Politisk gambling kan gi ytre høgre makt i Frankrike

Den unge partileiaren Jordan Bardella får fotballhelten til å prate politikk og det liberale Europa til å skjelve i buksene.

FARLEG: Fotballhelten Mbappé kan måtte returnere til eit Frankrike han ikkje vil representere. Der den moglege valsigeren til Jordan Bardella framleis blir feira blant ytre-høgre-politikarar over heile Europa, skriv Lars Inge Staveland.
Publisert Sist oppdatert

Sjå for deg følgjande om nokre veker: Frankrike har nettopp vunne fotball-EM og er i ekstase. Straks opnar OL-festen i Paris. Paradegata Champs Elysées kokar, den gong av jublande franskmenn, ikkje illsinte demonstrantar i gule vestar.

Den revolusjonære nasjonalsongen Marseillaisen ljomer kvar kveld, og trikoloren vaier langs dei store boulevardene i hovudstaden.

For den 28 år unge Jordan Bardella kan sommaren 2024 også bli ein politisk fest. Leiaren av ytre-høgre-partiet Nasjonal samling kan bli den første ytre-høgre-leiaren som blir statsminister i Frankrike.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP