Kommentar

NRK skuldar syskena Ingebrigtsen ei orsaking

Med Team Ingebrigtsen gjorde statskanalen underhaldning av ei mogleg familietragedie. Oppvasken om NRKs ansvar er på overtid.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er mykje ved TV-serien Team Ingebrigtsen som har skurra lenge. Medan løpebrørne Henrik, Filip og Jakob Ingebrigtsen har senka rundetidene ned mot det umoglege, har politiet etterforska den tidlegare trenaren og far Gjert Ingebrigtsen for mishandling i nære relasjonar.

I slutten av april vart han tiltalt for både fysisk og verbal mishandling, men nektar straffskuld.

NRK tok ansvar for suksessen, men ikkje kollapsen

I etterpåklokskapens lys er det nesten umogleg å sjå TV-serien utan å legge merke til at konfliktnivået i familien var av ein problematisk karakter. Det er ubehageleg å vere vitne til måten Gjert Ingebrigtsen snakkar til og oppfører seg overfor borna sine. Likevel fekk vi det pakka inn som feelgood-familieunderhaldning. Dei skulle jo bli best. Ein må som kjend knuse nokre egg for å lage omelett.

Det er eigentleg påfallande at det ikkje har vore meir offentleg debatt om NRKs rolle i konflikten rundt familien Ingebrigtsen.

Vi kjøpte det, og NRK-sjefane jubla over ein sjeldan god sjåarmagnet.

Der dei tok ansvar for seriens suksess, har NRK-redaktørane vore nesten fråverande i å ta ansvar for den etiske oppvasken etterpå. Fleire har stilt spørsmål ved kva etiske vurderingar NRK gjorde undervegs då dei fekk serien produsert og sendt i fem sesongar.

Familiemedlem åtvara produksjonsselskapet

Inntil denne veka visste vi lite.

Det var før TV2 avslørte at eit medlem av Ingebrigtsen-familien slo alarm om at «det føregår ting» i familiens heim som «ikke er bra». Varslaren bad serieskaparane spesifikt ta omsyn til personen som no er fornærma i valdssaka mot Gjert Ingebrigtsen. E-posten vart sendt ti månader før siste sesong av TV-serien skulle på lufta. Nesten tre og eit halvt år seinare ligg denne sesongen og tre andre framleis ute i NRKs nettspelar.

I høve friidretts-EM i Roma kjem den opp som forslag til kva du kan sjå i NRK TV-appen.

E-posten med det alvorlege varselet gjekk ikkje til NRK direkte, men til produksjonsselskapet Zapaca Film. Avsendaren skreiv at «dere skal tenke dere grundig om hvordan dere fremviser Gjert spesielt». NRK påstår dei ikkje fekk vite om e-posten før i november i fjor, nesten tre år etter at den vart sendt.

NRK stikk hovudet i sanden

Programredaktør Petter Wallace i NRK svarar på e-post at «vi kjente til at det til tider kunne være høyt konfliktnivå i familien, og det kan jo også seerne se. Men, produksjonsselskapet vurderte aldri at disse konfliktene var så alvorlige som det fremstår nå i ettertid».

Wallace ser ut til å stikke hovudet i sanden. Sitatet gir ikkje inntrykk av at NRK tar ansvar for å ha laga underhaldning av ei mogleg familietragedie.

Konsekvensen av statskanalens manglande vilje til å ta ansvar for den etiske kollapsen i produksjonen og sendinga av TV-serien Team Ingebrigtsen, er mindre autoritet og truverdigheit til NRKs etiske vurderingar.

Kanalen viser ingen audmjuk haldning overfor vedkommande som no er fornærma i ei straffesak. Det er oppsiktsvekkande korleis NRK på denne måten også kastar produksjonsselskapet under bussen. Det er nesten ikkje til å tru at NRK ikkje hadde betre kontroll på ein produksjon som har vore så profilert og viktig for kanalen.

Dersom det verkeleg stemmer at NRK ikkje fekk vite om dette før tre år etter, avslører det kor sårbar statskanalen har gjort seg med sin målretta strategi om å outsource programproduksjon til eksterne selskap.

NRK må ta ansvar for etiske overtramp

Kva NRK har visst eller ikkje visst er nesten likegyldig. Akkurat slik ein statsråd må ta ansvar for alt som skjer i sitt departement, på si vakt, må NRK også ta ansvar for det kanalen sender på skjermen. Det er det vi kallar redaktøransvar.

Ettersom NRK og produksjonsselskapet pulveriserer ansvaret mellom seg, er det offera for overtrampet som står igjen med byrda. Det er eigentleg påfallande at det ikkje har vore meir offentleg debatt om NRKs rolle i denne familiekonflikten.

Konsekvensen av statskanalens manglande vilje til å ta ansvar for den etiske kollapsen i produksjonen og sendinga av TV-serien Team Ingebrigtsen, er mindre autoritet og truverd til NRKs etiske vurderingar.

Nokon vaksne må snart komme på banen og rydde opp.


Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar