Kommentar

Derfor er ei moderat Sylvi Listhaug eit problem for Høgre

Eit sterkt Frp er viktig for at Erna Solberg skal bli statsminister igjen. I alle fall så lenge Frp ikkje blir for sterkt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

23.4 prosent 20.3 prosent og 17.3 prosent Det er liten tvil om at dei tre store partia i norsk politikk etter stortingsvalet i 2025 kjem til å heite Høgre, Arbeidarpartiet og Framstegspartiet.

Det er meir tvil om kva som blir rekkefølga.

Bekymring i Høgre-land

Framstegspartiet fossar fram, Ap har stogga fallet, medan Høgre fell.

På Vårt Lands siste meiningsmåling går Ap fram med 1.8, Frp opp 0.9 og Høgre fell 1.7 prosentpoeng. Tala er heilt i tråd med gjennomsnittet av meiningsmålingane for mai månad hos nettstaden PollofPolls.no. Dei stadfestar dermed ein tendens som både kan skape overordna glede og langsiktig bekymring hos Erna Solbergs valkampstrategar.

Sylvi Listhaugs vekststrategi er grundig omtalt den siste tida. Ho har breia ut Frp til å handle om meir enn kampen mot innvandring, og samstundes treft blink på ein del saker som er i tida. Gjengkriminaliteten i Oslo passar til dømes partiet som ei kriminell hand i ein boksehanske.

For Erna Solberg er Sylvi Listhaug eit tveegga sverd som må brukast utan brå rørsler.

I utgangspunktet ønsker Høgre seg eit størst mogleg Frp etter stortingsvalet neste år, fordi det vil gjere auke sannsynet for at Solbergs fotfolk igjen får kome inn i regjeringskontora. Då slepp Høgre å vere avhengige av det nervepirrande dramaet som ofte har forfølgd KrF og Venstres valvakar.

Ja, Erna Solberg vil ha brei borgarleg samling der alle dei fire partia er gode vener. Vi kjem likevel ikkje utanom at Framstegspartiet er den største og viktigaste allierte for Høgre. Utan suksess for Listhaugs parti er det ikkje håp om borgarleg regjering.

2009-reprise

Problemet er dersom den suksessen blir for stor og kjem for tidleg. For Erna Solberg er Sylvi Listhaug eit tveegga sverd som må brukast utan brå rørsler.

For sjølv om det har mangla på vellukka strategisk tenking i Arbeidarpartiet dei siste åra, er Frps suksess eit halmstrå dei kan gripe med begge hendene. Framfor neste års val er nemleg Sylvi Listhaug ein langt meir ideell motstandar for Jonas Gahr Støre enn Erna Solberg. Akkurat slik Siv Jensen var ein betre motstandar for Jens Stoltenberg i si tid, då den tidlegare Frp-leiaren sveva høgt på meiningsmålingane.

Frps vekst sidan august i fjor, er oppsiktsvekkande stor. Då låg partiet i gjennomsnitt på 12,7 prosent. Ikkje noko anna parti i norsk politikk er i betre flyt enn Listhaugs parti. Med populære profilar som Simen Velle og Tor Mikkel Wara på trappene til nominasjonslista i Oslo, tyder mykje på at Frp berre vil halde fram med veksten framover.

Mest ytterleggåande på borgarleg side

Kristin Clemet kom nyleg med eit hjartesukk på Facebook, der ho klaga over at mange ikkje skiljer mellom omgrepa høgrepopulistar, høgreradikale og høgreekstreme då dei omtalar Frp. Hennar poenget er gyldig og godt: Ingen er ekstremistar berre fordi dei fører eit populistisk språk. Frp er eit høgrepopulistisk parti, og i ein europeisk kontekst er partiet lite ekstremt og veldig moderat. Clemet meiner Raudt og Frp ufortent blir omtala som to likeverdige ytterpunkt i norsk politikk, og at det er urettferdig overfor Frp ettersom «vi ‘mangler’ rett og slett (heldigvis!) et stortingsparti på høyresiden som er like ytterliggående som Rødt».

Også her har Clemet rett i sin observasjon.

Samstundes er Frp det partiet på høgresida med dei mest ytterleggåande standpunkta og dei mest ytterleggåande profilane. Derfor er det også den beste motstandaren for Arbeidarpartiet. På ein del område vil det vere kamp om lillaveljarar mellom Ap og Høgre. I den kampen kan Støres lag sjå seg tent med å skremme veljarane ved å vise til eit stort, sterkt og mektig Frp. Det kan bidra til å kapre veljarar over til raudgrøn side.

Eit veksande Frp kan derfor bli eit – bokstaveleg tala – større problem for Høgre enn Erna Solbergs mannskap hadde sett for seg.

Indremedisinsk på borgarleg side kan også Frp-veksten skape trøbbel. Det mest opplagte er at veksten gir sjølvtillit til Frps folk inn i ein avgjerande valkamp. Akkurat slik Sp-veksten gav sjølvtillit til Trygve Slagsvold Vedum framfor valet i 2021. Taparen den gongen var det breie raudgrøne samarbeidet. Taparen i 2025 kan dermed vere det breie borgarlege samarbeidet. Eit parti med så store musklar som Frp er i ferd med å utvikle, kan skremme bort mindre og meir puslete samarbeidspartnarar.

Problem for Høgre

Så er det spørsmålet om statsministerkandidatar. Frp skal ikkje vekse mykje meir på målingane før vi kan få ein diskusjon om Sylvi Listhaug som potensiell statsministerkandidat, slik vi hadde med Vedum. Det er etablert i politiske sirklar at Senterpartiets lansering av hans statsministerkandidatur var ein tabbe, fordi oppslutninga dalte etterpå. Men så enkelt er det ikkje. Senterpartiet og Vedum oppnådde ved å lansere sin eigen partileiar som statsminister, å få snakke om seg sjølv heile valkampen. Sannsynlegvis var det med på å gje landet ei Sp/Ap-regjering.

Sjølv om den har vore upopulær blant veljarane, har den vore umåteleg populær internt i Senterpartiet. Partiet fekk det dei ønskte seg.

Dersom Listhaugs vekst held fram, kan valkampen neste år ende i ein liknande situasjon. Det vil ikkje vere til fordel for Erna Solbergs bodskap om brei borgarleg samling. Vi veit at Listhaug ikkje ønsker å ha med Venstre og KrF. Som vi ser på Vårt Lands siste måling stel også Frp veljarar frå Høgre.

Nesten ti prosent av Høgres veljarar frå førre måling, går no til Frp. Ei meir moderat Sylvi Listhaug kan stele endå meir.

Eit veksande Frp kan derfor bli eit – bokstaveleg tala – større problem for Høgre enn Erna Solbergs mannskap hadde sett for seg.



Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar