Synst du borna dine les for få bøker? Kanskje du skal sjå deg i spegelen, dersom du klarar å få blikket opp frå din eigen smarttelefon.
Det var bodskapen i e-posten som kom frå rektor på podens skule tidlegare i år. Born gjer ofte som foreldra sine. Ser dei at foreldra finn glede i skjerm og ein pose med smågodt, så er det rasjonelt av barnet å følge foreldras eksempel. Ser dei derimot at far eller mor finn skattar i ei bok, er det ein viss sjanse for at mini òg vil ta ut på same skattejakt i litteraturens verd.
Du bestemmer
«Eg skulle så gjerne lest fleire bøker», seier folk. Dei seier det som om det er ei eller anna kraft utanfor dei som er ansvarlege for at dei ikkje les bøker. Suget frå Facebook-appen på iPhonen kjennest kanskje som ei slik nesten andeleg kraft, men det er faktisk du som bestemmer om du skal klikke deg inn dit kvart femte minutt.
Du har faktisk tid til å lese noko betre enn det feeden og algoritmane i sosiale medier lurer deg til å lese. Det er framleis du som bestemmer over merksemda di, nesten uansett kor travel du er
Nyleg las eg Jonathan Haidts tankevekkande bok Anxious generation, der den amerikanske sosialpsykologen tar eit oppgjer med korleis sosiale medium styrer liva våre. Situasjonen er blitt så ille at den får fatale konsekvensar for den psykiske helsa til ein heil ungdomsgenerasjon.
Samstundes som vi ligg med nasene våre langt inni feriealbuma til tidlegare kollegaer og perifere slektningar på Facebook, håpar vi at vi ein dag skal få lyst til å ta opp den der boka vi har lova både omverda og oss sjølv at vi skal lese.
Les noko betre heile året
For fire år sidan var det Forleggerforeningen som prøvde å vekke massane med den kampanjen Les noe bedre i sommer. Kampanjen fekk fram det komiske i kva dei fleste av oss brukar lesekonsentrasjonen vår på. Erlend Loe og Agnes Ravatn stira alvorleg inn i kamera, medan dei las høgt frå forumpostar, Facebook-utfordringar, nett-testar og clickbait-artiklar.
Mange lo, klappa og tenkte kanskje at denne sommaren skulle dei lese fleire bøker, ja, kanskje skulle dei halde det gåande langt inni hausten til og med. Likevel var det sannsynlegvis dei hjernedaude tekstane på Instagram som vann kampen om merksemda.
Eg vil gå lenger enn Forleggerforeningen, som nøyer seg med å oppmode til lesing om sommaren. Eg vil heller sei: Les noko betre, heile året, kvar dag.
Boklesing versus skrolling er eigentleg den ultimate marshmallows-testen for vår tid. Ved å skrolle på skjerm får du endorfin-rushet nesten umiddelbart. Ved å lese ei bok tar det vesentleg lenger tid. Det skjer kanskje ikkje før du er på side femti.
Det tar tid for hovudet å sette dei kompliserte symbola på boksidene i system. Bokstavane, mellomromma, komma og punktum. Det som står mellom linjene.
Men då det etter kvart skjer, er effekten langt større enn ved å sjå ein reel om livet i ein campervan. Til dømes har fleire studiar vist at du ved å lese fiksjonslitteratur aukar evnene til å forstå og relatere til andre menneske. Du blir rett og slett meir sympatisk og utviklar høgare sosial intelligens.
Det går til dømes heilt fint an å lese både Agnes Ravatn og Frode Grytten samstundes, sjølv om alle andre forfattarar då blir ein nedtur etterpå
Å lese mykje sakprosa fører til betre problemløysing og betre evne til å gode avgjerder, tyder anna forsking på. Og då har vi ikkje eingong sett på alle helsefordelane som kjem med det å lese bøker.
Like mykje som du blir kva du et, viser forskinga at du òg i aukande grad blir kva du les.
Fire konkrete lesetips
For at denne teksten ikkje berre skal vere ein moralsk peikefinger (det er den også), kjem her mine beste lesetips (i tillegg til det om å slette appane for Facebook, Instagram, Snapchat, TikTok, osv. frå telefonen)
1) Les bøker som engasjerer deg. Med det meiner eg: Ikkje les for nokon andre. Ikkje les for å imponere. Trur du ikkje naboens forelsking i Edvard Hoems slektskrønike er noko for deg, treng du ikkje overtyde deg sjølv om noko anna. Du treng ikkje å fullføre bøker du ikkje lar deg engasjere i. Det er heilt lov.
2) Set deg enkle lesemål. Det held å byrje i det små. Kanskje eit tal bøker i månaden eller året, eller kanskje eit tidsmål? Dersom du klarar femten minutt med bok kvar dag, er det sannsynlegvis femten minutt meir enn du gjorde i går og førre veke. Vel gjerne alle andre situasjonar enn å lese på senga. Det er fint det òg, altså, men det tar jo frykteleg lang tid å lese bøker som forsvinn inn i draumeland.
3) Les fleire bøker samstundes. Det går an å ha ei bok på senga, ei anna bok på lydbok og ei tredje fysisk ved kjøkkenbordet. Det går til dømes heilt fint an å lese både Agnes Ravatn og Frode Grytten samstundes, sjølv om alle andre forfattarar då blir ein nedtur etterpå.
4) Les saman. Det er fint å lese bøker saman med partnaren sin, eller borna sine, eller alle saman saman. Eit anna og fullgodt alternativ er å finne ein lesesirkel eller bokklubb med folk du kjenner, som kan dedikere tid ved jamne mellomrom til å dykke heilt ned i ei bok de les saman. Det er faktisk noko av det beste som finst: å snakke om det du har lese med andre som har lese det same.
Fordi: Du har faktisk tid til å lese noko betre enn det feeden og algoritmane i sosiale medium lurer deg til å lese. Det er framleis du som bestemmer over merksemda di, nesten uansett kor travel du er.