Klokka var 23.34, måndag 13. september 2021. På bakrommet i Folkets Hus sat ein mann med lukka augo og knytte nevar som han heva til vêrs. Ikkje jublande, men lågmælt triumferande. Meir melankolsk enn glad. Meir letta enn begeistra. «Nå kan vi endeleg si, vi klarte det», stod det på eit av arka som låg framfor han på bordet. Det var talen som han skulle halde for partiet om kort tid.
Akkurat der i sofaen på bakrommet hadde Jonas Gahr Støre fått vite at han hadde vunne stortingsvalet i 2021. Han skulle bli statsminister. Endeleg kunne han sei det høgt til seg sjølv og partiet. Gjennom heile valkampen hadde Støre fortald at det no var vanlege folks tur. Endeleg var det også hans tur.
Ein av dei som var til stades festa augneblinken til kameralinsa på mobiltelefonen. Det var eit heilt spesielt uttrykk i Støres ansikt på biletet: Som om ansiktsuttrykket romma nedturane frå dei sju magre åra han hadde sitte som Ap-leiar. Det var som om vi kunne sjå letta over at han ikkje skulle hamne på dei få sidene i historiebøkene om Ap-leiarane som aldri vart statsminister.
Når vi no kjenner historia frå åra etter at biletet vart tatt, er letta i Støres uttrykk til å få vondt av.
Frå 40 prosent til 16
Det hadde byrja så lovande. I 2014 vart han klappa inn medan han flaug over vatna. Det var på eit tidspunkt partiet snusa på målingar over 40 prosent.
Men fort skulle Støre stifte kjennskap til den verkelegheita vi vart vane med å kjenne han att i: Sterk intern kritikk for handteringa av den eine krisa etter den andre. Under det heile låg ei skulding om at Støre ikkje eigentleg var sosialdemokrat, at han ikkje var som vanlege arbeidsfolk, snakka ikkje som dei, oppførte seg ikkje som dei.
Det er absolutt grunn til å diskutere og kritisere Støres leiarskap, men vel så påfallande er det korleis partiet etter at dei valde han i 2014 eigentleg aldri gav han ein skikkeleg sjanse
Ingen kunne påstå at Jonas Gahr Støre åleine var ansvarleg for valnederlaget i 2017, men det er liten tvil om at akkurat den valkvelden fire år før 2021-valkvelden, var den mest definerande augneblinken for Støres tid som Ap-leiar og statsminister. Han var taparen, den som ikkje fekk det til å fungere.
Då han vart statsminister i 2021 trudde mange i og rundt Arbeidarpartiet at det meste ville ordne seg. Støre var som skapt for å vere leiar.
Likevel skjedde altså det motsette, då Støre vart treft av den eine krisa etter den andre i regjering. I motsetnad til krisene som trefte konkurrenten Erna Solberg, stod Støre ofte åleine då det storma. Han var ikkje velsigna med det effektive kringvernet Høgre-folk mobiliserte for Solberg. Støre må nok også skulde på seg sjølv. Han har sagt ope og ærleg at han ikkje har trengt allierte og at han ikkje skuldar nokon noko for den posisjonen han har fått. Han har ikkje vore venelaus, men han har i motsetnad til Jens Stoltenberg ikkje hatt den lojale skaren av forsvarar. Støre tenkte heile vegen at han ikkje trong det.
Dårlegaste målingar nokosinne
Det er absolutt grunn til å diskutere og kritisere Støres leiarskap, men vel så påfallande er det korleis partiet etter at dei valde han i 2014 eigentleg aldri gav han ein skikkeleg sjanse. Med ein gong motgangen kom, byrja partifolk å rette mistenksame blikk mot klassebakgrunnen hans. Sigbjørn Aanes og spinndoktorane i Høgre hadde derfor ein enkel jobb med å servere ein kritikk som Arbeidarpartiets eigne slukte rått.
Utover i november har det vore mykje snakk i Arbeidarpartiets korridorar om at Støre må ut. Det heile verka koordinert og noko som likna ein plan.
Målingar på 17 prosent er uleveleg for partiet mindre enn eit år før valet. I Hordaland hadde partiet måndag kveld si dårlegaste måling nokosinne. I motsetnad til tidlegare då det har snakk om å skifte ut Støre, er det denne gongen mykje som tyder på at ein arvtakar står klar. Mykje tyder dessutan på at LO er om bord på planen om å bytte ut Støre, ettersom fagrørsla har vore heilt stille medan partileiaren er under massive åtak frå sine eigne.
Snøballen er allereie byrja å rulle, og ingen rundt Støre ser ut til å ha vilje til å stanse den
For ein ting er all kritikken Støre har blitt møtt med den siste tida, slik det til dømes vart synleg på LOs kartellkonferanse. Der var det som om deltakarane allereie førebudde seg på ei tid utan Støre som partileiar og statsminister. Vel så tungt må det for statsministeren ha vore å sjå korleis hans næraste medarbeidarar i leiinga av partiet ikkje har tatt til motmæle mot kritikken. Han har ikkje hatt ein einaste overtydd forsvarar.
Måndag kveld brast demninga. Først melde TV2 at fleire sentrale Ap-politikarar har bede Støre om å gå av. Så viste det seg at både NRK, Dagbladet og Aftenposten hadde mange kjelder som sa det same. Støre sa til VG at han lytta til kritikken, etter først å ikkje ville gje noko kommentar. For hans framtid som statsminister og partileiar er det så mørkt at det er vanskeleg å sjå nokon annan utveg enn at han må gå av. Snøballen om å presse Støre til å trekke seg er allereie byrja å rulle, og ingen rundt Støre ser ut til å ha vilje til å stanse den. Ingen kan kjempe for sitt politiske liv i ein sånn situasjon utan mektige vener.
Politikkens nådelause natur
Meiningsmålingar er berre meiningsmålingar, er politikarane ofte nøye med å seie. Men vi må ikkje undervurdere krafta i dei av det dårlege slaget Ap har for tida.
Støre-regjeringa har vore uforholdsmessig upopulær. Logikken blant kjeldene internt i Ap verkar å vere at det er betre å gå inn i 2025-valkampen med ein statsminister og partileiar som har større distanse til det prosjektet Støre har vore ansvarleg for.
Det er like enkelt som det er nådelaust: Den dagen fleirtalet trur at nokon andre enn deg vil gje partiet høgare oppslutnad – og høvet til å velje denne utfordraren som partileiar – er tida di forbi. Berre spør Trine Skei Grande og Liv Signe Navarsete.
Den letta Jonas Gahr Støre kjende på bakrommet i Folkets hus rett før midnatt, 13. september 2021, støtta seg på ein falsk premiss om at han hadde partiet i ryggen.
Men Arbeidarpartiet er som kjend ingen søndagsskule.