Kommentar

Det Støre burde sagt til Kjerkol

Den spesielle pressekonferansen der Jonas Gahr Støre gav Ingvild Kjerkol fyken som helseminister, viste kva djupe problem Arbeidarpartiet står i.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

«Ingvild Kjerkol, dette går ikkje lenger. Du har brote tilliten både til meg og veljarane.» Eller: «Ingvild Kjerkol er min statsråd. Hennar masteroppgåve var ikkje relevant for at eg gjorde henne til statsråd, og ho har min tillit også framover.»

Ein av desse to strategiane burde statsministeren ha vald, tidlegare og tydelegare. Han burde sett ned foten og stått på den, for å sitere ein av hans forgjengarar. I staden for fekk vi ei pressekonferanse for historiebøkene. For ope scene kunne vi sjå kor vanskeleg det er for Støre å halde styr på eiga regjering.

Støre burde verna partiet og regjeringa

Fredagens pressekonferanse med helseminister Ingvild Kjerkol og Jonas Gahr Støre ute i foajeen på Statsministerens kontor, var av det sjeldne slaget. Den kom etter ei veke full av skriveri om Kjerkol-saka. Før det har saka i månadsvis dratt partiet gjennom søla. Frå talarstolen fredag sa Støre at det ikkje ville gå an å halde fram som helseminister etter den drepande konklusjonen frå Nord universitet si klagenemnd. Universitetet som for kort tid sidan godkjende oppgåva og gav Kjerkol karakteren A, meinte no at oppgåva representerte forsettleg juks. Støre burde gitt Kjerkol fyken mykje tidlegare, for å verne eige parti og regjering.

Ingen av dei andre avgåtte statsrådane frå Støres regjering fekk privelegiet å ha sjefen med på siste opptreden, slik Kjerkol fekk

Det var tydeleg at Kjerkol og Støre ikkje hadde same syn på konklusjonen då dei stod framfor pressa. Dei var ikkje forsona med kvarandre. Det var nesten så vi i pressa kunne kjenne aggresjonen mellom dei. Støre takka Kjerkol, men ho takka ikkje han – for å sei det forsiktig. Vi såg teikn til det som må ha vore eit heftig oppgjer på kammerset tidlegare fredag morgon eller torsdag kveld. Kjerkol verka på ingen måte einig i konklusjonen til verken Nord universitet eller Støre. Ho har i månadsvis nekta for å jukse, trass i den skarpe konklusjonen frå universitetet.

Folk som set seg sjølv framfor partiet

I staden for ei innrømming byrja Kjerkol å gråte då ho snakka om at ho måtte gå av som helseminister. Ho gråt ikkje over dei sørgmodige meiningsmålingane partiet har hatt i snart to år. Dei meiningsmålingane det denne veka igjen viste teikn til løft for Støres parti. Økonomien er på rett veg. Arbeidarpartiet verkar til å vere på offensiven med fleire gode saker, som til dømes den nye langtidsplanen for Forsvaret.

Men kva snakka vi i pressa om? Denne veka var det Kjerkols namn som gjekk framfor partiet.

Det er vanskeleg å forstå korleis statsminister Støre gong på gong kan tillate at statsrådane hans får sette eigne politiske karrierar på spel. Det har skjedd fleire gonger i løpet av Støres regjeringstid. Kjerkol har gjort det godt som helseminister, men etter tekstlikskapane i masteroppgåva hennar vart kjend, har ho vore med på å svekkje regjeringa ved å insistere på å bli sittande.

Den famøse pressekonferansen med Støre og Kjerkol var ei unik hending i Støres regjeringstid. Ingen av dei andre avgåtte statsrådane frå Støres regjering fekk privilegiet å ha sjefen med på siste opptreden, slik Kjerkol fekk. Hadia Tajik, Odd Roger Enoksen, Anette Trettebergstuen, Ola Borten Moe, Anniken Huitfeldt og Sandra Borch måtte møte pressa åleine.

Kjerkol fekk spesialbehandling

I motsetnad til ved avgangen til dei andre statsrådane, var det verken anger eller skuldkjensle å spore i det Kjerkol sa. Ikkje eit ord om kva skade ho har gjort på tilliten til partiet, regjeringa eller politikken generelt. Ikkje eit ord om kva belastning saka hennar har skapt for statsministeren. I staden skrytte ho hemningslaust over den jobben ho hadde gjort som helseminister.

Kjerkol har vore stødig og handlekraftig, men tida og staden for denne skrytet var ikkje på denne pressekonferansen.

Dessutan stod Kjerkol og lista opp støttespelarar som meinte ho ikkje burde gå av. Det var eit spesielt skode, ettersom regjeringssjefen som stod ved sidan av henne nettopp hadde gjort det klart kvifor han hadde landa på å kaste henne.

Støres manglande vilje til å skjere gjennom, har gjort Arbeidarpartiet i regjering til eit parti av enkeltpersonar.

Underteikna stilte plenumsspørsmål til duoen om kvifor Kjerkol fekk spesialbehandling ved å få stille opp med sjefen. Det såg ut til at spørsmålet kom brått på for Støre. Han hadde ikkje noko godt svar. Det kunne sjå ut som at han måtte stå der for å passe på at Ingvild Kjerkol faktisk gjekk av som statsråd. Det ville ikkje tolt dagens lys å sei.

Eit parti av enkeltpersonar meir enn eit lag

Jonas Gahr Støre er regjeringssjef. Det inneber eit ansvar for å sette folk på plass når det trengst. Han kan ikkje la statsrådar med draumar om å halde fram i jobben, få gjere det dersom partiet og regjeringa tar skade av det.

Fredag sette han foten ned for Ingvild Kjerkol. Det tok for lang tid.

Støres manglande vilje til å skjere gjennom, har gjort Arbeidarpartiet i regjering til eit parti av enkeltpersonar. Det tydelege laget forsvinn i alle sakene om kvar enkelt statsråds politiske ambisjonar.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar