Du har kanskje sett videoen? Klippet frå ei fallskjermoppvisning under G7-møtet i Italia torsdag i førre veke spreidde seg i vanvettig fart i sosiale medium. I videoen ser vi dei respektive statsleiarane vende mot ein nyleg landa fallskjermhoppar, medan den amerikanske presidenten Joe Biden er vendt ein annan veg. Det er lett å tolke seg til at Biden ikkje har fått med seg at hopparen har landa, og at han rett og slett ikkje er heilt med.
I eit døgn eller så var det også det som var forteljinga, både frå konservative medium og republikanske aktørar i sosiale medium, men også frå medium her heime: Biden fekk ikkje med seg kva som skjedde framføre han, han vandra av garde, og den italienske statsministeren Giorgia Meloni måtte hente han tilbake.
Forteljinga om Joe Biden som vandrar avgarde er forførande lett å tru på.
Forteljing og sanning
Det er ei forteljing som er forførande lett å tru på. Sidan 2020, og før det, har dette vore ein gjennomgangstone når ein snakkar om Joe Biden: Han viser teikn på demens, han er fysisk og mentalt svekka. Han er for gammal til å kunne fungere i jobben – i grunn er det eit under at han går på sine eigne to bein.
Problemet er at vi ikkje fekk heile historia: I løpet av fredagen dukka det opp videoar som viste at det vi vart servert dagen før var redigert: Utanfor bildekanten var det to andre hopparar og bakkemannskap, og Biden helste på og snakka med dei. Giorgia Meloni kom for å hente han, men det var fordi gruppa skulle vidare i programmet.
Rett nok er Joe Biden gammal. Svært gammal. Men det vert stadig vanskelegare å få klargjort i kva grad alderen faktisk pregar han i kvardagen. Spør du demokratar, er han glasklar og full av energi. Spør du republikanske politikarar, får du gjerne andre svar på bakgrunn enn når dei har kamera retta mot seg. Det er ikkje optimalt at helsetilstanden til leiaren av verdas mektigaste land er gjenstand for så mykje spekulasjon.
Det er ikkje optimalt at helsetilstanden til leiaren av verdas mektigaste land er gjenstand for så mykje spekulasjon
Passar inn i mediebiletet
Det skumlaste er kanskje at dersom du spør veljarane, kjem svaret i urovekkande stor grad an på politikk: Om lag 92 prosent av republikanarar trur ikkje at Joe Biden er kognitivt skikka til å fungere som president. I den same meiningsmålinga seier om lag ein tredel av demokratar det same.
Det er ikkje vanskeleg å forstå korleis det har blitt slik. Videosnuttar der president Biden står fram forvirra, bruker feil namn om folk eller lèt til å tru at han er ein annan stad enn der han er, florerer i sosiale medium og blir drivne fram av konservative stemmer. Ser du på konservative nyhendekjelder som Fox News eller Newsmax, vil du aldri sjå klipp av at Donald Trump gjer det same – sjølv om dei finst. Du vil aldri høyre røyster som hevdar at Biden er funksjonsfrisk og i stand til å gjere jobben han er sett til. I staden vil du høyre åpenlys diskusjon om det er staben eller visepresident Kamala Harris – eit ynda hatobjekt på høgresida – som faktisk styrer USA og nyttar Biden som marionetten sin.
Joe Biden er 82 år. Vinn han valet i november, vil han vere 86 år når valperioden er over. Sjølv om ein er aldri så positiv til at eldre skal bli verande i arbeidslivet, er det heilt openbert at ein 82-åring ikkje har same fysiske eller mentale arbeidskapasitet som ein person på 40 eller 50 år. Men det er likevel eit stykke frå der til den snublande, rørete, knapt åndsnærverande pleiepasienten han gjerne blir framstilt som av motstandarane sine.
Videosnuttar der president Biden framstår forvirra, bruker feil namn om folk eller later til å tru at han er ein annan stad enn der han er, florerer i sosiale medier
Biletet av ein mentalt sveikka president
Dei fleste som har arbeidd med eller i media, veit at bortimot det einaste som tel når ein skal formidle ein bodskap er etterlate inntrykk. Kva sit lyttaren, sjåaren, lesaren att med etter at du har framført bodskapen din?
Når inntrykket først har forma seg, er det vanskeleg å komme gjennom med ein bodskap som motseier det inntrykket.
For kvar tale Joe Biden held der han snublar i orda, held han kanskje fem eller ti eller femten der han ikkje gjer det. For kvar gong han hugsar noko feil, hugsar han mange, mange ting riktig. Men ofte er det berre feilstega som blir vist på fjernsyn. For medium som har ein agenda om å svekke Joe Biden, er det sjølvsagt. For media som ikkje har ein agenda, er det likevel nyhende som må bli formidla, når presidenten i USA gjer ein feil.
Langt meir alvorleg blir det når video og bilete blir manipulert, slik videoen frå Italia vart det. Det blir fleire og fleire slike eksempel på at ein skog av politiske aktørar i sosiale medium redigerer video av Joe Biden for å få han til å stå fram mest mogleg uskikka, og at desse klippa blir plukka opp og sendt om att og om att i store konservative fjernsynskanalar. Frå tid til annan blir dei også plukka opp av andre, utan at vi forstår kva vi ser. Biletet som bygg seg ugjenkalleleg opp, er ein mentalt sveikka president.
Målingane så langt viser ein valkamp som kan bli uhyre tett. I mange viktige delstatar leder no Donald Trump på målingane, og sjølv om det er lenge til valet og mykje enno kan skje, må den sittande presidenten drive valkamp i motbakke. Når veljarane ikkje kan stole på sine eigne augo, blir det enno vanskelegare.