I sist veke kunne NRK fortelje at 47 prosent av norske unge menn mellom 18 og 29 år ville stemt på Donald Trump, dersom dei hadde stemmerett i USA. Berre 9 prosent av kvinner i same aldersklasse svarte at dei ville gjort det same.
Dette stadfester langt på veg det vi allereie veit litt om: Unge menn, både i Norge og andre stader, er meir konservative enn både menn i generasjonane før seg og jamaldrande kvinner.
Trump-menn og Harris-kvinner
Også i USA finn vi liknande tal: I ei måling gjort for NBC seier 42 prosent av menn i den såkalla «generasjon Z» at dei vil stemme på Donald Trump, medan 40 prosent er bestemte på Kamala Harris. Blant unge kvinner seier 59 prosent at dei vil stemme på Harris og berre 26 prosent på Trump.
Til ein viss grad er det slik mellom veljarar i alle generasjonar: Menn har ein tendens til å vere meir konservative enn kvinner. Dette er ei relativt ny utvikling, i alle fall i Norge: Fram til 1960-talet stemte kvinner stemte meir konservativt, og kristenkonservativt, enn menn. Så snudde det, og utviklinga har skote fart dei siste åra.
Utviklinga er likevel heilt spesielt tydeleg i den yngste generasjonen med stemmerett, og dette kjønnsgapet kan komme til å avgjere valet neste veke.
Spørsmålet er om dei to kandidatane i år klarer å dytte velgarane sine opp av sofaen
Skiljeliner i sosiale medium
Om ein bruker tid på sosiale medium er det lett å sjå teikna på denne skarpe kjønnsdelinga.
Mange av dei store miljøa som tiltrekk seg unge kvinner, er skarpt og tydeleg liberal, og forkastar mykje av den politikken som blir ført på den amerikanske høgresida. Det har tilspissa seg i abortspørsmålet, men det finst ein heil underskog av ulike tema der unge kvinner får ein tydeleg bodskap frå innhaldsskaparane dei har tillit til, frå kjønns- og seksualitetsmangfald til helsepolitikk og behovet for eit sosialt tryggingsnett.
På den andre sida er det grupper der unge menn er i fleirtal, med fokus på gaming, pengespel, kryptovaluta og trening, som i aukande grad ber preg av autoritetskritikk og innslag av konservativ politikk.
Vanskelege å finne
Det er notorisk vanskeleg å nå dei unge med ein politisk bodskap. Dei følger i liten grad tradisjonelle medium, og i den grad dei får med seg nyhende, vil det som regel vere via sosiale medium. Det er grunnen til at både politiske kampanjar og tradisjonelle medium i stadig større grad må finne seg ein måte å formidle bodskapen sin på Instagram, på Snapchat og på Tiktok.
Dei siste vekene og månadane har dei to presidentkandidatane Kamala Harris og Donald Trump nesten ikkje vore å finne i tradisjonelle medium, i den grad at det har blitt mumla irritert i pressen om at Harris, spesielt, unngår dei. I staden har dei to brukt tida si på å vitje podkastar og influensarar i sosiale medium og radioprogram spesielt retta mot visse etnisitetar og aldersgrupper.
Sjølv om unge vaksne ser ut til å vere gruppa der det er flest usikre veljarar å hente, søker kandidatane i liten grad på tvers av dei grensene som allereie er trekte opp: Donald Trump vitjar kanalane til mange av dei influensarane som peiker unge menn i konservativ retning, medan Kamala Harris oppsøker liberalt anlagte program og kanalar.
Fokus er først og fremst på å motivere dei som allereie er overtydde om å møte opp for å røyste. Det kan vere ei bratt utfordring.
Når noko stort står på spel, er unge veljarar lettare å engasjere
Vanskelege å motivere
Det vi allereie veit om unge veljarar, er at dei i mindre grad enn eldre faktisk stiller på valdagen for å røyste. I presidentval dei siste tretti åra har valdeltakinga mellom unge veljarar vore i snitt 12,5 prosentpoeng lågare enn generelt i befolkninga.
2008, då Barack Obama vann, og 2020, då Joe Biden slo Donald Trump, var båe år då unge veljarar var nærmare befolkninga i stort i valdeltaking. Det kan tyde på at når noko stort skjer, eller ein opplever at noko stort står på spel, er unge veljarar lettare å engasjere.
Spørsmålet er om dei to kandidatane i år klarer å dytte veljarane sine opp av sofaen. Mange veljarar gav uttrykk for at valet mellom Joe Biden og Donald Trump ikkje var eigna til å begeistre, og sjølv om demokratane har fått ein liten opptur av kandidat-byttet står det framleis att å sjå om den begeistringa kan setjast om i røyster i neste veke.
Kva avgjer?
Når det er så inderleg jamt som det no er i val-innspurten, kan nær sagt kva som helst utgjere sigersmarginen til den eine eller den andre kandidaten.
Dersom dei unge veljarane møter opp, kan det vere til Donald Trump sin fordel, fordi han har langt betre margin i denne aldersgruppa enn han har mellom andre veljarar. Samstundes kan det vere til Kamala Harris’ fordel viss det viser seg at ho har klart å motivere unge kvinner betre enn Trump har klart å motivere unge menn.
Det største spørsmålet, på litt lengre sikt, er kanskje kva som skjer med denne aldersgruppa når dei vert eldre. Vil gapet mellom menn og kvinner sine politiske prioriteringar bestå, eller vil gruppene nærme seg kvarandre? Og kva med den neste ungdomsgenerasjonen? Ein kjønnsdelt politikk er ikkje nødvendigvis ein god politikk for nokon av kjønna.