Kommentar

Gjengane er farlegare enn covid-pandemien. Kvifor er det ikkje nasjonal krisealarm?

Då koronapandemien trefte oss var det ingen som vurderte å vente på partiprogram, landsmøter eller lovprosessar. Den gongen forstod Stortinget at krise betydde akutt handling.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Frp-leiar Sylvi Listhaug er den einaste som kan sei: «Kva var det eg sa?»

Ho har lenge åtvara mot svenske tilstandar med gjengar som fekk springe fritt i gatene, skyte og herje. Mange av oss kalla henne ein krisemaksimerande alarmist. Kanskje fordi ho nytta åtvaringane som ei utidig brekkstong for ein restriktiv innvandringspolitikk.

Når det gjeld gjengkriminaliteten har ho likevel hatt rett: Svenske tilstandar er farleg, og den kan smitte.

Politiet mistar valdsmonopolet

Situasjonen i Oslo er no så ille at det går kaldt nedover ryggen på alle med små barn i byen. Også for resten av byens innbyggarar er situasjonen uhaldbar.

Folk blir skotne hos frisøren. Folk blir skotne medan dei kjøper kebab. Born går rundt med knivar og pistolar. Born prøver å drepe kvarandre, fordi dei har fått våpen frå gjengane. Det er ikkje lenger sjølvsagt at born kan gå trygt heim frå skulen.

Ingen i dei kriminelle gjengane tar omsyn til at prisstigning eller straumkostnadar har gjort budsjetta strammare i Oslo politidistrikt

Tilliten forsvinn og utryggleiken kryp inn. Ingen av oss vil ha eit slikt samfunn.

I Oslo er gjengane allereie mektige, medan politiet mistar stadig meir av sitt valdsmonopol.

Utan politiets valdsmonopol er ingen av oss trygge. Ingen andre ord er dekkande for det som skjer, enn krise. Kode raud. Alarm.

Politikarane har det ikkje travelt

Derfor er det frustrerande å sjå kor rolege norske politikarar verkar i møte med katastrofen som utspelar seg i norske gater.

Fredag gjekk Ap-duoen Hadia Tajik og Tonje Brenna ut med det dei kalla ein «svært ambisiøs plan» for å ta tilbake tryggleiken på gata. Planen handla om punkt Ap er i ferd med å vurdere å ta inn i sitt partiprogram. På landsmøtet neste år. Dei snakka også om å innføre ei ny lov for å gjere det mogleg å inndra verdigjenstandar som gjengmedlemene har skaffa seg.

Då koronapandemien trefte oss i 2020, var det ingen som vurderte å vente på partiprogram eller lovprosessar. Den gongen samla Stortinget seg i hui og hast, og banka gjennom endringane som trongs. No er det som at dei ventar på betre vêr.

Tajik og Brenna vart sitert på at «vi skal brekke ryggen på gjengane og gjengutviklinga nå, mens vi fortsatt er i en relativt tidlig fase».

Dersom vi ser ut vindauget, vitnar ikkje situasjonen i gatene lenger om «tidleg fase». Gjengane ser ut til å ha sterk rygg. Erfaringa frå Sverige er at så fort den alvorlege kriminaliteten får fotfeste, er det for seint.

Tajik og Brenna tøffar seg med riktige tiltak, men ser ikkje ut til å ha det travelt.

Vedum ber preg av maktesløyse

Måndag var temaet igjen oppe i Politisk Kvarter på NRK. Gjennom helga melde politiet om fleire skytingar og alvorlege valdsepisodar i Oslo, meldingar som nesten er blitt kvardagslege i hovudstaden.

Eigaren av kebabrestauranten der det var skyting laurdag kveld, Ali Issam Kanaan, sa dette til NRK: «Eg veit ikkje korleis ein kan beskrive kjensla når du gjer jobben din, og så følast det plutseleg som om du kan forsvinne ut av verda, ut av det blå.»

Den kjensla kan fleire risikere å måtte kjenne, om ikkje politiet får kontroll.

Byrådsleiaren i Oslo, Eirik Lae Solberg, sa at situasjonen no er ved eit vippepunkt. Han ropa varsku om at hovudstaden umiddelbart treng fleire politifolk i gatene. I radiodebatten var òg finansminister Trygve Slagsvold Vedum, som forsvara regjeringas politikk med å sei at «det har vore meir pengar inn i politiet, men at kostnadene har vore krevjande».

Vedums forsvarstale bar preg av maktesløyse.

Ingen i dei kriminelle gjengane tar omsyn til at prisstigning eller straumkostnadar har gjort budsjetta strammare i Oslo politidistrikt. Det er eit enkelt reknestykke: Enten er det nok politifolk på jobb for å hamle opp med gjengkriminelle, eller så er det ikkje det. Det finst knapt noko i vårt samfunn som er viktigare å bruke pengar på, enn vår felles tryggleik.

Bruk dei pengane som trengst, Vedum, før det er for seint.

Folks tryggleik er for viktig til politisk kjekling

Vedum har rett i at situasjonen for politi og beredskap var skral allereie då han og statsminister Støre kom inn i regjeringskontora i 2021. Noko av det mest fatale med Solbergs tid som statsminister var den konstante ostehøvelkuttinga i offentleg sektor, som dei borgarlege kalla si «avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform». Den tappa politi, tollarar og andre viktige beredskapsetatar for verktøy til å stanse utviklinga i norske gjengar, for millionar og ressursar.

Eit talande eksempel: Kuttinga skjedde i ei tid då talet på internettkjøp auka i enormt omfang, medan norske tollarar fekk færre folk og dårlegare utstyr til å gjere jobben. Det er ikkje rart det fløymer over av våpen i gatene i dag.

No er det igjen tid for samling og handling, og vise evna til å fikse eit akutt problem som på ein akutt måte trugar innbyggarane. Stortinget må gje oss eit breitt forlik i kampen mot dei gjengkriminelle, så fort som råd

Støre-regjeringa har heller ikkje klart å kutte etterslepet i tida etterpå, mykje på grunn av dei auka prisane som også har prega resten av samfunnet.

Akkurat som politikarane ikkje såg seg tid til å kjekle om kven som hadde gjort feil då covid-pandemien trefte Norge vinteren 2020, er det no heller ikkje tid til å kjekle om kven som har gjort feil. Til det er folks tryggleik for viktig.

Stortinget bør lage breitt gjeng-forlik

I staden bør Høgre, Arbeidarpartiet og resten av partia på Stortinget samle seg umiddelbart med dei klokaste hovuda i kampen mot gjengkriminelle, og bli samde om eit forlik som sikrar at det er nok politifolk i gatene og at politi, tollarar og alle andre har dei verktøya dei treng til å gjere jobben sin.

Det hastar å få på plass umiddelbare tiltak, som fleire politifolk og lovheimlar til å ta knekken på gjengkriminelle. Samstundes må ikkje dei umiddelbare tiltaka skugge for ei lengre og viktigare satsing på førebygging.

I alle andre kriser Norge har opplevd dei siste åra har vi klart å handle når det trengst, som under covid-pandemien, oljeprisfallet og straumkrisa.

No er det igjen tid for samling og handling, og vise evna til å fikse eit akutt problem som på ein akutt måte trugar innbyggarane. Stortinget må gje oss eit breitt forlik i kampen mot dei gjengkriminelle, så fort som råd.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar