Kommentar

To måtar å vere mann på

Dei to visepresidentkandidatane i USA viser oss, anten dei meiner å gjere det eller ikkje, to tilnærmingar til mannsrolla som står i sterk kontrast til kvarandre.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Natt til 2. oktober skal visepresidentkandidatane Tim Walz og JD Vance møte kvarandre til debatt i New York. Ein av tinga eg let meg fascinere av når eg ser på dei to, handler om korleis dei viser fram ulike måter å vere mann på. Eg er spent på å sjå om dette vil komme fram også i debatten tysdag natt.

På mange måtar er det mogleg å seie at den amerikanske mannen er i krise. På stadig fleire felt heng menn etter, akkurat som i Norge. Gutar fell bak jenter i skuleresultat, og på universitet nærmer det seg å vere to kvinnelege studentar for kvar mannlege. Menn lever kortare enn kvinner, og har langt høgare sjølvmordsrate. Menn er også overrepresenterte på statistikkar over arbeidsløyse, narkotikaoverdoser og alkoholisme.

I målingar viser det seg at færre menn i generasjon Z (fødd etter 1996) kallar seg feministar enn menn i generasjonen over (fødselsår 1981–1996). I dei same undersøkingane seier nesten halvparten av menn i alderen 18–29 år at dei opplever å møte diskriminering fordi dei er menn.

Det er ikkje så rart at menn ser seg om etter både forklaringar på at det er blitt slik, og moglege måtar å ta tilbake ei kjensle av kontroll. Mange finn båe deler i den såkalla «mannosfæren», fellesskap og influensarar i sosiale medier som formidler visse formar for maskulinitet. Den er aggressiv, ofte sint. Det handler gjerne om relativt tradisjonelle mannsroller og anti-feminisme, og det kan gjerne skli over i reint kvinnehat.

Mykje av retorikken til Vance er prega av at han vankar i og nær mannosfæren

Den morske kulturkrigaren

JD Vance, senator frå Ohio og Donald Trump sin visepresidentkandidat, er ein fengslande figur. Han vart først kjent for amerikansk allmente då han ga ut boka Hillbillyens klagesang i 2016. Boka er eit gripande portrett av oppveksten til Vance og familien hans frå Appalachia, eit fjellområde som strekk seg frå Alabama i sør til New York i nord.

Skildringa hans av å vekse opp med ei mor med tunge rusproblem og i ein kultur med store sosioøkonomiske problem, vart ein enorm suksess, og vart av mange haldt fram som ein slags guide til å forstå den kvite arbeidarklassa i USA sine utfordringar og for å forklare Trump sin siger.

Etter ei periode i militæret utdanna han seg til jurist, og har mellom anna arbeidd innan finansbransjen før han vart valt til senator frå Ohio i 2022. Fram til han starta si politiske karriere, var han skarpt kritisk til Donald Trump, men stilte seg bak den tidlegare presidenten i samband med valkampen då han søkte politisk verv.

Vance har sjølv sagt at han er kobla på det han kaller «rare, høgrevridde subkulturar på internett». Og det syns. Mykje av retorikken til Vance er prega av at han vankar i og nær mannosfæren, og har absorbert omgangstonen i desse foruma. Nettopp på grunn av dette var det ikkje så vanskeleg for motstandar Tim Walz å få merkelappen «rar» til å sitte godt fast: Den måten å snakke på som er vanleg i sosiale medium, og spesielt i desse subkulturane, er ikkje gjengs i den verkelege verda.

Det er derfor det skurrar sånn når JD Vance snakkar om «barnlause kattekvinner» som styrer landet for demokratane. Denne formen for brutalt nedsetjande skildringar av kvinner som, til dømes, vel å ikkje få barn, er heilt på det jamne i mange av dei podkastane og Discord-kanalane der Vance både henter inspirasjon og snakker med potensielle veljarar.

Det er imidlertid ikkje politikken hans som først og fremst gjer Walz så populær blant demokratiske veljarar

Den blide feministen

I møte med den litt morske og sinte anti-feministiske bølga som JD Vance har blitt kanskje den fremste talspersonen for, kan det vere at Tim Walz var eit naturleg val for Kamala Harris for å skape kontrast.

Han er liberal, og står mellom anna fjellstøtt bak Minnesota sin svært liberale abortlov. I eit demokratisk parti der dette er det einaste som gjeld, leverer han til ståkarakter.

Det er imidlertid ikkje politikken hans som først og fremst gjer han så populær blant demokratiske veljarar. Det er mannen sjølv.

Minnesota-guvernør Walz har bak seg ei årrekkje som reservist i forsvaret, han er ivrig jeger, han har tilbrakt det meste av sitt yrkesaktive liv i skuleverket og var assistenttrenar for fotball-laget.

Han er, på papiret, litt av ein manne-mann.

Walz ser imidlertid ikkje ut til å ha behov for å snakke ned karrierekvinner eller hevde maskuline verdiar for å trykke ned dei feminine. Han er visepresidentkandidat for ei kvinne, og lever etter alle solemerker godt med det. Han viser fram, meiner mange, ein måte å vere for likestilling, heie fram kvinner, og omfavne oppgåver i familien på, utan å gå på kompromiss med sin eigen maskulinitet.

På scena i New York i neste veke kan vi få anledning til å måle dei to kandidatane opp mot kvarandre, og kanskje kan vi få nokre glimt av korleis dei konkurrerande versjonane av mannlegheit kan sjå ut.

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land. Hun har jobbet i avisen siden 2022. Sigrid er kommentator og skriver da oftest om USA og amerikanske valg, Den norske kirke og aktuell samfunnsdebatt.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kommentar