Kommentar

Ikkje noko sjokk frå Israel da Sveits vant

Det vart ingen skandalar og ingen siger for Eden Golan. Trass i litt spredt buing her og der, var Eurovision Song Contest 2024 full av jubel og feiring.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kven skulle trudd det: Før Eurovision Song Contest 2024 kom i gong på laurdag, kokte det av konflikt, skandale, og ein rykteflom utan sidestykke. Men til slutt, da klokka nærma seg klokka ni og mens demonstrantane samla seg på utsida av Malmö Arena i protest mot at Israel fekk lov til å delta, såg det på tv-skjermen ut som alle koste seg på innsida.

Slik er det: Ingen ting kan rokke vår hunger etter underhaldning. Heller ikkje bomber over sivilbefolkning.

Og her fekk vi alt vi kunne be om.

Veiva det israelske flagget

Det var eit lite sjokk da heile 323 poeng av folkets stemmer gjekk til Israel, som gjorde at Eden Golan plutseleg hoppa opp på første plass. Fagjuryen ville ikkje ha noko av Israels bidrag, men folket ville så absolutt.

Men det hjelpte ikkje, for til slutt var det Sveits som vant.

Likevel, det var litt ekstra spennande at Israel var med. Allereie i det faste opningsnummeret, da kvart lands deltakar skulle gå med flagget over scena, satt eg og sitra av spenninga framfor skjermen. Kva ville skje når det vart Edan Golan frå Israel sin tur?

Ho kom allereie som ut som nummer fem, etter ein merkeleg kort pause på nokre sekund, og eg tok meg i å bøye meg fram for å høyre om det var buing. Eg nistirra på skjermen for å sjå etter eit palestinsk flagg, rester av egg som vart kasta eller folk som hytta med nevene.

Og kva såg eg? Ingenting.

Berre Eden Golan som strålte over scena mens ho veiva med det israelske flagget.

Ingen buing

Og slik satt eg også og venta: Kva ville skje når Eden Golan skulle synge? Ville nokon storme scena i protest? Vil nokon kasta ei sko eller ville lyset bli slukka?

Kva hendte? Ingenting

Da Golan endeleg skulle synge, som nummer fem i rekka, trur eg at eg høyrte litt buing. Men eg høyrte også mykje jubel, meir enn på dei andre songane. Eg skulle likt å vite kor hardt produsentane jobba for få å dette til å gå så glatt som det gjorde. Eller kanskje dei ikkje trengte gjere anna å bruke litt lydfilter for å balansere lyden?

For oss som sat og såg på, var det umuleg å vite.

Kake til folket

Men det var spennande! For det blir veldig bra tv og underhaldning av konflikt og temperatur.

ESC bar med seg noko stort og viktig i år. ESC bar i seg ei unik mulegheit til å vere eit rom, ei scene der vi kunne vise fram kor vanskeleg det var at Israel skulle få delta. Kva gjer vi med felles markeringer når så mange vil trekke opp ei linje for kvar fellesskapet går?

Det var fokus på temmeleg mykje anna enn Israel. For eksempel kropp og seksualitet

Sjølvsagt er det heilt uaktuelt å gi plass til slikt. Ingen vil ha noko ubehageleg på ein laurdags kveld. Det er derfor vi har underhaldningmaskineri som ESC: Det skal drukne ut ulyden av alt kjedeleg og problematisk. Litt kake til folket, det er alt vi ber om.

Mykje sex, lite politikk

Så der sat vi: Mens Israel i sitt forsøk på å svare på det vanvittige terrorangrepet 7. oktober har bomba Gaza sønder og saman, og no gjer seg klar til å gå inn i Rafa, ja, mens heile verda ber om våpenvile og Israel og Hamas nektar å gi seg, sit vi og ser på dans og sang. Og det er ingenting vi kan gjere med akkurat det.

Aller mest tydeleg var dette i sekunda etter Eden Golans song. For da var alt tilbake til det normale: Litauen køyrte i gong med neste song, og så kom song etter song, og alt fokuset på Israel forsvant. I staden var det fokus på temmeleg mykje anna.

For eksempel kropp og seksualitet. Det var sikkert ikkje lett å vere konservativ kristen og presse seg gjennom alle desse timane berre for å stemme tjue gongar på Israel. Spesielt dei tre minutta med Spanias bidrag må ha tatt hardt på, der to menn i tangatruse fekk vrikke endelaust på rompa. Eller kva med Irlands bidrag? Det såg ut som songaren var ei heks som vekte ein daud til live for så å ha sex med han.

Tap for boikott

ESC er blitt eit monster av eit show, det finnes knapt grenser for kva som er lov og ikkje lov. Dess meir usmakeleg noko er, dess meir jubel får det og dess meir høyrer det heime der oppe på scena.

Og det er noko underleg vakkert over det. For det seier noko om at det er rom for alle.

Det er til og med rom for å feire songar frå land som fører krig der sivile døyr i hopetal.

Alle som ville boikotte, alle som demonstrerte, tapte stort på laurdags kveld. For dette var eit show som lukkast i å få oss til gløyme kva som skjer ute i verden. I staden kunne vi heie på kva som skjedde på skjermen vår. Vi i media kan rapportere så mykje vi vil om det var buing i salen - alle som sat framfor skjermen høyrte lite anna enn jubel.

Hunger etter underhaldning

Og det er slik vi vil ha det. Netanyahu visste nok det som alle demonstrantane også visste: Ingen kan stoppe vår hunger etter underhaldning. Så lenge Eden Golan fekk lov til å delta, ville heile dette maskineriet jobbe døgnet rundt for at ho skulle få gjere akkurat det ho var der for: Å synge songen sin.

Derfor gir det fullstendig meining å sjå ESC i 2024, spesielt dersom du aldri har brukt å sjå det før og tilfeldigvis også elsker alt kva Israel gjer. No kunne du gjere det demonstrantane på utsida av Malmö Arena og alle dei som boikotta, prøvde å gjere: Du kunne påvirke direkte. Alt du trengte å gjere var å betale fem sølvpenger for å gi di stemme til Israel.

Tissefanten i rommet

Så ja, det var ein kveld med mange flagg, mykje hud og mykje vrikking. Det var ein symboltung kveld, og av alt tullet som gjekk føre seg på scena på laurdag kveld, var Finlands bidrag kveldens høgdepunkt for meg. Der handla sceneshowet om at vi ikkje skulle få sjå det avkledde underlivet til songaren deira. I tre minutt kom det eine latterlege påfunnet etter det andre for å hindre at vi fekk sjå tissefanten på scena.

Det var vel også kva ESC 2024 handla om.

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Kommentar