Augneblinken på SAS-hotellet i Nydalen, 7. november 2003, då Valgerd Svarstad Haugland med gråtkvalt stemme sa at ho ville gå av som partileiar, har brent seg fast i minnet. «No vil nok mange skrive om Valgerds fall, og mange har venta på denne dagen», sa ho om seg sjølv.
Valgerds berømte sitat
Så sa ho noko som burde fungert som ei åtvaring til framtidige leiarar og partiet: «Å vere leiar for eit politisk parti er tøft. Det er endå tøffare å vere leiar for KrF».
Den gongen var bakgrunnen den kompliserte Medhaug-saka og eit kommuneval i september 2003 som gjekk skeis.
Heller enn å vere ærleg på at konfliktar oppstår i ein organisasjon der det er kamp om makt, dyrkar KrF det som kan likne på ein kyrkjelyd-aktig harmoni der konfliktar blir lagt lokk på til fordel for god stemning.
Skal vi tru statistikken frå den siste tjueårsperioden, fekk Svarstad Haugland rett. Ikkje noko anna stortingsparti som har vore representert på Stortinget i heile den tjueårsperioden, har hatt fleire partileiarar.
Allereie før den pågåande krisa kring partileiar Olaug Bollestad sprakk i media, var talet fem. Det er ikkje utenkeleg at talet er seks før landsmøtet i mai neste år. Sidan 2003 har Sp hatt fire partileiarar, Høgre har hatt to, Ap to, Venstre tre, Frp tre og SV tre.
Soga om KrF-leiarane frå 2003
Svarstad Haugland gav stafettpinnen til Dagfinn Høybråten som fekk ei stri tørn med både røykelov, dårlege meiningsmålingar og eit stempel som mørkemann. Konflikten mellom han og nestleiar Inger Lise Hansen enda til slutt med at Høybråten også trekte seg brått. Også han fekk anonym kritikk i media for det som vart skildra som ein kritikkverdig leiarstil, før også fleire namngitte kjelder stod fram med kritikk. Fleire partifellar uttalte at det var vanskeleg å vere usamd med partileiaren.
Det er som om kritikken mot Olaug Bollestad er eit ekko frå den gongen.
Knut Arild Hareide måtte dermed overta fleire år for tidleg etter kva dei som stod Hareide nær meinte var strategisk lurt. Dessutan overtok Hareide også den interne stridinga om kva som skulle vere KrFs prosjekt og ei oppslutning på retur? Det måtte gå gale, slik det også gjorde hausten 2018. Den gongen såg eg med eigne auge som Hareides rådgjevar korleis han åtvara om at Kjell Ingolf Ropstad ville få det same mørkemannsstempelet som Høybråten, dersom han brukte abortkortet til å vinne retningsstriden.
Det gjekk som det måtte gå, og Ropstad fekk ein verst mogleg start på gjerninga som partileiar. Han kom seg aldri på offensiven. Til liks med sine forgjengarar fekk Ropstad også ein uverdig slutt. Ikkje berre hadde partiet hamna under sperregrensa veka før, men Ropstads rot med pendlarbustad var den største skandala i norsk politikk anno september 2021.
Ingen søndagsskule
Olaug Bollestad fekk jobben med å samle partiet og sløkke ulmebrannen som hadde laga røyk sidan Valgerd Svarstad Hauglands dagar. Alle visste jobben var krevjande, kanskje aller mes Bollestad sjølv som hadde vore nestleiar under to av forgjengarane.
Korleis fekk KrF dette høge forbruket av partileiarar? Kvifor klarar ikkje partiet å gjere som andre parti, der avgangane oftare er planlagde? Fleire gonger klarar dei andre til og med å gje den nye partileiaren kjærleg medvind frå start, som då Kirsti Bergstø tok over for Audun Lysbakken eller då Jonas Gahr Støre tok over for Jens Stoltenberg. Også parti som SV og Ap er fulle av interne motsetnader og maktkamp.
I andre parti kan det verke som om dei aktive tillitsvald er meir ærlege på at det føregår ein reell kamp om makt. Der har KrF aldri vore, utanom nokre hektiske veker hausten 2018.
KrFs kjede av kriser sidan pressekonferansen på SAS-hotellet i Nydalen i 2003, vitnar om noko som sit djupare i partiet enn den situasjonen som er oppstått rundt noverande partileiar Olaug Bollestad. Historier som har ein tendens til å gjenta seg, har ofte rot i noko større enn det vi ser rundt oss akkurat no.
I boka Ingen søndagsskole – tro, makt og strid i Kristen-Norge (2021) skriv tidlegare KrF-rådgjevar og Vårt Land-redaktør Åshild Mathisen om noko av det som kan ligge og ulme.
Ein av grunnane som ho skildrar i boka, er redselen for konflikt. Heller enn å vere ærleg på at konfliktar oppstår i ein organisasjon der det er kamp om makt, dyrkar KrF det som kan likne på ein kyrkjelyd-aktig harmoni der konfliktar blir lagt lokk på til fordel for god stemning. Politikk er ikkje berre politikk i KrF. Der andre parti kjempar om makt, vinn og tapar, stikk det mykje djupare i KrF. Det handlar om tru og samvit.
KrF-arane sin ryggmargsrefleks er å finne minste felles multiplum og så ikkje snakke meir om det av frykt for at det skal vise seg at dei ikkje var samde likevel. Abortspørsmålet er det fremste eksempelet på denne politiske metoden. I KrF vert det fortald ei myte om at det er menneskeverdsspørsmåla som verkeleg samlar partiet, medan i rom der meir enn to KrF-arar er samla finst det minst to syn på abort.
I rom med så manglande ueinigheitskultur kokar det på eit eller anna tidspunkt over.
Kunstig harmoni
I andre parti kan det verke som om dei aktive tillitsvald er meir ærlege på at det føregår ein reell kamp om makt. Der har KrF aldri vore, utanom nokre hektiske veker hausten 2018. Men sjølv den gongen insisterte dei øvste leiarane for kvar sin fraksjon på at det ikkje eksisterte noko konflikt.
Ein annan måte å forstå KrFs kriser og konfliktar på, er mangelen på eit tydeleg og samlande politisk prosjekt. Heilt sidan 1990-talet har oppslutninga peika i feil retning, og då Svarstad Haugland måtte gå av i 2003 byrja nedturen for alvor. Partiet har ikkje klart å bli samde om korleis dei skal snu trenden. Heller ikkje dagens KrF har funne oppskrifta, sjølv om dei er stadig færre til å diskutere seg imellom.
Det er framleis uvisst kva som vil skje med Olaug Bollestad som partileiar. Det er ikkje utenkeleg at ho i nær framtid vil varsle sin avgang. Dersom ho ikkje gjer det, er det sannsynleg at ein del andre i det sentrale apparatet vil gjere det.
Spørsmålet er om situasjonen kunne vore løyst på ein annan måte, eller om dette er ei arv som vil forfølge også den neste partileiaren av KrF. Det er som Svarstad Haugland sa tøffare å vere leiar for KrF enn noko anna parti.
For ordens skuld: Emil André Erstad var i perioden 2016 til 2019 rådgjevar for tidlegare partileiar Knut Arild Hareide.