Då Natos avtroppande generalsekretær så vidt viste seg i Rådhussalen torsdag ettermiddag, stansa praten umiddelbart. Det vart så stille at ein kunne høyrt ein Nato-pin treffe marmorgolvet. Applausen då Jens Stoltenberg entra scena, var ei rockestjerne verdig. Men elefanten i Oslo Rådhus var ikkje dei innsiktsfulle analysane om Donald Trump, transatlantisk tryggleik eller frontlinjene i Aust-Ukraina. Det var derimot kva hovudpersonen skal gjere når han om under ein månad han kjem heim for godt.
Blir ikkje forskar i SSB
Jens Stoltenberg var eigentleg i Oslo for å ta farvel etter ti år som generalsekretær i Nato. Mykje tyder på at han også var kommen hit for å seie hei til andre viktige oppgåver.
Sjølv er han hemmelegheitsfull. På spørsmål om kva han skal ta seg til etter 1. oktober, då han er ferdig i Brussel, var svaret torsdag at han berre har permisjon frå jobben som forskar i Statistisk sentralbyrå (SSB). Publikum lo rått då han sa det. Stoltenberg har hatt permisjon frå SSB sidan 1990 – og kjem neppe tilbake. Mannen med vittige svar og lurt smil har ein annan plan.
Det er ei kjend hemmelegheit blant kjelder både i Arbeidarpartiet og Utanriksdepartementet at statsminister Jonas Gahr Støre og utanriksminister Espen Barth Eide var usamde i om det var klokt å anerkjenne Palestina som sjølvstendig stat.
Som kjend ville Jens Stoltenberg helst bli sentralbanksjef ved den planlagte returen til Norge, nokre år tilbake. Det sette derimot krigen i Ukraina ein stoppar for, og bankjobben er ikkje lenger utlyst. Per no er det heller ingen ledige jobbar i Jonas Gahr Støres regjering. Ei regjering som har vore plaga av skandalar og kriser, har hatt fleire månader på rad utan ufrivillige statsrådsavgangar.
Det er som kjend ein statsministers privilegium å ha dei statsrådane rundt bordet som regjeringssjefen til ei kvar tid ønsker seg. For eit år sidan vart dåverande utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) bytta ut til fordel for Espen Barth Eide (Ap). Kan det bli fleire, før valet neste år? Og kan det i så fall rydde plass til Stoltenberg?
Uvanleg usemje i utanrikspolitikken
Eit par dagar før Nato-sjefens farvel i Oslo rådhus torsdag, barka Norges to tyngste utanrikspolitikarar (forutan statsministeren sjølv) saman i Politisk kvarter på NRK. Ine Eriksen Søreide (H) skulda Espen Barth Eide (Ap) for å ha spela eit uklokt og høgt diplomatisk spel om anerkjenninga av Palestina som sjølvstendig stat. Ikkje har anerkjenninga hjelpt palestinarane, ikkje har den bidratt til fred og ikkje har den fått andre større land med på lista over statar som anerkjenner Palestina.
Kort sagt har den vore ein symbolpolitisk fiasko, skal vi tru Eriksen Søreides fortelling. Den er det i denne saka gode grunnar til å tru på. Den tidlegare utanriksministeren kjenner aktørane og konflikten godt. Dersom ho blir utanriksminister igjen neste år, må ho også arve Barth Eides handtering.
Kritikken frå Høgres utanrikspolitiske spydspiss er usedvanleg sterk. Høgre og Arbeidarpartiet pleier å vere heilt samde om dei store linjene i utanrikspolitikken, men her sprikar det så mykje at det får utanforståande til å spørre seg kva som eigentleg føregår på bakrommet.
Det er lite usemje om Norge skal anerkjenne Palestina, men usemja handlar meir om kva tidspunkt som kunne gje størst reell påverknad på ein eventuell fredsprosess. Det einaste sosialdemokraten Barth Eide ser ut til å ha oppnådd med anerkjenninga, er å sette spikaren i kista for alle roller Norge kunne spela i forhandlingar mellom israelarane og palestinarane.
