USA er så splitta at mange ikkje klarar å snakka saman. Polariseringa går tvers gjennom familiar og kyrkjer. Folk er blitt ute av stand til å be saman og gå til det same nattverdbordet. Kristne som ifølgje Jesu ord ikkje skal leva i frykt, endar opp med frykt, påpeikar to skribentar i magasinet Christianity Today.
I stridssakene vektlegg liberale og konservative kristne moralske verdiar så ulikt at dei blir meir og meir ute av stand til å forstå kvarandre. På den eine sida blir kristendommen misbrukt til makt. På den andre ytterkanten finst det knapt verdiar som autoritet og lojalitet igjen. Reelle årsaker til politisk usemje og uro, blir polarisert til ein avgrunn.
Skribentane i Christiantity Today poengterer at kristne lite kan gjera med den ekstreme polariseringa som kløyver nasjonen. Men under overskrifta «I ei polarisert verd, men ikkje av den» skriv dei at kristne kan redusera polariseringa seg imellom. Det kan vera lettare sagt enn gjort når somme jublar med raude caps og flagg, der andre er rasande og redde.
Ein stad å møtast
Men skribentane gjev kristne ein stad å starta: vers 42 i det andre kapitlet i Apostelgjerningane. I den første kyrkjelyden i Jerusalem var det samla menneske med svært ulik politisk bakgrunn. Simon Seloten, ein av dei 12, kan ha høyrt til ei gruppe som ville kasta dei romerske okkupantene ut med makt. Tollaren Levi, eller Matteus, hadde gått i teneste for okkupantane. Saman med dei var det konservative fiskarar.
Korleis dei snakka saman om det som hadde skilt dei, veit vi ikkje. Men dei kan ikkje ha dyrka polarisering om korleis trua skulle gje makt: «Dei heldt seg trufast til læra frå apostlane, til fellesskapet, brødsbrytinga og bønene.»
Og, heiter det i Christianity Today: «Dei endra verda».
Det er råd å sortera ut misforståingar og sitja tilbake med det vi ikkje klarar å bli samde om, men kanskje kan forstå meir av
Bøn skal ikkje brukast til å dekkja over vegval som kristent sett ikkje kan forsvarast. Men dersom bøn verkeleg er det kraftigaste midlet kristne har fått, er det tragisk når felles bøn er umogeleg. I ei polarisert verd er det tid for å lytta, snakka og forstå. I det minste prøva. Somme gonger er det bortkasta. Andre gonger kan det peika framover.
Avmakt og mistru
Dei same spørsmåla som kløyver USA, kløyver også delar av Europa. Polariserende krefter dyrkar misnøye, avmakt og mistru når store grupper blir redde for livsgrunnlag og identitet. Internett aukar temperaturen. Finst det botemiddel?
Somme gjer eit ærleg forsøk, ikkje på eit politisk plan, men på eit menneskeleg. Den tyske storavisa Die Zeit har sidan 2017 spreidd programmet «My country talks» («Landet mitt snakkar»). Programmet har engasjert 290 000 menneske i 100 land. Meir enn 90 000 par av folk som politisk har stått sterkt mot kvarandre, har sett seg ned andlet til andlet for å snakka, lytta og prøva å forstå. Prosjektet vart etablert for å møta aukande nasjonalisme, polarisering og feilinformasjon.
Prat og ertesuppe
Kommentator Frank Rossavik i Aftenposten skreiv om dette etter at han var med på den norske utgåva «Oslo snakker». Oslo kommune, Deichmanske bibliotek og Nobels Fredssenter hadde fem samlingar tidlegare i år.
Facebook eignar seg godt til ros av bikkjer, barn og bil. Alvorlege tema fører derimot berre til jakt på heiarop frå folk i den same skyttargrava.
Over ein tallerken ertesuppe møttest Rossavik og ein annan – dei hadde kryssa motsette svar på eit skjema. Andlet til andlet fann dei to ut at på nokre punkt var dei enige. På andre punkt forstod dei kvarandre betre etterpå.
Truleg hadde dei som stilte opp, eit meir pragmatisk sinnelag enn dei som ikkje kom og som heller skriv kvasse meldingar på Facebook enn å sjå nokon i augo i friluft. Arrangørane sleit med å få folk. Ambisjonen var 1000. Det vart laga ertesuppe til 188. Til slutt stilte berre 150 opp.
Stemninga blei aldri amper, sjølv om emna var polariserende nok, påpeikar Rossavik: bil, cannabis, pride, kanselleringskultur, kriminalitet, kjøt og tillit til politikarar.
Islam og frykt
Verken religion, krig i Midtausten eller innvandring stod på lista. Dialog mellom religiøse aktørar har stogga på grunn av krig og konflikt. Ertesuppe vil ikkje løysa det. Men enkeltpersonar som vil ta steg ut av nettkjekling, bør prøva – også kristne.
I dei 13 åra eg har moderert debatt på internett og i sosiale media. Religion – ikkje minst islam – skaper sterkast polarisering.
Behovet for å snakka saman, lytta og prøva å forstå er akutt. I USA og i Noreg. Også der polariseringa skaper djupe skilje i kristne fellesskap
Somme brukar nettet for å spreia skjellsord, og svarar på innvendingar med nye skjellsord. Det gjev ikkje lyst til ertesuppe.
Men eg har støytt på folk som har bede om orsaking etter beinharde kommentarar som har ramma breitt der adressa nok var ekstremistar og valdsmenn.
Det er råd å koma folk i møte der sterke ord viser frykt. Det er råd å hjelpa kvarandre til å sjå menneske. Det er råd å sortera ut misforståingar og sitja tilbake med det vi ikkje klarar å bli samde om, men kanskje kan forstå meir av.
Takkar ja og nei
Eg har ein invitasjon til ein kaffeprat som eg skal ta imot, for å snakka om kva bilete som vert skapt av muslimar når vi publiserer naudsynte historier om vald og ekstremisme.
På den andre sida: Som redaktør i Vårt Land sletta eg for ti år sidan ein heil debatt på det no nedlagde forumet verdidebatt.no der Hadia Tajik på usakleg vis fekk gjennomgå for alt vedkomande hadde mot islam. Eg kasta også ut han som starta debatten. Ein skulle tru slikt gjekk over.
Men i alle desse ti åra har ein anonym bloggar – kanskje han eg kasta ut? – skrive over 140 innlegg på eit bloggforum, med svært nedlatande kommentarar om meg og forvrenging av synspunkta mine. For oversikta si skuld har han laga sida «Morken samlet – til nå», den siste utgåva heitte dessutan «en nifs samlet oversikt».
Eg kunne skrive i det tomme kommentarfeltet at eg inviterer til ein prat. Men her nyttar det neppe med suppe. Men behovet for å snakka saman, lytta og prøva å forstå er akutt. I USA og i Noreg. Også der polariseringa skaper djupe skilje i kristne fellesskap.