KOMMENTAR

Vi har råd til mykje, men vi har folk til så mykje mindre

Det norske forsvaret treng folk. Det gjer også Helse-Norge, Skule-Norge, Distrikts-Norge og det grøne skiftet.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Tryggleik, helse og klima.

Det politiske fleirtalet er i grove trekk samd om kva som er dei største utfordringane vi står overfor. Krigen i Russland har kasta oss inn i ei heilt naudsyn opprusting. Me blir stadig eldre og spesielt i distrikta står helsevesenet i fare for å knele. Regjeringa og opposisjonen overbyr kvarandre med lovord om satsinga på grøn industri.

Det er eit djupt alvor over alle oppgåvene som ventar. Då hjelper det å ha oljefond å ause pengar frå, så lenge det varer.

Men om nordmenn er rike på milliardar, er me få som skal dele på oppgåvene. Og våre framtidige arbeidsoppgåver skil seg frå dei vi hadde før på eit viktig område – dei krev spesialistar. Det er stadig færre jobbar der ute som ikkje krev kvalifikasjonar. Auka arbeidsløyse kan dermed gå hand i hand med ei stadig meir akutt bemanningskrise.

Enkelthistoriene er mange

Regjeringa har varsla milliardopprusting av Forsvaret, men det vil ta tid. I sin tale til Oslo Militære Samfund sa forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) at personellsituasjonen kan bli enda verre enn før, trass offensive grep.

Regjeringa må lage ein truverdig plan for korleis vi skal setje dei rette hovuda i gang med dei viktigaste jobbane.

Det er breitt fleirtal på Stortinget for å auka løyvingane til Forsvaret, og for at vi dermed vil få råd til mindre av andre ting. Men det er ikkje berre milliardar som skal prioriterast. Det skal også prioriterast folk. Og det er ikkje berre forsvaret som skrik etter oppgåver. Skular ropar etter folk. Kyrkja manglar prestar. Det finst knapt ein yrkestittel der ein ikkje jamleg tilfører ordet «mangel».

Oppgåver vil miste sin verdi

Kva kan så gjerast? Høgare løner til samfunnskritiske jobbar er eit naudsynt tiltak. Men det vil berre flytte behovet frå ein sektor til ein annan. Sjølv om auka løn kan forhandlast fram på få dagar, tek det årevis å tilpasse utdanningssektoren til nye behov. I dag går søkjartala til lærar- og sjukepleiaryrket ned.

Me i Norge har vore gode på halde produktiviteten oppe, det vil seie skapte størst mogleg verdiar med færrast mogleg hender. Det er ein føresetnad for at eit høgkostland i det heile kan ha ein industri. Det krev utdanning og spesialisering. I dagens yrkesliv kjem vi også til å gå ut på dato oftare. Svært mange yrke har oppgåver som om dei neste åra kjem til å miste sin verdi grunna ny teknologi. For å ikkje sakke akterut må vi lære heile livet.

Ein grøn industri vil krevje arbeidskraft som ikkje vil vere tilgjengeleg for andre. Det kan gå ut over tenesteytande sektor som turisme, kom det fram under NHOs årskonferanse i januar, meldte E24. Det er ein debatt vi garantert vil sjå meir av.

Innvandrarane reiser heim

Kan vi kjøpe oss arbeidskraft frå utlandet? Arbeidsinnvandring har haldt byggjebransjen og fiskerinæringa flytande. Sjukehusa er tidvis heilt avhengige av å importere til dømes jordmødrer. Men våre naboland er i same situasjon som oss, og for arbeidsinnvandrarane frå Aust-Europa er ikkje Norge lenger like attraktivt.

Det er heller ikkje ei god løysing å gjere seg avhengig av importert arbeidskraft frå land utanfor Europa.

Desse landa treng også sårt å halde på eiga kvalifisert arbeidskraft. Dessutan er det ikkje politisk vilje til å opne for storstilt arbeidsinnvandring. Det er openbert ikkje ei løysing på vårt behov for eit sterkare forsvar.

Har ikkje tatt inn over oss kva dette betyr

Det finst teikn på at dette vert tatt på alvor. Helsepersonellkommisjonens rapport «En tid for handling» er ingen lesefest, men ein av dei viktigaste utgreiingane som kom i fjor. Ein vurdering var at «helse- og omsorgstenestenes andel av samfunnets totale arbeidsstyrke ikkje kan auke vesentleg». Det er ein type prioritering vi ser altfor sjeldan.

Så er det opp til oss pasientar og veljarar å ikkje krevje stadig nye helsetilbod vi streng tatt ikkje treng, og som vi ikkje har folk til.

Når talet på pasientar aukar, betyr det færre tilsette per pasient. Det treng ikkje handle om å leggje ned fødeavdelingar eller akuttkirurgi. Det er tenester som er naudsynte for å gjere det mogleg å nå eit anna politisk mål – at folk skal bu i heile landet. Det finst alternativ.

Du er kanskje lei av å lese av kunstig intelligens. Men teknologi kan hjelpe til med å stille korrekt diagnose og avklare behandlingsløp for pasientar som bur langt unna sjukehus. Føresetnaden for at det skal hjelpe er at arbeidskrafta ikkje vert nytt til å drifte teknologien, men til å sikre nødvendig helsehjelpa som maskinar ikkje kan ta over.

Så er det opp til oss pasientar og veljarar å ikkje krevje stadig nye helsetilbod vi streng tatt ikkje treng, og som vi ikkje har folk til.

Har me folk til dette?

Eg vaks opp på eit familiegardsbruk med mjølkeproduksjon. Likt med andre gardsbruk var drifta heilt avhengig av ein balanse mellom arbeidsoppgåver og hender til å utføre det. Tre generasjonar i familie løyste dei daglege oppgåvene, anten det var avløysing, reingjering eller slåttehjelp. Somme gonger trådde naboar til for å løyse større oppgåver på dugnad.

Har me folk til dette? var omkvedet. Dersom svaret var nei, var det ikkje forsvarleg å gå i gang. Somme oppgåver vart prioritert. Vart dyra sjuke, måtte ein ha veterinær. Det kosta sjølvsagt, og kunne gå utover andre ting.

Alle bønder veit godt kva mangel på arbeidskraft betyr.

Zoomer ein ut på samfunnsplan ser me ein smertefull prioriteringsdebatt vi så langt har sett for lite av.

Langtidsplanen til forsvaret kjem etter påske. Den skal skissere ei løysing ut av uføret som personellmangelen utgjer i dag. Til våren er det også venta at regjeringa legg fram ei ny perspektivmelding, som skal ta over seg utviklingstrekk me vil stå overfor på sikt. Der nyttar det ikkje berre å prioritere milliardar. Der må regjeringa lage ein truverdig plan for korleis vi skal setje dei rette hovuda i gang med dei viktigaste jobbane.

Arbeid til alle er framleis eit viktig mål, men det er ikkje offensivt nok. Vi har råd til mykje. Men vi har folk til så mykje mindre.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland har vært nyhetsredaktør i Vårt Land siden august 2022. Han har ansvar for nyhet- og publiseringsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar