Kommentar

Bidens verste kveld i politikken

Dei som hadde håpa å sjå ein Joe Biden i toppform på debattscena torsdag, måtte slå av fjernsynet skuffa.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Alle blikk var retta mot Joe Biden natt til fredag norsk tid. Han skulle møte sin forgjengar – og moglege arvtakar – Donald Trump til debatt i Atlanta.

På bordet låg berre éin ting: Joe Biden måtte vise seg våken, klar og i stand til å aksle presidentjobben.

Forventningane var så låge at Det republikanske partiet såg seg nøydde til å legge inn ein panisk innsats den siste veka for å løfte dei: Rådgjevarane til presidenten kom til å gje han prestasjonsfremjande stoff og han kom til å vere dopa på scena.

Kjensla var at alt Biden trengte å gjere for å vinne debatten var å snakke i samanhengande setningar.

Det klarte han ikkje.

Inntrykket av Joe Biden som ein gammal mann som roter vil sitje att hjå dei som såg på debatten

Ein gammal mann som roter

Han sa Trump når han meinte Putin, han sa «billionar» når han meinte «milliardar», han hadde fleire augneblink der han tydeleg gløymte det han hadde tenkt å seie, og avslutta andre setningar enn dei han starta.

Som for å legge stein til byrda var det også tydeleg at Biden ikkje var i toppform: Han var tungpusta og i periodar bar knapt den forkjølte stemma.

Trass i at Donald Trump heller ikkje snakkar spesielt samanhengande og lyg nesten kontinuerleg, er det inntrykket av Joe Biden som ein gammal mann som roter som vil sitje att hjå dei som såg på debatten.

Frå tid til annan kunne vi sjå Biden slik vi kjenner han, blid og i angrepsmodus

Ikkje eingong på eit direkte, og svært føreseieleg, spørsmål om alderen, hadde Joe Biden eit tydeleg gjennomarbeidd svar som fylte den avsette tida. Det kunne ha gitt mange ro om han i det minste kunne handtere dette på ein god måte.

Det var ikkje lett å få ut sannferdige svar frå Trump, eller samanhengande resonnement frå Biden

Innhald er ekstra

Det var heller lite framskuande politikk å spore hjå kandidatane, men heller kjekling om 6. januar, om rettsprosessane mot Trump og mot Biden sin yngste son Hunter, og om golf(!).

Sjølv om ein var innom både økonomien, utanrikspolitikk, abort og innvandring, kunne ein i liten grad få med seg kva som vil skje dei neste fire åra med den eine eller andre presidenten.

Det var ikkje lett å få ut sannferdige svar frå Trump, eller samanhengande resonnement frå Biden.

I det heile var det ein lite opplysande debatt, og det er grunn til å tvile på at denne debatten vil flytte veljarar – men den kan i høg grad flytte på stemninga i Det demokratiske partiet.

Ein ny kandidat?

Det er nesten to månader til partiet held sitt landsmøte. I løpet av den tida vil vi truleg sjå meir av det vi alt ser fredag morgon: Overskrift etter overskrift om at fraksjonar i partiet vil sjå på om det er mogleg å bytte ut Biden, enten før eller under landsmøtet i august.

Det er ikkje veldig sannsynleg at det vil skje – kanskje ikkje minst fordi den naturlege etterfølgjaren vil vere visepresident Kamala Harris, som også gjer det svært dårleg på meiningsmålingane. Om ein taper med Biden eller med Harris på valsetelen er kanskje ikkje så viktig.

Jobben for Joe Biden dei neste vekene er å overtyde partiet om at han er i stand til å levere betre enn han gjorde i kveld. Spørsmålet er om han kan.



Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll

Sigrid Rege Gårdsvoll er vaktsjef i Vårt Land. Hun har jobbet i avisen siden 2022. Sigrid er kommentator og skriver da oftest om USA og amerikanske valg, Den norske kirke og aktuell samfunnsdebatt.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kommentar