Kan vi hate eit menneske så sterkt at vi ikkje lenger forstår at dette mennesket også var ein av oss?
Svaret på det er eit rungande ja.
I den norske kulturen finnast det knapt avtrykk av våre mest forhatte menn (med unntak av historiske verk og biografiar). Om terroristen frå Utøya allereie har blitt portrettert på film og i tv-serie, har dei to kjente landssvikarane Vidkun Quisling og Henry Rinnan så og seie vore fullstendig borte, både frå det store lerretet og frå dei skjønnlitterære bøkene.
Først no, med Erik Poppes film Quislings siste dager, blir Quisling gitt plass. Rinnan har enno ikkje fått sin eigen film, men han dukka opp i Simon Strangers suksessroman frå 2019, Leksikon om lys og mørke. No i august kom Rasende lys av Nikolai Frobenius, med undertittelen En roman om Henry Rinnans framgang.
Det har vore ei av bøkene eg har sett mest fram til å lese i år. Derfor vart eg overraska over kor provosert eg vart under lesinga.
Ikkje som oss
Der Vidkun Quisling var den som leia den tyskstøtta regjeringa under krigen, var Rinnan ein frykta etterretningsagent og torturist. Han var leiar for Sonderabteilung Lola, meir kjent som Rinnan-banden, og stod bak at tusen aktive motstandsfolk vart arresterte – fleire hundre av dei vart torturerte og over 80 av dei drepne. Rinnan kunne sjølv stå for torturen.
Bestefar til kona mi budde heile sitt vaksne liv på Tyholt i Trondheim, berre tjue minutts gange frå huset der Rinnan og banden torturerte og drepte motstandsfolk. Og han ville aldri ta namnet til Rinnan i sin munn. Raseriet over kva Rinnan hadde gjort, sat djupt.
Slik var det for mange. For generasjonen som opplevde krigen, var truleg Quisling og Rinnan så hata for sine handlingar og sine val, at det var vanskeleg å argumentere for at dei var menneske med dei same rettane som oss. Så vart dei også begge to skotne i det hastige, og i nokre tilfelle mangelfulle rettsoppgjeret etter krigen.
Burde ikkje vere så spennande
I romanen Rasende lys prøver Frobenius å forstå kva det var som gjorde Rinnan til eit monster. Og han legg ikkje noko imellom i scener der Rinnan både ser på og utfører tortur. Riktignok gjer Frobenius nokre merkelege val, blant anna i korleis han skriv om torturen av Edel Sødahl (1917-1965), noko kritikar Ingunn Økland i Aftenposten presist har peikt på i si melding av boka.
Men det er inga lett oppgåve å forstå vondskap. Det krev mykje både av eit verk, av kunstnaren, men også av oss som skal ta det inn over oss. Og Rasende lys er ikkje den store romanen om Rinnan som vi treng. Til det er boka for lett å lese, det er nesten for spennande å følge med på Rinnans dobbeltspel og virke.
For dette burde ikkje vere ei bok som underheld oss. Dette burde vere ei bok som gjer oss rasande og fortvilt.
Treng vi raseriet for å forstå?
Når eg les Rasende lys, undrar eg på om det har gått så lang tid sidan brotsverka til Rinnan at vi har mista noko på vegen.
Mange vil hevde at vi treng avstand frå det vonde, frå trauma, for å fullt ut forstå og kunne snakke og skrive godt om det. Som det blir sagt i Joanna Rubin Drangers bok om holocaust, Husk oss til livet, ville ikkje generasjonen som opplevde krigen snakke om det. Den neste generasjonen turde ikkje spørre, og først den tredje generasjonen prøvde å forstå.
For kva om det rasande sinnet og det blinde raseriet frå dei som levde med brotsverka til Quisling og Rinnan, er ein like god, om ikkje betre, måte å forstå kven landssvikarane var?
Men er det å prøve å forstå den beste inngangen til å skjønne vondskap? Er det gitt at generasjonar som ikkje opplevde krigen og okkupasjonen, er best i stand til å forstå kven Quisling og Rinnan var? Er det slik at vi på avstand, ved å prøve å dikte og leve oss inn psykologien til ein overgripar, kan få fram eit fullendt og verdig blikk på overgrepa?
Eg er høgst usikker. For kva om det rasande sinnet og det blinde raseriet frå dei som levde med brotsverka til Quisling og Rinnan, er ein like god, om ikkje betre, måte å forstå kven overgriparane var og korleis vondskapen deira verka?
Prisgitt overgriparen
Det er ei urettferdig innvending mot ein roman som er skrive i ei anna tid enn vår. Men det verker som mykje av drivkrafta bak Rasende lys er ideen at vi må forstå overgriparen for å forstå vondskapen. Og det er ein problematisk idé. For i eitkvart overgrep, er det eit offer. Og eg vil hevde at den som utfører brotsverket, ikkje forstår det andre mennesket som han eller ho skadar og øydelegg. Det er noko heilt anna at Henry Rinnan sjølv skjønte kvifor han tok liv og torturerte. Han gjorde det fordi han fekk resultata han ønskte seg der og da, og fordi han meinte det var rett.
Å forstå dette, er ikkje å forstå kva det gjorde med offera. Det blir litt som når vi snakkar om tilgjeving, og spør om offeret for eit brotsverk har tilgitt overgriparen. Det er eit djupt problematisk spørsmål, for det sidestiller offeret og overgriparen, som filosof Arne Johan Vetlesen har peikt på her i avisa.
Det er opp til dei som har blitt utsett for overgrep, om dei vel å tilgi. For dei må leve med overgrepet. Historia og innsikten deira er unik og nesten umogleg å ta inn over seg. Nettopp derfor er det så viktig å nærme seg opplevinga deira av det vonde som har skjedd. Utan deira versjon, er vi dømde til å prøve å forstå på avstand. Eller vi vil vere prisgitt perspektivet til overgriparen.
Vi forstår ikkje krigen
Eg trur dette er noko av grunnen til at Rasende lys ikkje greier å vere ein viktig og nødvendig roman om Henry Rinnan. Boka har fleire parti der vi møter karakterar i motstandsrørsla som blir fanga og torturert av Rinnan, men eg kjem aldri under huda på dei. Det liknar meir på parti frå heltefilmen om Max Manus, og blir heller ståande som eksempel på kor vanskeleg og ufullendte vår tids ulike forsøk på å forstå den andre verdskrigen og den norske motsandskampen, er blitt.
Her trur eg Erik Poppe sa noko viktig då vi intervjua han i forkant av urpremieren på Quislings siste dager i Haugesund i helga. Han snakka om at det var nødvendig å ha fått distanse til historia. Men samtidig meinte han at filmen han no er aktuell med, kunne blitt vist allereie på 1950-tallet.
– Langt på veg burde den ha vore laga før. Men eg trur det norske samfunnet har hatt eit sterkt kollektivt behov for å legge Quisling bak seg, sa Poppe.
Når vi feller dom
Kva om vi som samfunn og folk mista noko heilt essensielt då vi valde å legge menneske som Quisling og Rinnan bak oss? Kva om vi ikkje berre mista kunnskapen om korleis nokon kunne gjere det Quisling og Rinnan gjorde, men at vi også lukka rommet der raseriet og hatet over forrædarane kunne komme til uttrykk?
Det handlar ikkje om å forstå, det handlar ikkje om å tilgi, men om å tørre å gi plass til og undersøke det sinnet og raseriet som så mange følte på under og etter krigen. Ikkje for å gjere oss til ein mobb, slik det norske folk vart da vi tok for oss «tyskerjentene» og «tyskerbarna». Men for å prøve å forstå oss sjølve til neste gong vi skal felle vår dom over ein av våre bødlar.