Kommentar

Eg fann nåde på VG-Lista Topp 40

Det er litt rart å stå der på VG-Lista Topp 40 saman med dattera mi og tenke på Rudi Myntevik og lovsong.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

«Mitt hjarte er roleg, Gud, eg vil syngja og spele av heile mi sjel.»

Slik lyd David i Salmane 108,2, og sist fredag var det slik fleire tusen lydde på VG-Lista Topp 40 framfor rådhuset i Oslo. Heile det store området ved Aker Brygge var stappa fullt av ungdom, unge vaksne, og barn. Eg var ein av dei mange foreldra som også stod der, trøytt, sliten og litt ubudd på det massive trykket frå over 40.000 som hylte, jubla og song i pur glede.

Hos meg var det lite glede å spore, eg var ferdig med arbeidsveka og hadde mest lyst til å legge med ned og slappe av med ein fotballkamp på tv. Men dottera mi hadde snakka om VG-Lista i fleire veker, det var ingen veg utanom, og vi hoppa på trikken ned til sentrum av Oslo. Da vi endeleg stod der og folk trykte seg på rundt oss, kasta eg eit blikk på dottera mi, lurte på om ho vart stressa av alle menneska og all denne trengselen.

Men der stod ho og strålte av glede og song med på songane.

Det var openbert at noko skjedde her, og at eg ikkje fekk det med meg.

Fellesskapet i gudstenesta

Ei av dei store gledene ved å gå i kyrkja, er å få ta del i eit fellesskap, å få synge salmane høgt, så høgt, eller å ta kvarandres hender og kjenne seg oppløfta over å møte nokre ein ikkje har sett på ei stund. Nokre gongar er det fellesskapet skjørt og lågmælt, knappe tolv stemmer som syng med. Andre gongar finn eg ei trøyst i nattverda, der sjølv blikket frå ein framand og dei få orda frå presten, gir omsorg og trøyst. Eit fellesskap kan også vere å dele ei stor sorg, som i ei gravferd.

Å vere på ei gudsteneste ber i seg så mykje. Men alltid er det noko som løftar meg opp, og det skjer der, i det store, opne rommet saman med andre. Det er ei nåde i det.

Da eg snudde meg og såg på dottera mi på Rådhusplassen i Oslo denne fredagskvelden, var det ei slik nåde eg kunne sjå i ansiktet hennar. Og eg tenkte at dette var eit fellesskap eg kunne vere takksam for at dottera mi fekk ta del i.

Allsong frå første sekund

VG-Lista Topp 40 er blitt ein institusjon no. Kvar sommar spreier rykte seg blant ungdom over heile Oslo. Siste skoledag og lange, lette veker med sommar ligg og ventar, og her kjem ein kveld med gratis konsert med nokre av dei mest folkekjære, norske artistane midt i hovudstaden.

Sjølvsagt, eg synest musikken er skrekkeleg. Men eg er både kulturredaktør og over førti år. Dersom eg likte musikken på VG-Lista Topp 40, hadde arrangørane bomma skikkeleg. For dette er ein folkefest for dei største barna og ungdommen. Fleire av artistane som har spelt tidlegare år, har blitt store stjerner, som Karpe og Undergrunn. Men dei fleste som speler her, er i startgropa og har sjeldan meir enn ein, to eller kanskje tre kjente songar.

Likevel er sjansen stor for at det blir allsong allereie frå første sekund.

Magi for barn og unge

Fleire gongar stod eg stira på publikum heller enn artistane. Dette var ikkje den generasjonen Oliver Lovrenski hevdar å skildre i romanen Da vi var yngre, men ei forsamling mindreårige som stod og gliste og song av full hals. Det likna kanskje meir på «Allsang på grensen» enn ein konsert inne på Rockefeller eller Sentrum Scene. Men samtidig, dette var pur glede, og er det ikkje ein slik magi ein konsert skal handle om?

Så sant, så sant, det hjertet er fylt av, taler munnen, og dattera mi sang med på songar som var heilt idiotiske

Det er denne magien barn og unge får kjenne på, kanskje for første gong, med VG-Lista Topp 40.

Det hjartet er fylt av

Det fekk meg til å tenke på tidlegare lovsongsartist Rudi Myntevik og det sterke innlegget han skreiv i avisa her i fjor. Etter fem intense år som artist, var han blitt sliten, uinspirert og lei.

«Jeg kjente at forventningene til tematikk i sanger, og til meg personlig, ble for trange,» skreiv han, før han fortalde om at noko hadde endra seg:

«Etter en lang småbarnsfase, sykdom og andre kamper, kjenner jeg ikke lenger denne kvalmen når jeg går i kirken. Nå synger jeg lovsang med glede. Jeg har fått flere svar, modenhet og erfaring. Det hjertet er fylt av, taler munnen, skriver Paulus til Efeserne.»

Idiotiske songar som varmar

Teksten til Myntevik er kort, men rommar mykje, og seier noko om å bli vaksen og eldre. Den seier noko om å ha eit liv med ambisjonar og draumar, og så kjem det noko anna inn i det livet, noko som tek over og ikkje gir plass til alt det skulle bety så mykje.

Men når noko gammalt blir rivd ned, opnas det rom for at noko nytt kan bli bygd opp.

Å vere forelder og å prøve å balansere alle krav og ønsker frå jobb, familie og personlege ambisjonar, er ein kunst som sjeldan går godt i lengda. Noko må bort, og for dei aller fleste er det dei personlege ambisjonane som ryk. Ofte kjem det da inn eit kynisk og reservert blikk på verda omkring, og det var eit slik blikk eg bar med meg ned til VG-Lista Topp 40.

Men å sjå dottera mi stå der i glede, snudde opp ned på alt. Så sant, så sant, det hjartet er fylt av, taler munnen, og dottera mi song med på songar som var heilt idiotiske. Men ho song og koste seg saman med over 40.000 andre som også verka til å kose seg.

Og det var nok for meg. Det var alt eg trengde.

Hva om det var nåde?

Kanskje er det litt rart å stå der på VG-Lista Topp 40 og tenke på Rudi Myntevik og hans tankar om lovsong. Men som ein sliten pappa, var det ei nåde for meg å få stå der med dottera mi og tenke at dette var nok. Dette var kva eg var til for akkurat der og da: Å stå litt sliten og trøytt og få vere ein pappa som berre skulle passe på at barnet hadde det fint.

Og det hadde ho. Til og med da ho song med på vesle Caesar og hans «hva om jeg slutta å bry meg». «hva om jeg ooh ooh ooh / hva om jeg ooh ooh ooh».

Det kan ein også synge, tenkte eg. Og denne kvelden var det meir enn godt nok. For det løfta dottera mi opp. Det er nåde i det.

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar