Det starta litt bratt for visepresidenten i Philadelphia: Kamala Harris gjekk inn for eit handtrykk, medan Donald Trump stilte seg ved podiet. Ho måtte heilt bort til han for å introdusere seg. Det var nok meint som eit forsøk på eit tidleg uttrykk for styrke frå den tidlegare presidenten, men det endte som ein maktdemonstrasjon frå Harris. Ho tok scena frå start, og ho slapp den ikkje.
Harris var på hogget frå starten av, og leverte gode svar på spørsmål om økonomien og om situasjonen på grensa mot Mexico. Dette er tema der Donald Trump har gode kort, og burde vere fullt i stand til å stille Kamala Harris til veggs. Det høvet lét han gå frå seg, gong etter gong.
I nesten kvart einaste svar Harris leverte, var det bakt inn små stikk til Trump
Kamalas kveld
Trass at Trump frå starten av kvelden gira seg opp mot å levere kanskje sin beste debatt nokosinne, er det etterlatne inntrykket ein republikansk kandidat på defensiven. Disiplinen og saklegheita vi såg tidleg i debatten, forsvann i takt med at irritasjonsnivået hans steig.
Grunnen? Gjennom dei nitti minutta på scena viste Kamala Harris ei smått imponerande evne til å terge motstandaren sin og vippe han av pinnen.
Harris hadde tydeleg førebudd seg svært godt til debatten, ikkje berre på politikk, men på måtar å komme seg under huda på Donald Trump.
I nesten kvart einaste svar Harris leverte, var det bakt inn små stikk til Trump, som han ikkje klarte å la ligge. Påstandar frå Harris om at deltakarar på Trump sine valmøte keiar seg og går før det er slutt, at verdsleiarar ler av Trump, at Trump sin tryggingspolitikk er «svak og feilslått», var for freistande til å la ligge for Trump.
Trump lét seg føre
Det bør ikkje vere så enkelt å dytte ein presidentkandidat ut av fokus, men den tidlegare presidenten var på defensiven gjennom heile debatten. Han brukte langt meir tid på å forsøke å svare ut stikka frå Harris enn på å effektivt angripe politikken hennar.
Det var lagt opp til ei rekke tema der Donald Trump burde kunne levere ein sterk bodskap mot Kamala Harris, men han var konsekvent på bakfoten, og fekk ikkje til å ta sats på rett måte. Mange av angrepa vi forventa på førehand, kom til slutt, men ikkje på dei tidspunkta i debatten der dei ville ha mest sprengkraft.
Det viktigaste Trump kunne gjere var å klistre Kamala Harris til den sitjande presidenten, og møte alle hennar forslag med det enkle spørsmålet: «Kvifor gjer du ikkje noko med det alt no, du sit jo ved makta?». Det ville ha vore eit av Trump sine mest effektive argument, men han lét det i stor grad liggje heilt til slutningsinnlegget, og klarte heller ikkje der å levere med den krafta han burde.
Han var konsekvent på bakfoten, og fekk ikkje til å ta sats på rett måte
… og kva så?
Kombinasjonen av ei Kamala Harris som var budd til fingerspissane, og ein Donald Trump som ikkje ville, eller evna å, halde seg til planen, leverte noko nær siger på walkover for Kamala Harris.
Sjølv om ingen av kandidatane nær sagt gjennom heile debatten gav eit svar som faktisk svarte på det debattleiarane spurte om, var det ein av dei meir opplysande debattane i nyare presidenthistorie. Kamala Harris fekk introdusere seg for veljarane, og fortelje si historie. Ho fekk også vise at ho ikkje er redd for Donald Trump, og at ho kan handtere møta med han på ein god måte. Frå Donald Trump såg vi manglande evne til å prestere når det verkeleg gjeld.
Kamala Harris leverte – no er spørsmålet om det, til sist, speler noko rolle. Det Donald Trump fekk med seg frå debatten var videoklipp han kan bruke i sosiale medium – dei veljarane han treng å overtyde ser uansett ikkje nitti minutt med debatt.