Kommentar

Venstresida bør bruke Kari-metoden på unge menn

Sterke fellesskap stiller tøffe krav. Dersom ikkje venstresida forstår det, kjem den til å tape val i fleire tiår framover. Kari Nessa Nordtun (Ap) har kanskje forstått det.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Vi trudde likestillinga ville minske forskjellane mellom kvinner og menn. I horisonten kunne vi sjå slutten på historia, der dei to kjønna levde side om side i eit slags likestillingsparadis. Lik løn for like oppgåver og omtrent like kvardagslege utfordringar.

FpU-leiar Simen Velles sex-utspel sette fyr på debatten om unge menns utfordringar.

Kjønnskampen der nokon må tape

Lenge før Velles utspel har vi under radaren sett det motsette av likestillingsparadiset utvikle seg: Unge menn er langt meir kritiske til feminismen som idé enn fedrane sine. Der unge menn og kvinner er mest usamde, er i spørsmålet om kva kjønn som har det verst i dagens samfunn. Det å sette grupper opp mot kvarandre er framleis ein motorveg til makt og popularitet. Få har til dømes gjort det meir effektivt mellom unge kvinner og menn enn internettfascisten Andrew Tate. Særleg høgresida ser ut til å omfamne tanken om likestilling som ein kamp mellom kjønna. Om den eine skal vinne, må den andre tape.

Det som sakte kjem til syne er ei djup og global verdikløft mellom kjønna.

Det er deprimerande lesing.

Sju prosent til Ap

Forklaringane ligg i alt frå skulegang til oppdraging til samfunnets krav og ideal. Vel så interessant som årsakene er konsekvensane.

Det er vanskeleg å peike på positive konsekvensar ved at menn og kvinner skil seg ideologisk på denne måten. Størst problem ser det ut til å vere for den politiske venstresida. Tala viser nemleg at unge menn i mykje større grad enn før tenderer til å sympatisere med høgresida.

Å gjere fellesskap til ei motsetning til ord som disiplin og ansvar er det same som å skyfle veljarar inn i hendene på høgresidas «TikTok-prinsar».

Arbeidarpartiet ville berre hatt sju prosent oppslutning i førre val, om unge menn fekk bestemme.

I den allereie mykje omtala sendinga til Debatten på NRK 27. februar, fekk vi glimt av ein ideologisk debatt på djupt plan mellom alt snakket om Tinder, giftig maskulinitet sex og sjekkekultur. Sjølv om debatten i studio stort sett gjekk mellom høgresidas individualisme og venstresidas vektlegging av fellesskap, viste den òg fram at venstresidas samla syn på fellesskapet er sterkt truga – frå innsida.

Hard linje har appell

Fredrik Solvang skreiv på Facebook etterpå at sendinga var ei av dei dårlegaste han kunne hugse. Det var i alle fall ein av dei mest interessante ideologiske diskusjonane på lenge.

AUF-nestleiar Gaute Skjervø prøvde å kritisere høgresidas røffe individualisme som vil la kvar unge mann segle sin eigen sjø. Dessutan påpeika han korrekt korleis spesielt FpU-Velle teiknar bilete av likestilling og feminisme som kamp mellom kjønna, og korleis førestillinga om kjønnskrigen skadar begge partar.

Skjervø og AUFs problem er tilsynelatande at Velles bodskap treff unge menn betre. Saman med Unge Høgre-leiar Ola Svenneby har han bede unge menn pelle seg på skulen om morgonen, eller sei ifrå seg skuleplassen. Det er ei hard linje, men den har appell.

I debatten sa Skjervø at å sei slikt til unge menn blir «ansvarleggjering av kvar enkelt», som om det skulle vere noko negativt. Han sa òg at det ikkje hjelper «å sei at kvar enkelt må skjerpe seg. Fellesskapet må stille opp». Han snakka også negativt om meir disiplin og ei tøffare linje med meir ansvar på den enkelte. Fellesskapet skal på magisk vis komme inn og ordne opp.

Kva er eit fellesskap?

Men kva er fellesskapet, om det ikkje er summen av kvar enkelt saman med resten? Her kjem vi heilt ned til menneskesyn. Kva vil det seie å vere menneske? Pastor Erik Andreassen har som eit apropos til debatten skrive ein gripande tekst om korleis unge menn må innsjå at dei er einsame, og at det er først då dei kan bli fri.

På same måte må Skjervø, AUF og venstresida løyse sitt grunnleggjande problem med å forstå kva eit fellesskap er. Termen fellesskap blitt brukt som slagord så lenge at ordet er i ferd med å miste innhald, substans og betydning. Heller ikkje venstresida er lenger samstemte om kva ordet betyr.

Likevel er det visse ting ordet må bety, om det framleis skal ha meining. Til dømes: Det finst ingen fellesskap dersom ingen står opp om morgonen. Eit fellesskap er avhengige av at alle bidrar. Eit lag er ikkje betre enn sin svakaste spelar.

Å gjere fellesskap til ei motsetning til ord som disiplin og ansvar er det same som å skyfle veljarar inn i hendene på høgresidas «TikTok-prinsar».

Det er fordi Kari Nessa Nordtun-metoden er den mest effektive å stoppe lekkasjen til høgresida. Jonas Gahr Støre burde ta patent på den, før Mímir Kristjánsson eller nokon andre gjer det.

Tala lyg ikkje. Unge menn vil bli stilt krav til. Dei vil ha ein politikk som er tøffare. Bodskapen frå ungdomspartileiarane på høgresida appellerer meir til dei, enn venstresidas mjukare retorikk.

Alle som har vore i nærleiken av små barn kjenner att desse dynamikkane. Born blir gjerne grinete av å bli stilt krav til, eller at nokon set grenser for dei. «Eg vil ikkje ha fisk til middag, eg vil ha godteri». Alle foreldre har på eit eller anna tidspunkt gitt etter, men alle er også samde om at det ikkje er god omsorg.

Det er omsorg i å sette grenser. Det er kjærleik i å stille krav.

Kari Nessa Nordtun har forstått det

Mange av dagens unge menn har kanskje eit sakn etter grenser i sine liv. Kanskje fekk dei for lite av det heime.

Ei som har forstått det, ser ut til å vere kunnskapsminister og regjeringas superkvinne Kari Nessa Nordtun (Ap). Ho har det med å komme med utspel som vi andre berre må nikke anerkjennande til. Sånn er det jo, tenkjer vi, når ho opnar munnen.

Mobilen må ut av skulen, sjølvsagt. Lærarar må ha makt i klasserommet til å ta tak i elevar som utagerer eller skapar uro.

Det er ikkje utan grunn at Nordtun blir populær. Det er mange som saknar politikarar frå venstresida som seier ting som dei er. Det er nok derfor ein generasjon av unge menn lar seg sjarmere av veltalande ungdomspolitikarar med stilige frisyrar på TikTok.

Det er fordi Kari Nessa Nordtun-metoden er den mest effektive å stoppe lekkasjen til høgresida. Dersom Jonas Gahr Støre vil vinne val igjen, burde han ta patent på den. Ellers kjem nok Mímir Kristjánsson til å gjere det.


Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kommentar