Kommentar

Dei hadde ikkje lenger bruk for Per-Willy Amundsen

At Per-Willy Amundsen hadde sterke meiningar om kvinner, innvandrar og korstog, overraska ikkje mange. Det burde heller ikkje overraske Erna Solberg eller Sylvi Listhaug.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Alt har si tid, det er ei tid for alt som hender under himmelen, står det i Forkynnaren. At det er ei tid for å hauste gevinst på populistiske frittalande Frp-arar og ei tid for å sette dei på plass, står det ikkje. Men det kunne stått, om Erna Solberg og Sylvi Listhaugs politiske strategiar var kjelda.

Før helga drakk visstnok Per-Willy Amundsen frå Frp litt for mykje whisky. Det var bakgrunnen, ifølgje han sjølv, for at han posta fleire rabiate innlegg og kommentarar på Facebook. I det eine skreiv han «Med Norge og Israel mot arabere som dreper mennesker, slik dere har for vane å gjøre». I eit anna skreiv han om «radikale kvinnemennesker» som har «lyktes i å holde menn tilbake». Han skreiv også at mange kvinner ikkje veit «opp ned på en penis», kva no enn det skal bety. Det var eit innlegg i høve kvinnedagen 8. mars.

Uakseptabel i regjering

Då Amundsen fekk jobben som leiar for Justiskomiteen på Stortinget i 2021, skal Listhaug ha sagt at det var «siste sjanse» for partikollegaen. No måtte han halde seg på matta. Mange partifolk hadde fått nok av hans ufiltrerte retorikk.

Søndag vart han nøydd til å trekke seg.

Partiliear Listhaug kalla Amundsens skriveri for «totalt uakseptabelt». Erna Solberg nøya seg med termen «uakseptable uttalelser». Meir oppsiktsvekkjande var det at ho sa «det er ikke holdninger man kan ha i regjering».

Etterpå sit vi att med eit stort spørsmål ingen har svart tydeleg på: Kvifor vart reaksjonane så sterke no? Amundsen har jo vore ute på Facebook ei vinternatt før.

I 2007 skreiv han at ikkje-vestleg innvandring kan føre til at Norge opphøyrer å vere eit demokrati.

I 2011 sa han at «jeg frykter at et nytt korstog blir nødvendig».

I 2016 var han Frps klimapolitiske talsmann. Då meinte han at «sola har skuld i klimaendringane».

Frp har vind i segla om dagen. Listhaug frir no til heilt andre og fleire veljargrupper enn tidlegare. Per-Willy Amundsen var tidlegare nyttig mot heilt andre veljargrupper. No stod han i vegen for Listhaugs prosjekt.

På tampen av det året vart han utnemnt til justisminister i Erna Solbergs regjering.

I 2020 definerte han dei som meinte Norge var gjennomsyra av systematisk rasisme som bodbringarar av «venstreekstremistisk tankegods».

I valkampen i 2021 sa han at «vestlig kultur er overlegen» og at «ikkje alle kulturer har lik verdi».

Listhaug visste opp ned på Amundsen

Rett etter valet for snart to år sidan vart han likevel – etter ei tett votering i Frps stortingsgruppe – utnemnt til leiar av Stortingets justiskomité.

Sylvi Listhaug var ei av dei som støtta Amundsen den gongen – og åtvara han om å endre tone. Ho visste openbert opp ned på kven han var.

Det som derimot har endra seg, er Sylvi Listhaug og Framstegspartiets politiske profil. Åra partiet var ein del av Solbergs regjering var Listhaug ein av faneberarane for å snakke direkte til Frps kjerneveljarar med retorikk rett frå levra. Partiet måtte ikkje bli for bleike, vasse og utydelege. Saman med Amundsen gjorde ho jobben med å minne veljarane om kva partiet eigentleg stod for i til dømes innvandringspolitikken.

I 2024 var det brått annleis.

Frp har vind i segla om dagen. Listhaug frir no til heilt andre og fleire veljargrupper enn tidlegare. Til dømes har ho ville markere seg på hlesepolitikk og breidde ut partiet med færre kontroversielle one-linarar og meir politikk for folk flest.

Derfor stod Per-Willy Amundsen no i vegen for Listhaugs prosjekt.




Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar