Ein av dei mest kjensleladde sekvensane på landsmøtet til Det demokratiske partiet sist veke, kom då fire vanlege menneske fortalde sine historier om utfordringane dei hadde møtt då dei av ulike grunnar søkte å avslutte eit svangerskap. Eit par fortalde om ein fødsel som starta etter 18 veker, der mor nesten mista livet fordi sjukehuset ikkje meinte at tilfellet var alvorleg nok til å kvalifisere til unntak frå Texas’ strenge abortlovgjeving, ei anna fortalde om ei graviditet som følge av seksuelt misbruk frå stefar sin.
I det heile var spørsmålet om abort – tatt inn under det lett eufemistiske samleomgrepet reproduktive rettar – sjeldan langt i bakgrunnen gjennom dei mange timane med talar på scena i Chicago. Den eine etter den andre la forsamlinga på hjartet at valet i november kan vere avgjerande for abortlovgjevinga i Amerika.
Den ekstreme abortlova
Sommaren 2022 oppheva Høgsterett dei omstridde vedtaka i sakene Roe v. Wade frå 1973 og Planned Parenthood v. Casey frå 1992, og oppheva slik det nasjonale abortregelverket i USA. Vedtaket slo ned som ei bombe mellom aborttilhengarar. 14 delstatar har no eit forbod mot sjølvvald abort, nokre av dei har unntak i visse tilfelle. Tre delstatar har ei grense på seks veker, mens fire andre har grenser på mellom tolv og atten veker. Dei øvrige delstatane har meir liberale reglar som er i tråd med slik den nasjonale lovgjevinga var før 2022.
Abortsaka har i mange tiår vore ein viktig reiskap for å motivere veljarar på republikansk side. Inn mot årets presidentval er det like viktig på demokratisk side.
Det ein vil tilbake til er ein ekstrem tilstand, sett med norske augo: Grensa for sjølvvald abort gjekk ved levedyktighet, 24 veker av svangerskapet. Dei siste åra har ein sett yngre barn enn dette bli redda etter ein for tidleg fødsel.
Det ein vil tilbake til er ein ekstrem tilstand, sett med norske auge: Grensa for sjølvvald abort gjekk ved levedyktighet
Tilfellet Minnesota
Visepresidentkandidat Tim Walz har som guvernør i Minnesota signert ei av landets mest liberale abortlover, som i teorien gjer høve til abort fram til den førtiande – og siste – svangerskapsveka.
Her er det likevel svært viktig å vere klar over nyansane: For det første var dette allereie gjeldande lov i Minnesota, gjennom eit vedtak i delstatens Høgsterett. Frykta for at eit teoretisk framtidig fleirtal i denne rettsinstansen skulle endre på dette var bakgrunnen for lovvedtaket. For det andre viser tal frå Minnesota under det gjeldande høgsterettsvedtaket at 88 prosent av abortar i 2021 vart utført i første trimester – altså innanfor dei første tolv vekene – og berre eitt enkelt inngrep vart gjort etter 24 veker. For det tredje vil det vere vanskeleg å finne seriøse aktørar som tilbyr abort i USA, korkje i Minnesota eller andre stader, som vil gjennomføre eit slikt inngrep etter 24 veker med mindre livet til mor er i fare. Berre 1–2 prosent av abortar i USA skjer etter 21 veker av svangerskapet, ifølgje ACOG, den nasjonale organisasjonen for obstetrikk og gynekologi. Det er den same andelen som i Norge, som har nemndhandsaming av abortsakar etter 12 veker.
For deler av den demokratiske koalisjonen er det berre Walz’ lov som er god nok. Frå fleire i partiet har presidentkandidat Harris møtt motstand mot sitt standpunkt om å lovfeste rammeverket frå Roe v. Wade fordi også ei absolutt grense ved levedyktighet blir sett på som eit statleg inngrep i sjølvråderetten. Det kan vere vanskeleg å forstå.
Det andre ytterpunktet
Heller ikkje i Det republikanske partiet er ein samstemte om abortsaka. Dei ivrigaste abortmotstandarane ønskjer seg eit nasjonalt abortforbod, og ser føre seg å bruke eit eventuelt republikansk fleirtal i Kongressen til å gjennomføre dette. Det er i strid med mange republikanarar sine grunnleggjande prinsipp å vedta slike nasjonale retningsliner. Dei fleste republikanarar meiner at så lite mynde som mogleg skal ligge nasjonalt, men heller vere fordelt ut til delstatane. Spenninga mellom kva som tilhøyrer det nasjonale nivået og kva som ligg hjå delstatane er faktisk ei av dei sentrale skiljelinene mellom demokratar og republikanarar.
I møte med visse verdispørsmål har likevel partiet også tidlegare vore villige til å sjå vekk frå desse prinsippa. Frå 1996 til 2022 hadde USA eit nasjonalt forbod mot likekjønna ekteskap, fremja av republikanske kongressmedlemmer. I vår la den såkalla studiekomiteen i det republikanske partiet fram eit budsjett som, mellom anna, støtta å setje ei nasjonal grense for sjølvvald abort på femten veker, etter at Donald Trump hadde antyda at han kunne stille seg bak ei slik lovregulering.
Fleire i partiet feira Høgsterett sitt vedtak i 2022 som starten på ein ny æra i USA si historie, der respekten for det ufødde livet skulle stå i høgsetet. Mange sentrale partimedlemmer såg på dette også som startskotet for å innskrenke tilgang til medikamentell abort. Ei endå mindre gruppe vil heie fram begrensningar på prøverøyrsbehandling (IVF) og til og med prevensjon. Donald Trump sin visepresidentkandidat J.D. Vance har tidlegare i si politiske karriere teke til orde mot IVF. Denne gruppa er imidlertid i utakt med veljarane, også sine eigne. Berre om lag 8 prosent av amerikanarar meiner at tilgang til IVF ikkje er positivt, ifølgje Pew Research.
Fleire i Det republikanske partiet feira Høgsterett sitt vedtak i 2022 som starten på ein ny æra i USA si historie
Trump vaklar
Under partiet sitt landsmøte i sommar vedtok republikanarane likevel, etter påtrykk frå presidentkandidaten sin, eit program for kommande periode som ikkje inkluderer ei nasjonal abortgrense. For første gong sidan 1986 går Det republikanske partiet inn i ein valkamp utan eit program som går inn for å lovfeste rettsvern for det ufødde livet.
Om Donald Trump først og fremst er oppteken av delstatane sine rettar, eller om han veit at eit forslag om ei – i amerikansk målestokk – streng nasjonal abortgrense vil skade sjansane hans til å bli president, kan vi berre spekulere i. Den tidlegare presidenten har gjennom sine år i politikken uttrykt mange ulike syn på abortspørsmålet, men viser samstundes lite forståing for nyansane i dei ulike forslaga. I 2016 møtte han kritikk frå båe sider av det politiske spekteret då han sa at dersom abort vart kjent ulovleg måtte det medføre ein form for straff for kvinner som likevel fekk gjennomført inngrepet.
… og folket i midten
Fakta er dette: Om lag 85 prosent av det amerikanske folket stør sjølvvald abort i ein eller annan form.
Det som kompliserer bildet – ganske kraftig – er måten abort blir omtalt i USA. Ei abortlov som den norske, med ei grense på tolv veker for sjølvvald abort, er i amerikansk kontekst å rekne som abortforbod. Å vere for nokon form for avgrensing av sjølvvald abort, vert i praksis sett på som abortmotstand.
Ein person som Joe Biden, som har sagt at han personleg er motstandar av abort, men ikkje ønskjer at loven skal følge hans personlege syn, er ein døyande rase i det demokratiske partiet. Å stille seg nokon annan stad enn hundre prosent bak fri abort fram til fosteret er levedyktig er å stille seg utanfor det gode selskap. Tilsvarande er det få andre enn Donald Trump som slepp unna med å vere såpass slapp i abortstandpunktet hjå republikanarane.
Mesteparten av landet er imidlertid ikkje på linje med partia sine. Om lag 55 prosent av amerikanarar sa i ei YouGov-undersøking i vår at dei meiner abort bør vere lov fram til eit visst tidspunkt i graviditeten og underlagt restriksjonar etterpå. Resten av befolkninga deler seg nesten likt mellom dei som meiner det ikkje bør vere grenser for sjølvvald abort, og dei som meiner at det ikkje bør finnast sjølvvald abort i det heile.
Det er farleg lett å tenkje at dei som er motstandarar av grenser på abort, først og fremst er motivert av ein eller annan form for vond vilje. Det stemmer neppe. Målet til langt dei fleste er å verne kvinners helse. På same måte er det ikkje vond vilje som driv abortmotstandarane, men heller eit brennande ønske om å verne det ufødde livet.