Kommentar

Verdas viktigaste bok har fått ny drakt

Det er grunn til å feire når Bibelen no kjem ut i revidert norsk utgåve. Deretter kan vi starte kranglinga og diskusjonane på nytt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Endeleg er Bibel 2024 her! På torsdag kjem den nye norske bibelomsettinga, som er ein revisjon av den mest brukte bibelomsettinga i Noreg, Bibel 2011. Ute i bokhandlane ligg fleire tusen biblar klare til å bli plukka opp av nye og gamle bibellesarar. Det er alt frå prektige eksemplar i kalveskinn til arbeidshestar med tekstilinnbinding, bryllaups- og konfirmasjonsutgåver og ein eigen Folkebibel med ekstra lesevenleg design og kunstutsmykking.

For ein bibelentusiast som meg er det bursdag og julaftan på éin gong, for å bruke eit velbrukt bilete. Bibelen er verdas mest lesne bok, både verdslitteratur og heilag skrift, både ein sentral kulturell referanse og det viktigaste trusgrunnlaget for over to milliardar kristne. Det er all mogleg grunn til å gle seg over at vi kan lese Bibelen på moderne norsk, både bokmål og nynorsk.

Gud kjem oss i møte

Det er svimlande dimensjonar i bibeltekstane. Samtidig kjem dei nært innpå oss. Dei snakkar både om det vi menneske aldri heilt får taket på, og om det vi kanskje ikkje kan forstå fullt ut, men som vi likevel kan omfamne og slutte oss til.

Det fremste biletet på dette er forteljinga vi les kvar jul, om Guds son, Jesus, som lét seg føde som eit lite barn. Om du tenker over det, er det ekstremt oppsiktsvekkande. Bibelen fortel om ein Gud som kjem oss i møte med gurglelydar og ei open, utstrekt barnehand.

Guds ønske om at vi skal gripe handa han rettar ut til oss er ualminneleg sterkt. Jesus døydde endåtil på krossen for vår skuld, og stod opp igjen – ei forteljing som har sett djupe avtrykk i samfunnet i snart to tusen år.

Det viktigaste Bibelen gir oss er nettopp dette, ei forteljing om ein Gud som ønsker å spele ei rolle i vårt eige liv. Denne forteljinga handlar om Gud, men i like stor grad om oss sjølve og våre eksistensielle livsvilkår.

Derfor blir det heller aldri kjedeleg å lese bibeltekstane. Bibelen er meir fargerik enn det dyraste fyrverkeri, borer djupare enn den djupaste brønn og har lært meg meir om livet enn noko anna bok eg kjenner til. Å lese Bibelen er både andakt og fest! Derfor kan vi også lese denne boka på nytt og på nytt, i stadig nye omsettingar og revideringar.

Å lese Bibelen er både andakt og fest!

—  Alf Kjetil Walgermo

Diskusjonar gjer ordet levande

Bak teksten som no får namnet Bibel 2024 ligg eit omfattande omsettings-, gjendiktings- og revisjonsarbeid. Etter det store grunnarbeidet med Bibel 2011, der kjeldetekstane på hebraisk, arameisk og gresk fekk ny språkdrakt, har Bibelselskapet jobba vidare med å revidere tekstane. Det har ikkje vore ein prosess utan bråk – når endringsforslaga først blei kjente for offentlegheita. Vårt Land har i ei rekke saker skrive om ulike omsettingsforslag og striden rundt desse. Nokre av dei mest kjente har dreidd seg om kristne som Guds slavar eller tenarar, om fortapinga skal ut av verset som blir omtalt som den vesle Bibelen og om omtalen av jødane i Johannesevangeliet.

Bibelselskapet kunne godt ha initiert den offentlege debatten rundt desse forslaga på eit tidlegare tidspunkt. Engasjementet i debatten viste då også at bibelspråket framleis er svært viktig for mange av oss.

Blir det krangel også om den ferdige Bibel 2024-teksten? Heilt sikkert! Og slik må og bør det vere. Ei omsetting som ikkje blir diskutert i etterkant, er ei omsetting som mest truleg har mislukkast i å vere relevant. Diskusjonane kring Bibelen er med på å halde boka oppe som «levande ord», som Bibelen sjølv fortel oss at Guds ord er. Krangel og diskusjon er med andre ord bra. Det motsette – tystnad eller altomfattande semje – ville ha vore graverande teikn på likesæle.

Den kontinuerlege språkrøkta er av avgjerande betyding for å ta vare på Bibelen og bringe bodskapen vidare til nye generasjonar. Derfor skal vi gle oss over den nye bibelutgåva, kaste oss over henne med fornya bibelinteresse – og diskutere vidare med bankande hjarte og kraftfulle argument.

Ein berekraftig bibel

Blant dei mange nye bibelutgåvene som kjem ut denne veka, finst det éin versjon som vekker særleg interesse. For første gong kjem Bibelen på Bibelselskapet også ut i katolsk kanon, det vil seie med dei deuterokanoniske bøkene – som Tobit, Judit og Makkabearbøkene – plasserte i den rekkefølgja i Det gamle testamentet som er vanleg i den katolske kyrkja. Martin Luther såg ikkje på desse bøkene som ein del av Bibelen, men meinte likevel at dei var nyttige og gode å lese. Den katolske utgåva er eit nytt skyv til å gjere seg kjend med desse tekstane, også for protestantar.

Elles er Bibelen, sjølv med alle dei små justeringane, hovudsakleg som før. Verdt å merke seg er likevel eitt viktig tilsnitt: Dei nye bibelutgåvene er laga av berekraftig, resirkulert materiale og har såkalla FSC-sertifisering. Kort fortald tyder det at Bibelen er meir miljøvenleg enn han nokon gong har vore. Ei slik tilpassing til tidsånda er definitivt av det gode. Det er papiret vi snakkar om her, ikkje tilpassingar i bibelteksten. Så får diskusjonen heller stå om dei ulike justeringane som er nedfelte på det miljøvenlege papiret.

FLEIRE UTGÅVER: Den nye bibelen kjem med ei rekke ulike design, fargar og innbindingar.

Rommar alle typar lesarar

Heilt sidan eg begynte å lese den største forteljinga som sjuåring, har Bibelen prega meg på ulike vis. Eg har lese Bibelen som eit nysgjerrig barn, som ein from ungdom, som ein tvilande student og som ein vaksen mann i sorg. Eg har lese Bibelen med kritisk blikk og med forfattarblikk, men også med jubel, lengt etter meining og håp om nåde og frelse.

Bibelen rommar alle desse lesemåtane og langt fleire enn dei. Slik Bibelen også rommar alle typar lesarar, frå truande til tvilande, avvisande og søkande.

Det er ei heilt spesiell bok som no kjem ut i ny drakt. Bibelen kan med rette kallast verdas viktigaste bok.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar