Kommentar

Kyrkja som ikkje såg naturbarna i augehøgde

Ein fersk australsk film tematiserer eit problem som følgjer kyrkjer over heile verda. Den norske kyrkja må snart ta eit generaloppgjer med den uretten som er blitt utøvd mot urfolka i landet vårt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kor lenge må samar, kvenar og skogfinnar i Noreg vente på å få ei ordentleg, offisiell unnskyldning frå Den norske kyrkja? Det er heva over all tvil at kyrkja spelte ei viktig rolle i den såkalla fornorskingspolitikken, og eit forsoningsarbeid har vore i gang i lengre tid. Allereie i 1997 erkjente Kyrkjemøtet at kyrkja hadde skapt sår ved å diskriminere samane, men framleis er det ikkje komme eit definitivt oppgjer med den uretten som kyrkja påførte norske urfolk.

Då den norske Sannings- og forsoningskommisjonen leverte rapporten sin til Stortinget i fjor sommar, gjekk det klart fram at Den norske kyrkja har eit klart ansvar for å erkjenne medverknad, ta eit oppgjer med uretten kyrkja var med på å utøve og bidra til forsoning. Både det første og siste punktet har Den norske kyrkja så langt eg kan sjå følgt opp i vesentleg grad. Men det store oppgjeret, og den definitive offentlege unnskyldninga, lar framleis vente på seg.

I Sverige skjedde dette i 2021, med ei gjentaking året etter. Dåverande erkebiskop i Svenska kyrkan, Antje Jackelén, vedkjente mellom anna at kyrkja hadde vore «innkrøkt i seg sjølv», ein velkjent luthersk term for synd, og at ho ikkje hadde møtt det samiske folket i «augehøgde». Burde ikkje også Den norske kyrkja initiere ei slik unnskyldningsgudsteneste, i tett samarbeid med representantar for samane, kvenane og skogfinnane i Noreg?

Kor lenge må samar, kvenar og skogfinnar i Noreg vente på å få ei ordentleg, offisiell unnskyldning frå Den norske kyrkja?

—  Alf Kjetil Walgermo

Tidkrevande forsoningsprosess

Spørsmålet som Den norske kyrkja jobbar aktivt med, og som også var oppe Kyrkjemøtet i april, er tidkrevande, slik alt forsoningsarbeid er det. Samtidig kan ein spørje seg, som kyrkja sjølv har gjort det: Bør ikkje Den norske kyrkja sitt arbeid i etterkant av Sannings- og forsoningskommisjonens rapport intensiverast i større grad? Eit definitivt, offentleg sjølvoppgjer frå øvste hald i Den norske kyrkja vil vere eit symboltungt og viktig steg i forsoningsprosessen kring norske urfolk, og bør ikkje bli det siste steget som blir tatt i det pågåande arbeidet.

Baka inn i uretten mot norske urfolk er blant anna den forakta som kyrkja har møtt andre kulturelle og religiøse tradisjonar med. Dette er ikkje spesifikt for Noreg. Over heile verda har den kristne kyrkja slike svin på skogen. Ein kunne seie at det ikkje er unaturleg at ei kyrkje som forkynner til frelse og omvending er skeptisk til religiøse praksisar som står i vegen for framgangen til evangeliet, men det legitimerer samtidig ikkje eit nedlatande syn på andre menneske og kulturar. I dag har vi i større grad lært oss at misjonsarbeid drivast best som dialogarbeid, ikkje monologarbeid og tvang.

Eit definitivt, offentleg sjølvoppgjer frå øvste hald i Den norske kyrkja vil vere eit symboltungt og viktig steg i forsoningsprosessen kring norske urfolk

—  Alf Kjetil Walgermo

Cate Blanchett spelar katolsk nonne

Ein aktuell film som kastar nyansert lys over problematikken, frå eit geografisk og kulturelt sett fjerntliggande strøk, hadde premiere på norske kinoar fredag. Den australske filmstjerna Cate Blanchett, som med sine to Oscar-statuettar og tre Golden Globe-prisar er blant dei fremste og mest respekterte skodespelarane i verda, har engasjert i Warwick Thorntons lågmælte drama The New Boy. I tillegg til å vere produsent for filmen, har ho ei leiande rolle som katolsk nonne på ein avsidesliggande heim for foreldrelause gutar.

Fleire av desse gutane er australske urfolksmenneske. Hovudpersonen i filmen er niåringen som ikkje blir funnen verdig sitt eige namn, men går under tiltalen «the new boy» – den nye guten. Sjølve skodespelarprestasjonen skal eg ikkje skrive så mykje om her, anna enn at Aswan Reid imponerer med si nesten ordlause og svært uttrykksfulle karakterteikning. Derimot er det verdt å merke seg korleis han blir møtt av dei velvillige to nonnene – dei er fulle av nestekjærleik og omsorg, samtidig som dei ikkje maktar å møte naturbarnet dei har framfor seg på hans eige nivå – i augehøgde.

Nyansert framstilling

Filmen er med andre ord nyansert. Her snakkar vi ikkje om ei omsynslaus kyrkje som turar fram og legg alt og alle under seg i kampen for nye kristne sjeler. I staden får vi eit interessant blikk inn på spennet mellom kristen omsorg og frykta for evner som ikkje klart og tydeleg kan rotfestast i ei kristen tru.

Det er i grunnen ikkje så vanskeleg å forstå. Den nye guten kan lækje sjuke, og han har evna til å tenne ein mystiske gneiste berre ved å gni fingrane mot kvarandre. Filmen utartar ikkje til ei overnaturleg forteljing av typen vi så ofte elles har sett der den katolske kyrkja er ein av motaktørane. Derimot gir filmen oss større innsikt i korleis dei ulike kulturane og åndelege tradisjonane brytast mot kvarandre, og – ei lita spoiler-åtvaring her! – korleis nonna til slutt endar med å gjere eit slags overgrep mot den nye guten ved å døype han så han mister dei overnaturlege evnene sine.

Den nye guten, i ei forteljing frå det australske 1940-talet, er eit av desse naturbarna som ikkje er blitt sett i augehøgde av kyrkja som institusjon. Og det trass i at gode kristne sjeler innanfor institusjonen har prøvd å gjere nettopp dette. Såleis tenker eg at The New Boy kan vere eit relevant innspel også i den pågåande samtalen om korleis Den norske kyrkja har handsama minoritetane her til lands.

Intensjonane har ofte vore gode. Likevel har kyrkja gjort mykje urett, og dette er det nødvendig å be tydeleg om unnskyldning for – utan å relativisere den kristne trua.

Får norske urfolk ei unnskyldningsgudsteneste i løpet av 2025? Tida burde vere moden for eit definitivt oppgjer med gammal urett.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar