Kommentar

Kunsten å tape val

Her er talen Donald Trump aldri vil halde, og kvifor det er eit større problem enn noko som helst valresultat.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det liberale demokratiet som idé er null verdt om ikkje alle trur på den.

Som den israelske historikaren Yuval Noah Hariri skreiv i boka Sapiens, er ei av menneskeslekta sine største bragder at vi klarte å skape og dele abstrakte idear som vi trudde på – saman. I boka listar Hariri opp konseptet pengar som eit døme på eit abstrakt konsept som vi alle har slutta opp om. Papirlappen, mynten eller saldoen på bankkontoen ville ikkje hatt noko verdi om vi ikkje alle trudde på den. Men fordi vi kollektivt har bestemt oss for å tru på pengane som konsept, finst dei i liva våre.

Eksisterer berre i fantasien vår

Heller ikkje konsepta nasjonar, lovar og rettar er noko som eksisterer fysisk. Dei finst eigentleg berre i hovuda våre, som felles fantasiar om noko vi er sånn passe samde om. Den dagen vi sluttar å tru på dei, er det over.

Det er også her vi finn Trumps største urett mot oss menneske – langt utanfor USAs grenser: Han fekk mange til å byrje å tvile på det liberale demokratiet som konsept. Det skal eigentleg ikkje så mykje meir til for å knuse det liberale demokratiet. Det trengst ikkje våpen, revolusjonar eller borgarkrig. Det trengst ingen Proud Boys eller paramilitære galningar.

For problemet med Trump er eigentleg ikkje først og fremst alle tinga han seier og står for. Det verkelege er problemet er alt han ikkje seier

Då eg studerte samanliknande politikk hos Frank Aarebrot ved Universitetet i Bergen, var det derfor dette det viktigaste han lærte oss: Den fremste eigenskapen til eit liberalt demokrati – den einaste frie styreforma verda har sett – er at dei som deltek i det beherskar kunsten å tape val.

Då denne teksten gjekk i trykken var det framleis uvisst kven som ville bli USAs neste president. Det som derimot var sikkert, var kva tale Donald Trump aldri ville halde – uavhengig kva resultatet vart. Det er sannsynlegvis det største problemet akkurat no.

John McCains fantastiske tale

I 2008 tapte den republikanske senatoren John McCain mot Barack Obama. Frå valvaka si på Biltmore hotell i heimbyen Phoenix i Arizona talte McCain til støttespelarane sine, kring tjue minutt etter at valresultatet viste klar siger til Obama. Spesielt berømt vart talen for orda: «Trass i forskjellane mellom oss, vi er likeverdige amerikanarar; og tru meg når eg seier, ingen merkelapp har nokon gong betydd meir for meg enn det.»

I talen byrja McCain med å erkjenne fakta: Det amerikanske folket hadde talt, og dei hadde talt tydeleg. Det fanst ikkje tvil, ettersom Obama vann med 365 valmenn mot McCains 165.

Kanskje var det eit forvarsel om kva som var i vente, då McCain i talen sa at han kort tid før han gjekk på podiet, hadde hatt æra av å ringe Obama og gratulere han med valresultatet. Publikum bua så høglydt og kraftig at McCain måtte be dei roe seg med opne handflater og formaninga «please», før han kunne halde fram.

Det Amerika vi trong, er John McCains Amerika

McCain var ein konservativ republikanar, ofte omdiskutert, men han stod fast på ideen om kva eit liberalt demokrati er for noko. Til dømes då han sa at valkampen hadde vore tøff, men at Obamas siger fortente respekt. Han sa ikkje at motstandaren laug eller var kriminell, men at Obama hadde vunne fordi han klarte å inspirere håp i amerikanarane. Han bad tilhengarane sine om å vise godvilje og stå saman.

Han sa også dette, mot slutten av talen:

«Tonight – tonight, more than any night, I hold in my heart nothing but love for this country and for all its citizens, whether they supported me or Sen. Obama, I wish Godspeed to the man who was my former opponent and will be my president.»

Draumen om det liberale demokratiet

Alle burde ta seg tid til å sjå talen i full lengde – det er ei investering i forsvaret for det liberale demokratiet som tar under eit kvarter. Spesielt gjeld detalle unge menn som ikkje ser problemet med Trump. For problemet med Trump er eigentleg ikkje først og fremst alle tinga han seier og står for. Det verkelege er problemet er alt han ikkje seier. Han vil aldri uttale John McCains ord.

Videoen av McCains tapstale, gjekk viralt i 2020 – då Trump første gongen nekta å godta valresultatet. Kontrasten mellom Trumps uforsonlege ord og McCains nesten sjelesørgarske tale, var påtakeleg.

Som Henrik Thune skreiv i eit gnistrande essay, Ved slutten av det amerikanske århundret, i Morgenbladet førre veke: «Det er knapt mulig å definere verdenspolitikken vi lever i akkurat nå. Verden er spaltet, delt omtrent på midten, i to konkurrende ønsker om fremtidens internasjonale orden. Og alt sammen handler om akkurat den samme historiske variabelen: Hvilket Amerika trenger vi?»

I den kampen er Trumps manglande evne til å tape val – denne gongen eller om fire år, heilt avgjerande. Han lærer verda ei lekse mange kjipingar vil bruke til å knuse det liberale demokratiet.

For som Aarebrot lærte oss på Universitetet i Bergen, og som statsvitarar har lært på alle universitet til alle tider, så er kunsten å tape val ein så essensiell del av det liberale demokratiet. Utan at deltakarane beherskar den kunsten, er det vanskeleg å snakke om noko liberalt demokrati.

Det Amerika vi treng, er John McCains Amerika.

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar