Kommentar

Denne jødiske amerikanaren trong vi no

Den jødiske forfattaren Joshua Cohens elleville forteljing om familien Netanyahu viser nordmenn ein veg ut av krigståka.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Under Litteraturfestivalen på Lillehammer fekk vi skimte det norsk offentlegheit har lengta etter sidan 7. oktober: Ei offentleg samtale om krigen i Midtausten til å bli klok og empatisk av.

Lite visste vi at det var ein stutt og rundbrilla amerikanar som skulle vere den saliggjerande krafta. Men den jødiske forfattaren Joshua Cohen viste veg med si elleville forteljing om familien Netanyahu.

Er du for eller mot folkemord?

I månadsvis har den offentlege debatten i Norge om den israelsk-palestinske konflikten gått av hengslene. Det skjedde nesten umiddelbart etter 7. oktober. Terroren, krigen og dei lemlesta kroppane fekk mange til å miste både prinsipp, gangsyn og balanse. Fort tok kjenslene, patosen og krigståka overhand, høgst forståeleg.

Vi sit langt unna israelske tanks og bombefly, langt unna Hamas sine geriljasoldatar som spring frå tunnelopning til tunnelopning. Likevel har krigen blitt eit slags innanrikspolitisk identitetsspørsmål om kven vi eigentleg er.

Den rasande einsrettinga som har prega vår offentlege samtale om Midtausten-debatten, har ikkje hatt plass til empatien for menneske som på få månader har opplevd traumer nok for fleire generasjonar.

Fleire aktivistar har prøvd å lage eit skilje mellom dei som viser støtte til palestinsk liding på sine profilar i sosiale media, og dei som ikkje gjer det.

Kva med oss som ikkje ønsker å ta del i ein propagandakrig mellom to stridande partar? Kva med oss som først og fremst vil halde fast i humanismen, og ser både israelske og palestinske liv med same verdi?

Vi har enda opp som skyteskiver i ein offentleg debatt på nivå med spørsmål som «er du for eller mot å brenne barn levande?

Ei god bok kan gjere det umoglege

Det var utgangspunktet då den årvisse Litteraturfestivalen på Lillehammer samla det som kunne krype og gå av litteraturfolk førre veke. Det skjedde medan israelske bombefly braut både lydmuren og folkeretten, der dei sende død og øydelegging over den palestinske byen Rafah. Ikkje rart folk var rasande.

Men det betyr ikkje at raseriet bidreg til noko konstruktivt i ei konflikt som består av to folk som ikkje har klart å bli samde, to sett med ekstreme tankesett, to store forteljingar om liding. Raseri er sjeldan effektivt til noko anna enn moralsk signalering.

På Lillehammer, i litteraturens verd, fekk vi ei tilnærming til konflikten som gav oss ein veg framover.

Joshua Cohens bok Familien Netanyahu kom på norsk i mai, og med den fekk vi også eit verdifullt jødisk perspektiv på sionismen. Lesarar og kritikarar skildrar boka som satirisk, krenkande og politisk. Romanen portretterer og latterleggjer den revisjonistiske sionismen på ytre høgresida i Israel og i USA, frå perspektivet til ein jødisk historieprofessor i 1950-åra.

Mellom sionisme og antisionisme

I botn ligg ei sann forteljing om Benjamin Netanyahus eigen familie, men mykje av historia er vill dikting. Netanyahus far, Benzion Netanyahu, var del av den ekstreme rørsla som kjempa med terror som verkemiddel for å opprette Stor-Israel allereie i åra før 2. verdskrig. I byrjinga av den jødiske staten måtte denne høgreorienterte linja vike for ein meir sosialistisk sionisme. Heilt til slutten av livet kom Benzion Netanyahu med rasistiske utbrot mot arabarar og palestinarar.

Interessant nok har Cohen sjølv blitt kritisert for å vere sionist – noko han sannsynlegvis også er i den breie, jødiske tydinga av omgrepet. Her er vi ved kjernen til kvifor litteraturen bør spele ei større rolle i betente konfliktar.

Dersom fleire drog på litteraturfestivalar og las bøker som Cohens, ville vi vore nærare å forstå og bidra til å løyse konflikten.

Fordi ei god bok – som Cohens – kan gjere det umoglege: å få støtte både frå høgresida og venstresida, å sameine både sionistar og anti-sionistar, å bygge bru mellom israelarar og palestinarar, utan eingong å ha uttalt ordet fred.

På Lillehammer sa Joshua Cohen det var bra at Norge har anerkjent ein palestinsk stat, at krigen må stanse, at Israel må halde att, at busettingane må vekk, at grensene frå 1967 må gjelde, at Israels regjering må forhandle med palestinske styresmakter.

Likevel deler han ikkje den aggressive retorikken frå mange av Palestina-aktivistane. «From the river to the sea»-retorikken er like ekstrem som den ekstreme sionismen han skildrar i Familien Netanyahu.

Meir empati, mindre einsidig propaganda

Eit av Cohens hovudpoeng at vi som omverd forventar for mykje av partane. Vi gløymer då at dei er så skaka av emosjonell juling gjennom mange tiår, at partane i tillegg til kritikk fortener ein stor dose empati.

Den rasande einsrettinga som har prega vår offentlege samtale om Midtausten-debatten, har ikkje hatt plass til empatien for menneske som på få månader har opplevd traume nok for fleire generasjonar.

Dersom fleire drog på litteraturfestivalar og las bøker som Cohens, ville vi vore nærare å forstå og bidra til å løyse konflikten.


Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar