Jonas Gahr Støre og Donald Trump har aldri leia eit land samstundes. Kuppforsøket på Capitol Hill skjedde over eit halvt år før Støre vart statsminister i 2021. Ap-leiaren kom til makta i ei tid då folk framleis var letta og euforiske av Joe Bidens inntreden i Det kvite hus. Støre og Trump har faktisk ikkje eingong møtt kvarandre.
Eigentleg var det synd for Støre at han ikkje fekk starte i jobben med Trump som amerikansk motpart, trass i at dei ikkje liknar kvarandre som politikarar. Det meste av det Støre har vigd livet sitt til å kjempe for – demokrati, menneskerettar og ei rettsbasert verdsorden – er Donald Trump motstandar av eller likegyldig til.
Stormaktsinteresser og FN-språk
Likevel var det altså synd for Støre at hans tid i statsministerstolen først byrja då Trump var redusert til forsmådd valtapar.
Kvifor? Det er fordi Jonas Gahr Støres fremste eigenskapar som politikar er som statsmann og toppdiplomat på den internasjonale scena; språkmektig, vidsynt og med nettverk dei færraste kan måle seg med. Der kan han posisjonere Norge på kløktig vis mellom stormaktsinteresser, kanapear og FN-språk.
Med mørke skyar i horisonten, dårleg sikt og byrjinga av eit uvêr vil folk gjerne ha ein kaptein på dekk som har segla mykje, og som veit kor han skal
I åra som utanriksminister var det i den rolla han sveva over vatna. Det er heller ingen som tvilar på at Støre er den norske politikaren med best føresetnader for å ha den delen av statsministerjobben. Problemet til Støre har vore at veljarane har rekna akkurat den delen av jobben som mindre viktig dei siste åra.
Så lite viktig har den vore at folk har kritisert Støre for å reise utanlands – som då VG i desember i fjor laga ei sak der dei framstilte Støres utanlandsreiser som noko negativt: «Jonas Gahr Støre (Ap) har lovet å snakke mer om Norge og om økonomien til folk flest. Denne uka drar han på sin syvende utenlandstur siden valgnederlaget.» Innbakt låg ein premiss om at Støre heller burde bruke tida på å besøke lokallagsmøte i bygde-Norge, enn å møte mektige statsleiarar.
Trudde ikkje vi trong ein diplomat
Trass krigen i Ukraina har det ikkje vore ei oppleving i Norge av at det har vore viktige nok ting på spel for oss i utanrikspolitikken. Lenger framme i pannebrasken har folk hatt norskeigde arbeidsplassar, prisauke, straum og rente. Trass i gjentekne forsøk på å overtyde oss om at han er like oppteken av straumprisen på Gol, som han er av å skape fred i Midtausten, har ikkje folk flest trudd på Støre.
Han er eigentleg diplomat, og det er ikkje det vi treng no, har vore dommen.
Vel, med Donald Trumps tilbakekomst i Det kvite hus bør vi kanskje stille spørsmålet på nytt.
Han kan spenne beina under noko av det tryggaste av det trygge i norsk utanrikspolitikk. Vil vi kunne stole på USAs forplikting til Nato-fellesskapen? Vil vi kunne lene oss på amerikansk støtte mot russisk aggresjon? Vil dei baltiske landa kunne kjenne seg trygge? Vil Zelenskyj bli forrådt der i bunkersen sin i Kyiv?
Spørsmål med nye svar
Berre det at vi må stille oss sjølv desse spørsmåla vil sette norsk utanriks- og tryggleikspolitikk i eit heilt anna lys enn det har vore i. Det er eit lys som kan kle Jonas Gahr Støre betre.
Dessutan må vi stille dei meir overordna spørsmåla: Kor er verda på veg? Kva verd er det borna våre kjem til å vekse opp i?
Den tysk-jødiske filosofen og statsvitaren Hannah Arendt (1906–1975) sa om si tid at den konstante lyginga ikkje hadde som mål at folk skulle tru på løgnen, men den skulle sørge for at ingen trudde på noko som helst lenger. For når folk ikkje kan skilje mellom sanning og løgn, kan dei heller ikkje skilje mellom rett og gale.
Slik kan amerikanarane sitt val av Donald Trump som sin neste president få direkte konsekvensar for vårt eige stortingsval neste år
Nettopp ei slik tid kan vi få kjensla av å gå inn i. Ei tid der folk ikkje lenger kan skilje rett frå gale. I ei slik tid kan despotar, autokratar og diktatorar ture fram og gjere som dei vil.
Ei slik tid kan framkalle kjensla av at framtida er utrygg. At noko viktig står på spel der ute i den store verda. At vi er utrygge.
Med mørke skyar i horisonten, dårleg sikt og byrjinga av eit uvêr vil folk gjerne ha ein kaptein på dekk som har segla mykje, og som veit kor han skal. Gjerne også ein som har vener i hamner vi kan søke ly hos.
Listhaugs siste sprell
Tysdag, den amerikanske valdagen, hadde Framstegspartiet si beste måling på mange, mange år, og den var tatt opp i dagane før valresultatet vart kjend. Partiet vart størst, større enn både Solbergs Høgre og Støres Ap. I Frp er mange redde for at det er for tidleg å vere størst på målingane eitt år før valet. Kanskje bidrog Trumps suksess til at formtoppen for Frp kom eit år for tidleg.
Listhaugs appell i ei tid der Trump er sjefen for den frie verda, er kanskje minkande. For Jonas Gahr Støre er Listhaug ein draumemotstandar – slik situasjonen utviklar seg inn i det norske valåret. Høgrepopulisten mot statsmannen er eit perfekt drama for Ap-strategane inn i valkampen.
Plutseleg er det grunn til å tru at meir kjem til å handle om vår utanrikspolitikk, om Norges forhold til Europa, om forsvar og tryggleik. Slik kan amerikanarane sitt val av Donald Trump som sin neste president få direkte konsekvensar for vårt eige stortingsval neste år.
Derfor er comebacket av Donald Trump som Amerikas 47. president, djupast sett godt nytt for Støres sjansar til attval neste år.