Kommentar

Dersom fleire gjer som kyrkja, vil antisemittismen få motstand

Kyrkjas sjelegransking om sitt forhold til jødar og jødedom, viser veg i kampen mot antisemittismen. No må andre kome etter og sjå seg sjølv i spegelen.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er ikkje utbreidd antisemittisme blant norske kyrkjegjengarar som er grunnen til at tungt væpna politi må sørgje for tryggleiken til norske jødar om dagen.

Likevel er det Den norske kyrkja (DNK) som har tatt den mest grundige sjølvransakinga om sitt forhold til jødar og jødedom, då dei fredag lanserte rapporten Den norske kirke i møte med jødedom og jøder. En kritisk gjennomgang med vekt på historiske, teologiske og menneskerettslige perspektiver. Rapporten, på kring 300 sider, er resultatet av ei nesten tre år lang utgreiing. Bak står eit utval oppnemnt av Bispemøtet og Mellomkyrkjeleg råd for DNK. Sjølv berre etter å ha lese konklusjonane og oppsummeringane, er resultatet eit imponerande grundig og konkret dokument.

Grufull historie

Kyrkja har ikkje akkurat ei stolt historie knytt til jødar og jødedom. Som utvalet peikar på har DNKs haldningar til jødar og jødedom i stor grad vore fletta saman med samfunnets rådande haldningar – også dei antisemittiske haldningane. Antijødiske haldningar var innarbeidd i breie lag av kyrkja då jødeforfølging auka i omfang i Europa før 2. verdskrigen. Sidan 1980/90-talet har det vore ei aukande erkjenning av kyrkjas historiske feiltrinn frå kyrkjeleg hald, utan at det har blitt tatt eit tilstrekkeleg oppgjer med gamle, antisemittiske synder.

Den norske kyrkja ser ut til å ha satt standarden for resten av oss om vårt forhold til jødar og jødedom med sin grundige rapport. Det er berre å følge etter.

Utvalet, som var breitt samansett for å ha legitimitet i alle delar av kyrkja, var leia av domprost i Fredrikstad, Endre Fyllingsnes. Han har tydeleg gjort ein imponerande jobb med å flette ulike syn i komplekse spørsmål, heilt inn til siste setning var på plass. Resultatet er ei rad med tilrådingar som utvalet meiner at Bispemøtet og Mellomkyrkjeleg råd må følgje opp. Det gjeld alt frå at leiarar, tilsette, tillitsvalde og medlemer av DNK treng auka kunnskap om jødedom og jødisk liv, til at deportasjonsdagen 26. november blir innført som eigen dag i kyrkjeåret i alle landets kyrkjelydar.

Tilrådingane er så konkrete og omfattande, at det vil ta fleire år å få dei på plass.

Å granske seg sjølv har effekt

Den viktigaste jobben er allereie gjort. Berre det å sette ned eit utval for å sjå seg sjølv i spegelen, slik DNK har gjort, og vise resultatet fram i lyset slik dei no gjer – er med på å bevisstgjere i kampen mot antisemittisme og antijødiske haldningar.

Det er grunn til å spørje seg om andre institusjonar og rørsler i det norske samfunnet er i stand til å gjere det same. Det ville det vore interessant å sjå dei politiske partia, spesielt på venstresida, ta eit liknande oppgjer med grums i eigne rekker. Når får vi sjå til dømes SV og Raudt vurdere sin innsats mot antisemittisme? I begge parti finst det eksempel på utsegner som på ubevisst vis speler på antisemittiske tropar i sin israelskritikk. Det same er vanleg overalt i samfunnet. Kva med ordbruk om jødar og jødisk liv i norsk skule? Det er ingen grunn til at slike organisasjonar eller institusjonar skal ta problemet mindre på alvor enn kyrkja.

Den norske kyrkja ser ut til å ha sett standarden for resten av oss om vårt forhold til jødar og jødedom med sin grundige rapport. Det er berre å følgje etter.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar