Kommentar

Skal menneska velsigne Gud?

Retninga for Guds nåde risikerer å bli snudd på hovudet når Bibel 2024 lar menneska velsigne Gud. Det er Gud som velsignar oss, ikkje omvendt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Språkleg sett er ordet «velsigning» ei samansett sak. I norsk språkbruk blir ordet brukt i ei lang rekke samanhengar, frå fromme bøner til milde kraftuttrykk. I religiøs samanheng er velsigninga knytt til Guds løfter for menneska. Når Gud «talar vel» om oss, som ordet velsigning eigentleg betyr, har vi ein løfterik bagasje med oss vidare på livsferda.

I Bibelen finn vi både hebraiske og greske uttrykk som uttrykkjer velsigning. Det hebraiske ordet «barukh» kan settast i samanheng med ordet for «kne» – «berekh» – som kan gi oss visse hint om mennesket i møte med velsigninga: Det er ikkje Gud som står på kne og velsignar oss, men vi som tek imot velsigninga i kneståande takksemd og tilbeding. For mange protestantar, bortsett frå ved altarringen, er kneståinga rett nok først og fremst i metaforisk forstand.

Nyansen er borte

Aldri har eg vel tenkt at det vi menneske driv på med når vi går ned på kne, er å velsigne Gud. Slik har det det heller ikkje stått å lese i tidlegare norske omsettingar av Bibelen. I staden har menneska lova og prisa Gud. «Lova vere Herren» er eit godt innarbeid uttrykk for den menneskelege takksemda for Guds nåde.

Men i den nye norske bibelomsettinga er situasjonen ein annan: Her er det menneska som velsignar. Ikkje slik presten, på Guds vegner, velsignar kyrkjelyden mot slutten av kvar gudsteneste. I Bibel 2024 er menneska travelt opptatt med å velsigne Gud.

Bibelselskapet har i den nye revisjonen gått bort frå å differensiere mellom «velsigne» og «lovprise», som er to valørar av det same hebraiske (barakh) og greske (evlogeå) ordet. I staden har bibelomsettarane vald å køyre konsekvent, så langt eg kan sjå, på bruken av ordet «velsigne». Det kanskje mest markante dømet på dette finn vi i det siste verset av Lukasevangliet, der læresveinane tidlegare var samla i tempelet etter Jesu oppstode for å «love og prise Gud». I Bibel 2024 er læresveinane der med eit heilt anna siktemål: «Sidan var dei stadig i tempelet og velsigna Gud.»

I Bibel 2024 er menneska travelt opptatt med å velsigne Gud.

Går bort frå den beste omsettinga

Omsettarane til Bibelselskapet har fagleg sett høve til å omsette som dei gjer i Bibel 2024. Samtidig meiner eg at den nye bibelrevisjonen på dette punktet har mista kontakten med intensjonen i bibeltekstane. Det vil ta veldig lang før kristne går til gudsteneste med ønske om å velsigne Gud. Poenget i den nemnde teksten er at læresveinane var glade og takksame. Derfor er «lova og prisa Gud» ei like korrekt omsetting av det greske ordet «evlogeå». Ja, det er ei mykje betre omsetting, som både er i pakt med grunntekstane og som gjer situasjonen klar og forståeleg for oss: Læresveinane lovpriste Gud fordi Jesus var stått opp frå dei døde. Dei takka Gud for at Jesus hadde vist seg for dei og velsigna dei.

Ikkje som no, at læresveinane velsigna Gud etter at Jesus først velsigna dei. Det skaper forvirring, ikkje fryd og glede.

Backar unna å velsigne Gud

Eg forstår derfor ikkje kvifor Bibelselskapet har ønskt seg den løysinga som no er vald. Ho bringar oss eigentleg ikkje nærmare grunntekstane, men risikerer i staden å skape utryggleik i gudstilbedinga for mange menneske.

Eg skal bruke meg sjølv som døme: Som menneske kjenner eg på takksemd overfor Guds nåde. Eg kan derfor delta i lovsongen når eg er i kyrkja, der vi takkar og prisar Gud. Eg kan derimot ikkje tenkje meg å bli ein av dei som set seg fore å velsigne Gud. Så hovmodig er eg ikkje, det verkar fariseisk. Då backar eg heller unna. Eg tenkjer som forfattaren av Hebrearbrevet, at den som velsignar står over den som blir velsigna (Heb 7,7) – det er «den mindre som blir velsigna av den større».

Det verkar som om ønsket om å revitalisere bibelspråket har skygga for å få fram det faktiske meiningsinnhaldet i teksten.

Dette aspektet forsvinn i den nye bibelrevisjonen. Hebrearbrevet snakkar om presten Melkisedeks velsigning av Abraham i 1. Mosebok. Men også i denne teksten nyttar Bibelselskapet seg av ei eintydig omsetting av det hebraiske ordet «barukh», slik at nyanseforskjellen mellom Guds velsigning og responsen på han, takksemda, blir borte.

Driv igjennom kjepphest

Eg har tidlegare uttrykt stor glede over Bibel 2024, og gleda blir ikkje borte med denne kritikken av ein liten, men viktig detalj. Eg fryktar likevel at omsettarane til Bibelselskapet i realiteten har gått på ei blemme i dette spørsmålet, samtidig som dei sjølve heilt sikkert er trygge på den faglege vurderinga. Eventuelt er det jo eg som går på blemma! Men det verkar som om ønsket om å revitalisere bibelspråket har skygga for å få fram det faktiske meiningsinnhaldet i teksten.

Der bibeltekstane sjølve repeterer det same ordet på hebraisk og gresk, blir ikkje meininga den same ved å repetere det same ordet på norsk. Kall det gjerne ein brannfakkel. Men slik omsetting er ikkje på lesaren si side. Eg får kjensla av at omsettarane her driv igjennom sine eigne kjepphestar.

Store implikasjonar

Ein kan godt argumentere for at menneska kan velsigne Gud, blant anna ved å vise til engelske og svenske bibelomsettingar, eller diverse formuleringar frå gamle norske salmar. Desse har verken sett seg i moderne norsk, liturgisk språk, eller i den gjengse oppfatninga av forholdet mellom mennesket og Gud. Også på engelsk bør ein elles skilje mellom «blessed» som velsigning og lovprising. «Blessed by thy name» kan framleis best omsettast «lova vere ditt namn», ikkje «velsigna vere ditt namn».

Så mykje fuzz, altså, for eit lite ord i Bibelen. Men det handlar ikkje berre om språk. Dei teologiske implikasjonane er store. Retninga for Guds nåde risikerer å bli snudd på hovudet når Bibel 2024 lar menneska velsigne Gud. Dersom det er menneska som har skapt Gud, er vi i posisjon til å velsigne han. Dersom det derimot er Gud som har skapt oss, kan vi ikkje anna enn å takke – for livet og Guds velsigningar.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar