Kommentar

Små ambisjonar, liten gjennomføringsevne

Med årets statsbudsjett er det openbert at denne regjeringa har andre ting å bruke tid og pengar på enn ein storslått kulturpolitikk.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Eg kvier meg for å skrive dette, for eg veit det er så utruleg føreseieleg. Finnes det ein større klisje enn at kulturredaktørar er misnøgde med statsbudsjettet?

Men nokon gongar må ein akseptere skjebnen. Her kjem det: Eg, ein kulturredaktør, er misnøgd med statsbudsjettet.

Den stakkars kulturministeren

Ein kulturminister er jo dømt til å tape budsjettkampane. Derfor er vi ofte her når statsbudsjettet blir lagt fram.

Og slik var det da statsbudsjettet for 2025 vart lansert på mandag. For sjølv om det er ein del millionar som skal bli delt ut til kulturnorge, sit ein igjen med inntrykket av at denne regjeringa og denne kulturministeren ikkje har hatt særleg store tankar for kulturpolitikken dei fører og skal føre.

Og utan store tankar, er det lite vits i å bruke mykje penger.

Drifting av Kulturnorge AS

Jo da, staten og regjeringa bruker pengar på kultur. Ikkje minst om vi samanliknar oss med land som bruker mindre på kultur eller som rett og slett ikkje har oljepengar.

Men problemet med dagens kulturminister, og dette er vel strengt eit gjennomgåande problem med vårt lands kulturministre, er at det er vanskeleg å sjå kva dei eigentleg vil.

Og eit statsbudsjett er vanskeleg å gøyme seg bak.

For med statsbudsjettet skal du ikkje lenger stå og snakke om alt som er viktig. Du skal vise kva som er viktig, og seie: Her er det eg vil bruke penger på.

Og som kulturministre før ho, er det vanskeleg å sjå kva det er Lubna Jaffrey vil. Skal vi berre sjå på statsbudsjettet, og måle summane mot kvarandre, verker ho mest oppteken av å passe på at det meste som treng å bli pussa opp, drifta på ein forsvarleg måte, eller som har eit jubileum eller har fått tildelt eit eller anna internasjonalt arrangement, får dei pengene som trengs.

Det er fint og hyggeleg, og heilt grei drifting av Kulturnorge AS.

Og når ambisjonane er så små, er det kanskje ikkje rart at sjølv ministerens eiga satsing, knapt får penger.

Frå tiltak til satsing

Ja, vi snakkar om Leselyststrategien for barn og unge som kulturminister Jaffrey lanserte i vår.

Kva for noko, spør du kanskje, kva er dette? Er det lansert ein leselyststrategi?

Du treng ikkje skamme deg om ikkje hugsar lansering av leselyststrategien på Norsk litteraturfestival på Lillehammer i mai. Det verker ikkje som kulturministeren hugser det så godt heller. For kvar er det blitt av dei konkrete tiltaka?

Ein kulturminister har sjeldan mykje pengar. Og ein minister med lite pengar, er ein ministar med lite makt

Dei er vanskeleg å få auge på i statsbudsjettet. Og når desse konkrete tiltaka faktisk dukkar opp, endrar dei form til «satsinger» i løpet av to setningar, sjå berre her:

«På Kultur- og likestillingsdepartementets område følges strategien opp gjennom konkrete tiltak som finansieres av både bevilgninger over statsbudsjettet og tildeling av spillemidler til kulturformål. I forslaget til statsbudsjett for 2025 inngår følgende satsinger (...)».

Den er fiffig.

Merkelege prioriteringar

Kva er desse konkreta tiltaka, eller satsingane?

Det er 8.1 millionar som skal gå til innkjøp av bøker til skolebibliotek. Eg håper verkeleg at kommunene har skolebibliotek som kan bruke desse pengene, for i dei fleste kommunar er skolebibliotek blitt ein salderingspost. Her burde kulturministeren heller sørga for at landets skolar kan drifte skolebibliotek med fagutdanna bibliotekarar. Skolebibliotek skulle eigentleg vere ein av prioriteringane i Leselyststrategien, men på statsbudsjettet får dei berre ein litt slunken pengesekk kasta etter seg.

Det er også satt av økte midlar til at Kulturrådet skal kjøpe inn teikneseriar og sakprosa for barn og unge. Også dette er fint, men heller enn penger til bøker, for bøkene finnes stort sett i norske bibliotek, burde ein prioritert korleis ein skal få litteraturen ut til barn og unge.

Og det fører oss til den eine satsinga som faktisk kan likne litt på eit konkret tiltak: Foreningen !les, Leser søker bok, og Norsk Forfattarsentrum får 2 millionar kvar til å jobbe med litteraturformidling for barn og unge. Dette er tre organisasjonar som ikkje er så kjende på folkemunne, men dei har i mange år arbeidd for å få litteratur ut til den neste generasjon lesarar. Her skal kulturministeren ha ros for at ho gir penger til noko som har fungert, fungerer, og som vil fungere. Det er ikkje store summar, men det er pengar som høgst truleg vil gi avkastning i skoleelevar som får auka leselyst.

Lite pengar, lite makt

Så slik er det, kulturredaktøren vil ha meir penger til kultur. Men 20 millionar til ein nasjonal leselyststrategi, er ikkje det bra da?

Nei, det er det ikkje. Vi snakkar om kva staten har tenkt å gjere med at unge les mindre og dårlegare, og at voksne les mindre for barna sine. Vi snakkar om kva vi skal gjere for å møte utfordringa med den utstrakte skjermbruken og konsekvensane av den.

20 millionar til leselyst er like mykje som mesterskapet i gatefotball i Oslo i 2025 får. 20 millioner er like mykje som blir gitt for å utvide digitaliseringsproduksjonen i Norsk helsearkiv på Tynset.

20 millionar er så lite at eg lurer på om kulturministeren har lansert ein leselyststrategi ho ikkje har så lyst å følge opp.

Eller er det så enkelt som at ein kulturminister er dømt til å tape budsjettkampane?

For ein kulturminister har sjeldan mykje pengar. Og ein minister med lite pengar, er ein ministar med lite makt.

Men eit statsbudsjett skal vise kva kulturministeren har tenkt å prioritere. Og på ein mandag i oktober var det klart at denne regjeringa har skuffande låge ambisjonar for kulturen i Norge.

Lars Petter arbeidde i 2011-2014 i Foreningen !les

Lars Petter Sveen

Lars Petter Sveen

Lars Petter Sveen er kulturredaktør i Vårt Land og skriver om de viktige sakene i Kultur- og Kristen-Norge. Han er også forfatter, og bøkene hans er oversatt til flere språk og nominert til flere priser. Lars Petter har bachelor i historie og i bibliotek- og informasjonsvitenskap.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar