Det er som om vi ikkje fullt ut har forstått kor mykje makt som er i hendene på ansiktslause og namnlause personar inni dei store bygningane til teknologiselskap. Mange av dei er selskap vi ikkje eingong veit namnet på. Elles ville vi neppe ha registrert oss som brukarar og gitt dei makt til å endre våre barns liv og samfunna vi lever i, for alltid.
Meta, Snapchat og Google er berre ein liten del av alt det i vår tid som er utanfor vår kontroll, men som i høgste grad pregar liva våre. I den politiske situasjonen er det påfallande kor lite av det som skjer rundt oss, vi har makt til å endre på. Kronekursen, krigane i Ukraina og Midtausten, den kommande handelskrigen i verda og straumprisane er døme på alt det vi ikkje klarar å kontrollere. Og dei vi har gitt makt til å representere oss, viser meir avmakt enn handlekraft overfor dei store utfordringane.
Tjue sekund
Fleire av vår tids politiske utfordringar er som kafkaprosessar vi alle er ein del av.
Aps kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun er ein av politikarane som endå ikkje har lagt seg ned for teljing etter nevekamp mot megatrendane. Det viste ho tydeleg i eit møte onsdag 11. desember, der ho og digitaliseringsminister Karianne Tung møtte representantar frå Meta, Snapchat, TikTok og Google. Etter fleire førebudde innlegg av begge ministrane og innlegg frå teknologiselskapa, mista Nessa Nordtun tolmodet. Ho opplevde rett og slett at dei fire internettgigantane ikkje snakka sant. Dei tok ikkje på alvor ansvaret for å skjerme born og unge frå skadeleg innhald på plattformene sine.
Kunnskapsministerens utbrot er eit sårt sakna oppgjer med den maktesløysa som har prega vår tids politikarar
Midt i den spontane, skarpe og emosjonelle tiraden, tok ein av deltakarane i møtet opp telefonen og filma siste del av ministerens utbrot. «Dette er ein kamp foreldra står i kvar dag. Det er ein kamp dei kjem til å tape. Så vi må hjelpe dei. Vi må hjelpe foreldra», sa ho hamra poenga inn med peikefingeren i bordplata. Så retta ho – bokstaveleg tala – peikefingeren mot Meta, Google, Snapchat og TikTok, og sa: «Og vi treng at de tar dykkar ansvar – og at de følger lova!» Det vara ikkje i meir enn tjue sekund.
Ironisk nok vart klippet publisert på TikTok og har gått viralt verda rundt. Til og med stjerneforskaren på temaet, den amerikanske åtferdspsykologen Jonathan Haidt, har takka Nessa Nordtun. I videoklippet kan vi høyre korleis også representantane frå teknologiselskapa mumlar at dei er samde med ministeren. Etter møtet har både Meta og Google bede om oppfølgingsmøte – som teikn på at dei tok signala på alvor.
Det bør dei. Nessa Nordtuns signal er i tråd med dei teknologiselskapa har fått også frå liknande hald i land som Storbritannia og Nederland. Tida med uregulerte sosiale medium er kanskje forbi.
Folkepartias fall
Kunnskapsministerens utbrot er eit sårt sakna oppgjer med den maktesløysa som har prega vår tids politikarar.
I boka De moderate folkepartienes fall i Europa (2023) skildra idéhistorikaren og den tidlegare Ap-strategen Tarjei Skirbekk korleis både sosialdemokratiske og konservative parti over heile kontinentet kollapsa i møte med dei nye utfordringane. Boka skildrar korleis det var kompromissa mellom desse partia som lenge var Europas suksessformel.
Derfor var videoen av Nessa Nordtun tjue sekunds sosialdemokratisk magi. Det var eit tjue sekunds glimt av eit folkeparti som ikkje har gitt opp
I den oppdaterte utgåva av boka som kom i haust, skriv Skirbekk at det er krevjande å forstå samtida vi lever i, i virvaret av nyheiter, hendingar og oppdateringar. I alt det små og kaotiske går heilskapen tapt. Samstundes, skriv han, er det vanskeleg å forstå omfanget av gradvise endringar, før ting allereie er blitt annleis. «Følelsen at verden (...) ikke lenger er forståelig eller endrer seg i en takt og en retning vi føler oss ukomfortable med, ligger latent hos et økende antall europeiske velgere», skriv Skirbekk. Faktum er at 68 prosent av veljarane i europeiske land meiner landa deira går i feil retning.
Noko av det mest interessante med Skirbekks analyse er det han skildrar som den naive trua på at vi «automatisk» vil handtere dei store utfordringane. «Skal moderate og liberale krefter vinne over tid, må de stå tidligere opp om morgenen. Hvis disse partiene skal få høy velgeroppslutning og være stabiliserende og samfunnsformende, må de finne tilbake til sitt raison d’être», skriv han.
Det betyr å ikkje la teknologi- og marknadskreftene styre blindt. Å ikkje kapitulere.
Internasjonal, ansiktslaus og abstrakt
Men kan vi gjere noko med den makta Meta, Snapchat, TikTok og Google har? Er det ikkje fånyttes å kjempe imot? Det manglar ikkje på pessimistiske perspektiv i møte med den makta teknologiselskapa har fått over liva våre.
Det er enkelt å tenke at dei store folkepartia i Europa berre måtte lage velferdsstatane, den gongen for nesten hundre år sidan dei la grunnlag for dei samfunna vi i dag lever i. Men heller ikkje den gongen var det automatisk eller uunngåeleg at nokon skulle tenke på sjukeløn, barnetrygd eller eit organisert arbeidsliv. Skulle politikarane lagt seg på rygg for marknadskreftene den gongen, ville det ikkje blitt noko velferdsstatar. Det handla om politisk vilje til å endre på dei strukturane som skapte dårlegare liv for folk.
Det er kanskje akkurat derfor vi lar oss fascinere av Kari Nessa Nordtuns engasjement i den korte videosnutten. Delvis fordi ho viser ekte kjensler – det var ingen tvil om kva ministeren eigentleg meinte. Heller enn førebudde talepunkt var det ministeren sa autentisk.
Viktigast var det nok likevel ho at ho som minister viste oss alle at ho makt til å gjere noko, sjølv om motparten på andre sida av bordet var internasjonal, ansiktslaus og abstrakt. Og om ho ikkje har den makta i dag, så vil ho kjempe for å få den.
Derfor var videoen av Nessa Nordtun tjue sekunds sosialdemokratisk magi. Det var eit tjue sekunds glimt av eit folkeparti som ikkje har gitt opp. Eit raison d’être for 2025.