Kvifor er dette relevant å dra inn i ein diskusjon om kva Jens Stoltenberg skal drive med etter retur til Oslo? Jo, fordi det er ei kjend hemmelegheit blant kjelder både i Arbeidarpartiet og Utanriksdepartementet at statsminister Jonas Gahr Støre og utanriksminister Espen Barth Eide var usamde i om det var klokt å anerkjenne Palestina som sjølvstendig stat, før dei annonserte avgjerda i juni. Barth Eide vart oppfatta å ha ein langt meir aktivistisk profil i dette spørsmålet enn mange tidlegare utanriksministrar. Ei av forklaringane som blir trekt fram, er at utanriksministeren mellom anna ønskte å tilfredsstille AUFs krav om Palestina-anerkjenning for å sikre seg støtte i den pågåande nominasjonskampen i Oslo Ap.
«Treng ikkje» stortingsplassen
Førre veke informerte Eide nominasjonskomiteen at han ikkje lenger var aktuell til stortingslista. Til Dagsavisen sa han at han «ikke føler han trenger den stortingsplassen lenger». Sitatet vekte oppsikt i eit parti der ingen er større enn verken verv eller parti. Det er også sannsynleg at Eide har sett tal som viser at han ikkje ville klare å vinne fram.
No snakkar fleire om at Barth Eide overfor statsministeren kan ha overvurdert signala han fekk frå sine britiske og franske kollegaer i forkant av avgjerda om å anerkjenne Palestina. Det var Barth Eides vurdering av den diplomatiske situasjonen som Støre la til grunn då avgjerda vart tatt. Og er det ein ting Støre held høgt i sitt politiske liv, så er det evna til dialog med alle partar i krig og konflikt. Det farlegaste som skjer, er at folk sluttar å snakke saman, pleier han å seie.
Internt i Arbeidarpartiet får fleire vatn i munnen av å snakke om ein mogleg Stoltenberg-retur.
No ser det ut til at Espen Barth Eide kan ha sendt Norge i fryseboksen hos alle politiske aktørar på israelsk side av konflikten. Ein nærare kikk på Espen Barth Eides utanrikspolitiske rulleblad, viser at det i så fall ikkje er første gongen han har seld skinnet før bjørnen er skoten.
- Som FNs spesialutsending på Kypros sa Eide i august 2016 at det låg an til fred på Kypros. «Kanskje innan året er omme», sa han. Det er framleis ikkje fred mellom greskkypriotane og tyrkiskkypriotane.
- Det same skjedde det då han i august 2013 varsla at Kina og Norge hadde komme fram til ei løysing på konflikten mellom seg. Det skulle framleis ta etterfølgarane frå Høgre fleire år å jobbe fram ei reell normaliseringsavtale.
- Tidlegare i august vart norske diplomatar utvist frå Vestbreidda. Det er ei avgjerd som dessverre ser ut til å breiare støtte i Israel, også utanfor Netanyahu-regjeringa.
Eides fredspipe har slokna
Espen Barth Eide seier han ikkje treng stortingsplassen lenger. For Jens Stoltenbergs del blir det avgjerande om Jonas Gahr Støre framleis treng Barth Eide rundt kongens bord.
For er det ein posisjon ein tidlegare statsminister og avgått generalsekretær i Nato kan ta, så er det nettopp sjefsstolen i Utanriksdepartementet. Få vil ha betre føresetnader for å opne dører for Norge i utanrikspolitikken enn Stoltenberg, med det nettverket han har bygd opp i Nato. Dessutan finst det fleire framifrå eksempel på at andre har gjort det same før han. Svenske Carl Bildt var statsminister, og kom tilbake fleire år seinare som utanriksminister. Det same gjorde David Cameron i Storbritannia og Lars Løkke Rasmussen i Danmark.
Internt i Arbeidarpartiet får fleire vatn i munnen av å snakke om ein mogleg Stoltenberg-retur. Alle forstår at det kan vere med på å styrke eit lag som har slite nesten heilt sidan han forsvann til Brussel i 2014.
Fredag stod Jonas Gahr Støre og Jens Stoltenberg på pressekonferanse saman, som statsminister og avtroppande generalsekretær. Då sa Stoltenberg at han ville bidra for partiet, men avviste at han vil tilbake til toppolitikken. Slike garantiar frå ein politisk ringrev som Stoltenberg skal vi ta med fleire klyper salt. Uansett kva som stemmer, kunne ikkje Stoltenberg svart annleis under pressekonferansen.
Han kan nok få mange av dei jobbane han ønsker seg. Det er ikkje utenkeleg at utanriksministerjobben er ein av dei.