vil eg tru at ein politisk engasjert artist som er villig til å seie nei til å opptre for presidenten sin, også må ha tenkt seg godt om før dei sang for Obama.

Kven blir dei første superstjernene som snur og hyller presidenten?

Trump er dårleg merkevare

Likevel er det først no, med Trump, at motstanden mot å opptre for presidenten blir påfallande tydeleg.

Men likevel. Kom igjen. Du treng ikkje støtte Raudt eller vere tidlegare medlem av AKP-ml for å sjå at så å seie alle amerikanske presidentar er ansvarleg for kjipe ting. Derfor er det truleg høgst andre grunnar til kvifor det er akkurat Donald Trump dei store stjernane i USA no held seg borte frå.

Og eg trur ikkje det har så mykje med samvit å gjere.

Mest truleg handlar det om merkevarebygging.

Artistane vi elskar

For vi vil at artistane og stjernene våre skal vere som oss. Ikkje heilt som oss, dei er jo tross alt superstjerner. Men dei skal ha omtrent dei same verdiane. Ellers blir det for vanskeleg for oss å lytte på dei. Det er ikkje lenger så enkelt å seie kor latterleg gode songar Michael Jackson har, no som skuldingane om overgrep mot barn har blitt så mange. Og å lytte til Kanye West eller Marilyn Manson er også ei tøff oppgåve etter diverse horrible utsagn og overgrepsanklager.

Og så er det artistar som alltid splittar oss. Sjølv om eg er fan, har eg i mange år slitt med å høyre på U2, for kvar gong eg les eller høyrer Bono seie noko, vrenger det seg inni meg. Men for andre er han eit forbilde.

Artistane vi bryr oss om, står oss nær. Og vi brukar artistane til å vise omverda kven vi er. Kva vi lyttar til, seier noko om kven vi ønskjer å vere.

Og både artistane og apparatet rundt dei, veit dette. Det gjer at artistar alltid balanserer på ei tynn line når dei gjer noko som kan tolkast som eit politisk standpunkt. Meir enn å utrette noko politisk, ønskjer artistar å gjere det som tener dei som utøvarar. Og da handlar det om å treffe den politiske basen som fansen kjem ifrå, og å ikkje støte nokon frå seg.

Kven blir førstemann til å hylle Trump?

Det fører oss tilbake til den skrale og slette lista av artistar som opptrådte på innsettinga av Trump på mandag. Trass i at han har vunne eit demokratisk val i USA for andre gong, er ikkje Trump ein president som artistane ser seg tent med å stå ved sida av.

Men det kan fort snu. Kanskje mange vil stille seg spørsmålet: Kva skal til for at det vil skje?

Like artig er det å stille seg spørsmålet: Kven blir dei første superstjernene som snur og hyller presidenten?

Ikkje bli overraska om vi får svaret på det i løpet av det neste året.

For mykje kan skje når det plutseleg lønner seg å vere ein venn av Trump. Berre spør Elon Musk.

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar